«Når mørket senker seg – Lisou» fortel om jødeforfølgingane med skjønnheit, stemning og dødsens alvor.
Det kunne vere nærliggande å samanlikne denne serien med «Motstandsbarna». Begge er albumseriar lagt til Frankrike under krigen, og tek utgangspunkt i historiske kjelder. Begge har ei viss pedagogisk tilnærming. Begge er teikna i mindre karikerte variantar av Marcinelle-stilen. Og ikkje minst, QlturRebus gir ut begge seriar på omtrent same tid (bind 9 av Motstandsbarna, Lykkens dager» kom ut få veker før denne).
Ein viktige skilnad er sjølvsagt at dette er ei overvegande sann historie, om jødeforfølgingar, ei historie av den typen som dei fleste av oss har høyrt sørgjeleg ofte før. Men med nok variasjonar over tema til å gjere den ny og frisk, særleg i denne innpakkinga.
Boka er basert på samtalar som forfattar Marion Achard hadde med grandtanta si, Liosu, i 2022. Då var ho 89 år, men klar nok i hovudet til å gi ei truverdig attforteljing av flukta som familien hennar måtte gjennomføre under krigen. Då var ho ti år. Familien Veil var sekulære jødar, og hadde reist til Grenoble i starten av krigen. Der var det relativt trygt heilt til den italienske okkupasjonsstyrken trakk seg ut. Tyskarane gjekk inn og intensiverte forfølginga, og derifrå følger flukta vi frå september 1943. Familien befinner seg søraust i Frankrike, og målet er Sveits.
Sjølvsagt er det fleire detaljar som skil «Når mørket senker seg» frå QlturRebus’ andre krigsteikneserie. Boka er ikkje bunde av det vanlege albumformatet og kan derfor bruke meir tid å plass på å fortelje historia. Handlinga tek til omtrent på same tid som dei store vendingane i andre verdskrigen, og eit poeng som boka får fram veldig godt utan seie det rett ut, er at ventetida ofte kjennast som lengst når ein begynner å få eit håp.
Ikkje for det, historia er svært handlingsmetta. Forfattaren nemner i etterordet at berre ein liten del av kjeldene (familiedokumenta) fekk plass i boka, og «Lisou» er då også temmeleg episodisk, men ein sit igjen med inntrykk av at serieskaparar hadde dei rette prioriteringane. Mykje tid og plass er sett av til kjensleladde nøkkelscenar, og særleg illustratør Toni Galmés verkar som han har fått godt med høve til å breie dei ut når det trengst.
Og tilrettelegginga av materialet er ikkje meir overflatisk enn at ein rekker å få eit forhold sjølv til midlertidige bifigurar. Såpass mykje at det kjennest litt vemodig når appendikset fortel oss at i ettertid har dei ikkje har greidd å finne spor etter Tissot, en familie i Sassenage som ga Lisou ly i fleire veker. Veker som den eldre Lisou ser ut til å hugse med glede og innleving.
Tilbake til dei visuelle forskjellane frå «Motstandsbarna» så er streken er rundare, og meir stilisert og impresjonistisk utført. Inntrykket blir understrekt av duse, behagelege fargar. Framfor alt er «Lisou» ei vinterleg bok, og det snødekte landskapet dei flyktar gjennom, både i by og land gir situasjonen ein andektig kjensle. Vinterstemninga er også reflektert i den gamle Lisous omgjevnader. Kombinert har den ytre presentasjonen ein roande effekt på den dramatiske forteljinga.
Såleis er den veleigna til å gi barn eit mindre skremmande, men likevel alvorleg og ærleg nok inntrykk av jødeforfølgingane under krigen. Vi følger heile handlinga frå Lisous ståstad, så den er naturleg «filtrert» og tilpassa barn. Dei vaksne prøver å skjerme henne, men det er grenser for kor mykje av redslene ved forfølgingane dei kunne skjule frå ein som sto midt i det.
Som nemnt innleiingsvis, også teikneserien har pedagogisk verdi – Utan at det noko gong står i vegen for dens emosjonelle tyngde og stengt personlege preg. For å gi ei lite antyding om seriens aldersnivå kan det t.d. nemnast at den har ei fotnote som forklarer kva Krystallnatta var. Det er blitt noko av ein klisjé, å seie dette men «Når mørket senker seg» burde bli kjøpt inn til skulebiblioteka. Med si enkle og direkte, men faktuelle tilnærming, er den eit veleigna utgangspunkt for skuleoppgåver.
«Når mørket senker seg» består av to bind. Kva andre bindet handlar om kan eg ikkje gi hint om i det heile teke utan å røpe for mykje. Uansett kjem den ikkje (på norsk) før til neste år, så det er betre å lese denne sjølvstendig utan å ettersøke oppfølgjaren.
Men når du har lest slutten av «Liosu» skjøner du kvifor den må komme.
Når mørket senker seg – Lisou
Skrive av Marion Achard, teikna og fargelagt av Toni Galmés
Etterord av forfattaren og Dominique Vidau
Omsett av Britt Schjøth-Iversen
132 sider
369 kr.
QlturRebus1
- Forlaget skifta namn til Qbus kort tid etter denne boka blei lansert https://qbusforlag.no/nyheter ↩︎













