Ein må kanskje rope litt høgare for å få merksemd i dagens litteraturklima, men Ørn svever majestetisk utan gimmicken som omkransar boka.
«Den gamle verden er døende, og den nye verden sliter med å bli født. Nå er monstrenes tid», er eit sitat som ofte blir kopla til Antonio Gramsci (sjølv om det er uklart om han nokon gong har skrive dette). Uansett er sitatet talande for tida me lever i, du veit, Trump og dei greiene der. I ein litterær kontekst resonnerer også monstersitatet godt med forlagsbransjens vakling mellom å halde på det gamle (papirbøker laga av menneske) og bruk av KI til å setje om og illustrere bøker. Me blir stadig fortalde at me er i ei lesekrise, at me beveger oss inn i eit slags postlitterært klima. Monstera står og bankar på døra, så kva skal ein gjere?
Kanskje svaret er monstrøse bøker?
Monsterbøker
Jeppe Sandholts Ørn er ei monsterbok på meir enn ein måte. Lukke til med å finne ein omtale (denne inkludert) som lar vere å nemne at ho er ein teikneserie (primært retta mot barn) på over 800 sider. Det same er tilfelle med Sandholts landsmann, Jakob Martin Strids 2,5 kilo tunge barnebok, Den fantastiske bussen (2025). Dei to danske bøkene er trassige og insisterande forkjemparar for det fysiske formatet. Hatten av for det! Men det er meir å hente her enn berre fysisk gimmick.
Trass i det store talet sider kan Ørn bli oppsummert med få ord: Elleveåringen Tor drep ei ørn i eit slags overgangsrituale, men i løynd tar han til seg ørna sin unge og fostrar han opp. Ørneungen, som raskt lærar seg å snakke og te seg som eit menneske, blir som ein kombinert veslebror og slave for Tor, samtidig som Tor gradvis speglar Ørns dyriske sider. Når Tor møter Elvira, tårnar det seg med komplikasjonar og konfliktar, men alt går sjølvsagt bra til slutt.
Kva er eit monster?
Forteljinga er ein tydeleg allegori over Mary Shelleys Frankenstein (1818). Sjølv om Tor ikkje skapar ørnungen ut av daude kroppsdelar, formar han Ørn i sitt bilete. Noko av det interessante ved Shelleys roman, er korleis ho utfordrar lesaren sin idé om kva eit monster er. Sandholt leikar seg også med denne tematikken. Tor er nemleg ein temmeleg usympatisk type som utnyttar Ørn og held tilbake informasjon for han. Han er ein kjip venn, bror og kjærast, medan «monsteret» Ørn er ein tvers gjennom god figur, trass i at han ikkje er eit menneske. Dynamikken mellom dei to er det som ber boka, og mykje av spaninga ligg i å lure på kor langt Tor kan dra løgnene sine før han blir knust under dei.
Raskt lesen, seint gløymd
For dei som er redde for å bli knust under den fysiske storleiken til Ørn, kan det anbefalast å leggje boka i fanget. Då glir lesinga lett. Sidene består stort sett av ei til tre ruter med lite detaljar i teikningane og ditto lite tekst. Om det høyrest enkelt ut, er det fordi det er det, men boka er på ingen måte noko tilsvarande ein «Leseløve»-tittel. Det enkle, reinskore uttrykket gjer at sidene glir forbi i eit overraskande raskt tempo, samtidig som djupna i forteljinga utvidar seg. Det kjennest uvant, nesten feil, å bruke så kort tid på ei så lang bok, men det er noko av det magiske med Ørn. For unge lesarar, kan ei slik lesaroppleving styrke meistringskjensla, for eldre vil kanskje det visuelle og forteljartekniske uttrykket henge ved lenge etter lesinga.
Ørn er Sandholts teikneseriedebut, men han har fartstid som animatør. Det er synleg i korleis karakterane er teikna og i forteljinga si balanse mellom høgt tempo og dvelande uttrykk. Tors far er til dømes ein, vel, særleg animert type. Han hoppar nesten ut av sidene, som den kaotiske og uføreseielege personen han er. Ein flott sekvens seint i boka, der Tor, Ørn og skogvaktaren sin nerdete son deltar i ein D&D-kampanje Elvira har kokt i hop, viser også korleis Sandholt kan fortelje mykje gjennom ein serie heilsides, ordknappe tablå.
Ørna tek ikkje unga
Frankensteins undertittel, «Den moderne Prometevs», speler på den greske myta om Prometeus som stal elden frå gudane og gav den til menneska. Som straff blei han lenka til eit fjell og hakka i levra av ei ørn (!) til evig tid. I Ørn er denne myta snudd på hovudet. I staden for å handle om at mennesket blir fjerna frå naturen, blir naturen og det ville her trekt inn i sivilisasjonen. Samtidig som Ørn blir meir menneskeleg, blir Tor meir dyrisk og grenseoverskridande. Han er ein Prometeus i revers, men i staden for å bli straffa av gudane blir han straffa av sin eigen hybris. Viss «monstrenes tid» inneber at monsterbøker, både i form og innhald, gjer det fysiske formatet relevant igjen, ønskjer eg det velkomen. Slike bøker er ikkje eit symptom på eit desperat forsøk på å halde ved like litteraturen, men ei understreking av kor viktige (og vektige) bøker kan vere. Ørn er eit stort, klokt og handteikna produkt tenkt ut av eit levande menneske; eit andsverk i ordets rette forstand.
Ørn
Av Jeppe Sandholt
Oversatt av Erlend Loe
842 sider
499 kr.
Strand forlag













