Meiningsfylt presens

Pénélope Bagieu har funne fram til 17 nye damer du skulle ha møtt. Nokre av dei kan du møte ennå. For håpet er endå viktigare enn før i Bagieus «Rebell»-serie.

I form og uttrykk er «Rebell 2» ganske lik den første boka: Den består av 15 kvinnebiografiar (ein av dei omhandlar ein trio), fortalde i små episodar med litt lun humor, særleg i dialog, men også i teikning, meint til inspirasjon og til å bringe halvkjente eller ukjente kvinnelege heltehistorier fram i lyset.

Nokre endringar har Bagieu likavel gjort. Boka er litt lenger enn den første fordi profilane i snitt er lenger, og fokus er på det 20. og 21. hundreåret. Personutvalet er ei mangfaldig blanding, men denne gongen er det litt vekt på politikk og krig, og litt meir på kreativitet og artistliv. Å ha Spotify klar når du leser denne boka, kan vere nyttig. Når boka kjem inn på krig og politikk, får ein frysingar på ryggen av den grenselause råskapen og menneskeforakta som prega samfunnet til Phoolan Devi så tett på vår eiga tid.

Men også den historia konkluderer med at det nytter, at individ kan gjere ein verkeleg forskjell, til det betre. Slik blir den optimistiske grunntonen behaldt gjennom heile boka. Sjølv skjebnen til vulkanforskaren Katia Krafft (spoiler: ein på nær perfekt «døy med støvlane på»-livshistorie) blir presentert som en slags lukkeleg slutt.

Sjølv om presentasjonen nok ein going er tabloid og noko overdrive, er dei fleste av profilane trass alt valde fordi dei faktisk gjorde ein reell endring på større eller mindre samfunnsområde. Men eit par av dei må ha blitt valde berre fordi historiene er så spesielle i seg sjølv. Forteljinga om kult-garasjebandet The Shaggs, t.d., verkar for god til å vere sann. Den høyrest ut som plottet til ein indiefilm som fekk heiderleg omtale på Sundancefestivalen og Oscarnominasjon for beste manus, men var for sær til å vinne.

Kor småleg det enn kan verke å seie dette, er eg ikkje sikker på om serieskaparen trengte å tilby oss desse ekstra sidene. Prisverdige at ho ønsker å fortelje endå meir heilskaplege livshistorier denne gongen, men det fører med seg eit nytt problem. Der profilane i bok 1 var akkurat så avgrensa at ein gjerne ikkje tenkte noko meir over det, er profilane i bok 2 ofte detaljerte nok til å gi lesaren ein klarare kjensle av at viktige detaljar kan ha vore utelete. Eg spurte i alle fall meg sjølv fleire gonger «Men kva med…?»  når eg hadde lest ferdig ein profil.

Når Bagieu ikkje prioriterer like knallhardt på sidetal som før, er faren også større for at historier flyter litt ut. Verst går det ut over profilen til kunstmesenen Peggy Guggenheim, der er tydeleg at serieskaparen har vore redd for utelate noko 

Såleis er «Rebell 2» betre eigna for litt eldre lesarar enn den første boka, for folk som har tiltaksvilje og kunnskap nok til å leite etter meir informasjon om desse spennande kvinnene når nysgjerrigheita deira først er pirra av Bagieus fargerike kortversjonar.

Fordelen er då at som sagt ligg mange av desse forteljingane ikkje særleg langt attende i tid. I nokre tilfelle er vi framleis midt oppe i dei. Håp er nøkkelordet i Bagieus Rebell-teikneseriar, og ekstra oppmuntrande er det å tenke på at ein framleis har ein teoretisk sjanse til å møte fleire av desse kvinneskikkelsane. 7 av 15 profilar i boka omhandlar ennå levande kvinner, mot 1 av 15 i førre boka.

Forteljarpresens er eit val som Bagieu gjorde allereie i først boka, men det verkar ekstra meiningsfylt her.

Rebell (2) – Skamløse kvinner som endret verden
Av Pénélope Bagieu
Omsett av Alexander Leborg
170 sider
299 kr. (veil.)
Gyldendal 

(Avbilda øvst er eit utsnitt av dobbeltsida til Sonita Alizadeh)

Les også om Rebell 1

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *