Draum i oppfylling?

Kva gjer du når målet for reisa di ikkje er slik du trudde? I fjerde bindet av «Mørkalven» har våre venner funne utopien. Tilsynelatende.

Jokernasjonen har lenge vore målet for reisa til mørkalven Caim. I «Drømmen», bind  4 i Helen Kaldheims «Mørkalven»-serie, kjem Caim til det «forjetta land». Ein stad der han og venene kan leve saman i fred, utan å bli forfulgt. Mariie bur i landet og gler seg til å vise det fram til dei andre.

På vegen møter dei nye og gamle vener. Kasp, som er Caims eldste ven frå Kløvernasjonen dukkar opp. Han er ein favoritt blant mange fans. Mariie møter igjen Maud og Ashley, to gode vener. Det blir eit gledeleg gjensyn ved første augekast, men varer gjensynsgleda?

Mariie tek med Caim til det store talkshowet «Lind show» og etterpå blir det arrangert bursdagsselskap for Caim, sidan han fylte 18 år på reisa. I løpet av festen får ein av karakterane ‘lilla godteri’ i drinken sin, ein type dop som verkar ufarleg, men som er sterkt vanedannande og gjer mange til rusmisbrukarar.

Miljøet og samfunnet i Jokernasjonen viser seg å vere svært overflatisk. Mariies tidligare kjærast fann seg raskt ein ny partner, men er veldig klar for å prate med henne så snart ho returnerer. Romantiske (og andre type) forhold er basert på kva ein kan få ut av å være saman med den andre. Ein utnyttar vener og kjente, og alt er lov i jakta på berømmelse.

Jokernasjonen verkar å vere inspirert av Hollywood. Å bli kjendis er det store høgdepunktet i karriera, og då er ein er på topp i livet.

Kaldheim fortsett den samfunnskritiske tråden, som ho har hatt gjennom heile serien, i dette bindet. Skaparen nyttar seg mykje av metoden “vis, ikkje fortell” og let lesaren trekke eigne konklusjonar. Ein må følgje litt med, men som nemnt i anmeldinga av “Kontroll”, ligg mykje rett under overflata, berre ein leitar.

Temaet dop og dopingmidlar er, så vidt eg veit, lite omhandla i teikneseriar og skjønnlitteratur for ungdom. Det er godt å sjå ein forfattar og teikneserieskapar som tek målgruppa på alvor og snakkar om dette.

For kvart land og kvart bind, endrar Kaldheim på fargepaletten. Det gir kvart land ein sterk visuell identitet og er ein enkel måte å skilje dei frå kvarandre på. I bind 4 er fargebruken mørkare og går mykje i raudt, lilla og rosa. Jokernasjonen ligg under jorda og ein skulle kanskje tru at det ville gjere også den mørk og dunkel, men omgjevnadane er fargeglade og litt science fiction-inspirerte.

Eit futuristisk Japan verkar å vere ein stor inspirasjon, med talkshow, høghus og storbykjensle. Og vidare med monorail, neonskilt, reklamer og tv-skjermar som blinkar og lyser opp det underjordiske samfunnet.

Gjennom serien har Kaldheim strødd om seg med hint om ein større konflikt i verda, med gudar, magiske og ukjente krefter som til dømes Caim og Kasp har.

Her er det midlertid er inga store avsløringar, meir ei oppsamling av informasjonsbitar som blir avslørt, som kvifor ikkje alle ser Seftis og om den mystiske boka Bliss har.

Kaldheim brukar joker-kortet frå kortstokken til å stå over ein runde, «Drømmen» blir eit slags kvileskjær i historia. Runden som spelast er fortsatt førre runde, for Joker har ingen «kortfamilie», så turen går frå Hjerter til Spar. Så kjem det store spørsmålet, kor går turen så? For etter det er det ingen fleire «teikn» igjen i ein vanleg kortstokk.


Mørkalven 4 – Drømmen
Av Helen Kaldheim
156 sider
279 kr.
TNT/Bonnier

Les om heile Mørkalven-serien her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *