Feelgood-feminisme

Pénélope Bagieu presenterer femten kvinneportrett utan anna til felles at dei kan vere til ålmenn oppmuntring.  

Inspirerande kvinnehistorier og kvinneportrett i teikneserieform er vi godt vane med i Norge, særleg takka vere bøkene til Marta Breen og Jenny Jordahl. Men det er mange kvinneskikkelsar dei ikkje har vore i stand til å fortelje om ennå, grunna avgrensingar i tema, tidsperiode eller nasjonalitet.

Slike avgrensingar hoppar Pénélope Bagieu bukk over med første bindet av Rebell (det finst to bind på fransk). Under vignetten har ho ganske enkelt samla og oppsummert biografiane til ei handfull fascinerande kvinner frå heile verdshistoria. Forlaget nemner «deres ukuelige ånd» som fellesnemnar for portretta, noko som er i lovleg bredt.

Det er konseptuelle snarvegar som Bagieu tek her, men utan slike snarvegar er det mange kvinneportrett som kanskje ikkje hadde kome fram i lyset, i alle fall ikkje på denne meir lettleste måten. Boka retter seg mot barne- og ungdom, men kan og vil truleg by på like mange nye og fascinerande oppdagingar for dei fleste vaksne.

I eit samfunnsperspektiv varierer portretta enormt, og Bagieu set til side dei mest opplagte skikkelsane. I staden for Kleopatra og Elisabet 1. blir vi kjende med Angolas nasjonalheltinne dronning Nzinga og keisarinne Wu Zeitan av Kina. I staden for Jeanne D’Arc får vi den spennande historia til apasjekrigaren Lozen. I staden for Elizabeth Taylor får vi høyre korleis Margaret Hamilton ga alt i rolla som heksa frå Oz. I staden for Astrid Lindgren og Pippi Langstrømpe får vi Tove Jansson og subtil lesbisk symbolikk i Mummidalen.

Dei fleste kvinnene sto for eit eler annan nybrottsarbeid, men igjen er skalaen veldig flytande. Mest kuriøs er historia om korleis den nederlandske adelskvinna Josephina van Gorkum trassa segregeringa av katolikkar og protestantar…med gravmonumentet sitt.

Så langt om utvalet. Når det gjeld sjølve utføringa så er det tydeleg at nokre av historiene byd på meir utfordring for Bagieu som forteljar. Eg tviler ikkje på at ho kan stå 100 % inne for kvart val, men mens fleirtalet av forteljingane flyter lett av garde, er enkelte tynga ned av ekstra mange faktaboksar, kor nødvendig det enn kan vere for heilskapen. Det er lett å sjå kva skikkelsar ho kosa seg mest med å fortelje om (Josephine Baker og den skjeggete dama Clémentine Delait, vil eg gjette på), og i kva tilfelle ho kanskje lurte på om ho gapa over for mykje. Men stort sett følger serieskaparen ein narrativ formel: Kortfatta, leksikalske presentasjonar blir gjort levande gjennom lun og befriande humor som er samkøyrd i tekst og bilde.

Teikningane er halde enkle, med få bakgrunnar, fokus på andlet og få fargar om gongen. Til gjengjeld er kvar portrettert kvinne «hylla» med fargesterke og kunstferdige dobbeltsider. Mange av desse burde vore tilgjengelege som plakatar.

(Avbilda øvst er Nzingas dobbelside)

Ein ting som slår med meg utvalet er elles kor ofte desse forteljingane ender forholdsvis lukkeleg. Faktisk er det berre to unntak i boka, eg skal ikkje røpe kva for. I eit par til tilfelle sjekka eg etterpå med wikipedia for å få stadfesta om det faktisk verkeleg gjekk så bra med den og den. Verdshistoria er full av heltar og idealistar som døydde, ofte brått og valdsamt,  utan å få takk ein gong. Ei bok med fokus på dei som fekk sjå og nyte fruktene av sitt slit kan såleis seiast å vere barnevennleg berre i kraft av at dette. Men eg trur alle aldersgrupper kan ha godt av ei bok som viser korleis det går framover med verda, i store og små linjer, trass alt.

Rebell (1) – Skamløse kvinner som endret verden
Av Pénélope Bagieu
Omsett av Alexander Leborg
144 sider
299 kr. (veil.)
Gyldendal       

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *