Inspirasjonen frå Lifjell

Naerme front e1778843530688

«Nærme» er nok mest verdifull som ein studie av kunstnarmiljøet i Telemark, men nokre av bidraga er også interessante i seg sjølv.

Tor Arne Hegna er Midt-Telemarks primus motor for teikneserierelaterte aktivitetar Han driv ein av få attverande aktive teikneserieklubbar i Norge – ARS Tegneserieforum i Notodden – og har fått gitt ut to antologiar på seks månader. Den førre var «Jul på Råkkerhaugen». Nesten like imponerande, det er inga overlapping mellom bidraga på dei to antologiane (viss du ikkje tel med Hegna sjølv, og bidraga hans er avgrensa til nokre få redaksjonelle tekstar).

Den nye antologien «Nærme – Sju fortellinger om natur, hjem og livet på bygda» består av sju bidrag, pluss utøvarane sine eigne presentasjonar og eit kort etterord av Hegna.  Antologien blei lansert på Teikneseriens Dag den 2. mai, som ein del av programmet til litteraturfestivalen Bøker i BøLifjell Kunstsenter. Senteret var også utgangspunktet for arbeidet med desse stykka.  

Naerme 01
Drage-Minna

Som ein skjønar av undertittelen har bidragsytarane til «Nærme» fått eit ganske stort slingringsmonn. Økologi er likevel blitt eit gjennomgåande tema

Mange av bidragsytarane er utøvande kunstnarar, fortel Hegna i etterordet. For nokre av dei er det første gongen dei lagar ein teikneserie, og ikkje alle har like god teknisk forståing. På en andre sida er bidraga varierte, veldig individuelle.   

«Nærme» er nok mest verdifull som ein studie av kunstnarmiljøet i Telemark, men nokre av bidraga er også interessante i seg sjølv:

Det vesle eventyret «En liten fortelling om et lite tre» (sjå forsidebilete) av Maja Freihow Langeland  har den beste komposisjonen og utsjånaden i samlinga, med ljuvleg duse strekar og fargar. «Drage-Minna» av Ursula Van Dahl er i kontrast til den pure «Tre», uryddig og overlessa, men full av artige detaljar og små tekstar som er verdt å studere oppatt.  

Naerme 02
Hvordan snakke med en elv

Opningsbidraget «Hvordan snakke med en elv» av Bergitte Lowzow har også unekteleg sin sjarm. Serien er teikna i ein minimalistisk og naivistisk Iben Sandemose-strek med kunstnaren sjølv som gjennomgangsfigur. Tekstleg ser eg at ho vil ein stad med sine filosofiske refleksjonar, og ho får fram nokre poeng, men snublar mot slutten. Kanskje ho skulle unngått å forvirre med å trekke inn naturfilosofien Li An Phoa og hennar tankar om «drikkbare elver»1 inn i refleksjonane? I alle fall verkar den halvrealistiske karikaturen av Phoa malplassert i den elles reine streken.  

«Historie om hjem/boligmarked hjemmarked” av Oda Balke Fjellang er ikkje teikna, men illustrert med foto. ”Men tegneserie likevel» tillèt Fjelland seg å påstå, og på bakgrunn av ei drøfting eg gjorde i Serienett for mange år sidan er eg tilbøyeleg til å gi henne teknisk rett. Denne produksjonen er likevel mindre ein fotografisk teikneserie og meir ei blanding av kåseri og poesi illustrert med ei handfull kunstfoto. Som eit kunstarisk stykke, isolert frå definisjonar, får det jobben gjort, då Fjellang formidlar godt vidd både i sjølve teksten og i kombinasjon av tekst og foto

Naerme 03
Historie om hjem/boligmarked hjemmarked

«Blodtrykksfall» av Rebecca Fosen Bjørnstad er ein veldig enkel historie om kvardagsstress, i tilsvarande enkel strek og fargar utan mykje uttrykk. Sjøv fonten, som er velintegrert i dei fleste bidraga (eller, som i «Drage-Minna» til og med har mykje personlegdom), er for steril her.  

«Farah» av Claire Gageot er ei beretning om korleis eit samfunn kan utvikle seg i dystopisk-fascistisk retning. Tidsriktig, men går i opptrakka spor. Best fungerer stykket når det kjem inn på dei økologiske aspekta, også fordi stilen Gageot eignar seg betre til naturmotiv.

Som eit tillegg bakst i heftet har Marthe Haugerund laga tosideren «Ole Snusken i Utexi», ei lita forteljing om noko eg vil kalle for ei potet. I presentasjonen fortel Haugerund at serien alluderer til «Draumkvedet», noko som gjer den meir begripeleg. I alle fall gjer den figuren noko litt meir enn berre «søt».    


Naerme cover

Nærme – Sju fortellinger om natur, hjem og livet på bygda
Av diverse. Redaktør Tor Arne Hegna
48 sider
229 kr.
Telemark Tegneserieverksted/ Lifjell Kunstsenter
Opplag 300



  1. https://drinkablerivers.org/our-story/ ↩︎

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *