Farah i kvitauget

Sigbjørn Lilleeng har fått ein nær eineståande moglegheit til å utvide og utdjupe sin Nagel-saga.

Berre med Strand, er det freistande å seie. Men seriøst, kven ellers ville gitt ut Nagel i kiosken? Som album i stort format? Same kva du måtte meine sjølve serien, er formatet og distribusjonen noko av eit unikum.  

Dette er tredje versjonen av den norske science fantasy-serien som tidlegare heitte FNRZ, men som nå ser ut til å ha skifta namn til Nagel, etter ein av hovudpersonane. Serien føregår i ei alternativ post-apokalyptisk verkelegheit, og dreier seg rundt dei tre ungdommane Brage, Farah og den mystiske mutanten Nagel.

 «Periode En/Nummer en»-heftet i svart-kvitt kom ut på Jippi sommaren 2018, følgd av ei meir komplett bokutgåve i fargar, «FNRZ Bok 1» same vinteren.  

Så blei det stille, men med ny forleggar fann Sigbjørn Lilleeng ut at han ville gjere meir med den historia han allereie hadde. 3 ½ år etter Bok 1 er lang nok tid til at ei ny publikumsgruppe kan ha oppstått, særleg når den førre utgjevaren kanskje ikkje hadde den aller beste distribusjonsavtalen. Og sjølv om Jippi prøvde å innføre omgrepet «underground comix for kids» for Sigbjørn Lilleengs skuld, er det ikkje sannsynleg at Strand Forlag er endå meir lystne enn dei på sin eigen «Nordic Manga»-tittel?

«Nagel album 1 – Utskudd» er derfor ein ny attforteljing av FNRZ, første kapitelet. Eg skal ikkje påstår at det er ein komplett reboot, for eg er ganske sikker på at deler av materialet er gjenbrukt. Men fleire scenar som først ser heilt like ut, viser seg ved nærmare samanlikning å vere omteikna. Serieskaparen har ikkje tatt mange snarvegar.

Men det viktigaste er sjølvsagt kva som er heilt nytt. Den innleiande scenen frå villmarka har fått fleire sider, og er gjort meir grotesk. Scenen der Brage må beskytte Nagel mot bøller er endra. Den viktige bakgrunnshistoria om krigen mot skrømta er utbrodert, og gjort endå litt skumlare. Ei dobbeltside som skildrar ein storm har fanga eit mykje tydlegare visuelt uttrykk.  Volva er heilt redesigna, mindre karikert, og derfor (litt) meir truverdig som eit orakel.

I det heile tatt kan det verke som Sigbjørn Lilleeng først og fremst har nytta høvet til å bruke sterkare visuelle verkemiddel, og gjere Nagel til ei meir filmatisk forteljing. Men i tillegg er Farah blitt meir profilert. Ho hadde ein klart definert rolle og bakgrunn i originalen også, men kanskje ikkje ein like klart definert personlegdom. I albumversjonen har ho fått mange fleire replikkar, og den rebelske idealismen hennar er tona opp. Den «eksotiske» statusen hennar er også tona opp, for å få fram at ho er ein framand, ein besøkande i landet Nordheim.

Litt forvirrande er det likevel då at det finst ungar på Brages skule som også er farga, men som ser ut til å høyre heime der.  

Også ein ytre detalj er med på å forsterke Farahs personlegdom; ho har fått kvitauge. Det bidreg til å distingvere henne, ikkje minst frå Brage, som ikkje har fått slike auge.   

Framleis er Lilleeng best som ein grafisk forteljar, sjølv om han har flikka på dialogen, lagt inn meir informasjon og gjort forsøk på å forbetre viddet her og der. Mellom anna har han endra på ein replikk som eg hugsar at eg festa meg ved i omtalen av Periode En/Nummer En. Nokre av dei nye replikkane er litt vel teatralske, men på den andre sida er «Unnskyld, jeg skal bare gå på do og SPY!» nettopp ein slik trassig og spontan ting som Farah kunne finne på å seie.

Eg veit ikkje om nokon framleis gjekk rundt og venta på meir FNRZ/Nagel, langt mindre på ei utvida «director’s cut»-utgåve av dei første kapitla, men nokre gonger held det kanskje at serieskaparen ser potensialet. Og redaktøren, sjølvsagt. Å gå tilbake til start har forbetra serien på alle felt der eg har grunnlag til å samanlikne. Meir ufarleg er den i alle fall ikkje blitt. Eg er med!


Nagel album 1 – Utskudd
Av Sigbjørn Lilleeng
64 sider
99 kr.
Strand Forlag

Les om tidlegare teikneseriar av Sigbjørn Lilleeng:
Inntrenger
FNRZ bok 1
FNRZ Periode En/Nummer En
Mellom planeter
Generator

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *