Ein detektiv utanom det vanlege

Teikneserien som den ny tv-serien «Resident Alien» er basert på, er på eit heilt anna nivå, og ein engasjerande sci-fi-krim.

Ein del av lesarane har vel no fått sett det meste av første sesongen av TV-serien «Resident Alien» med Alan Tudyk i hovudrolla. I TV-versjonen spelar ein veldig mykje på komedie, spesielt med Tudyk si fornøyelege (eller  irriterande) overspeling i rolla som eit rom-vesen som ikkje forstår bæret av verda ikring seg medan han arrogant utroper seg sjølv til verdsmeister. 

Under det heile er eit lett anstrok av eit eller fleire kriminal-mysterier, men stort sett handlar det om at rom-vesenet «Harry Vanderspiegel» er , vel ganske så harry. 

Denne TV-komedien er basert på ein teikneserie av Peter Hogan og Steve Parkhouse, begge to solide gamle travarar frå m.a.  2000AD og Vertigo, kjende for å levere førsteklasses serier. Steve Parkhouse sin «Bojeffries Saga» med Alan Moore er til dømes rekna som ein klassikar.  

Der TV-serien er full av teite ablegøyer og blødmer som ville fått ein gjennomsnittleg bygderevy til å framstå som Ibsen, så er teikneserien ein veldig intelligent og  avmålt serie i Cozy-mystery sjangeren der ein «privatperson» hjelper politiet med å løyse merkelege saker.  Harry er i denne versjonen ein ettertenksam og reieleg mann frå verdsrommet som tilfeldigvis er stranda på jorda og som har funne ein måte å vere ein del av eit samfunn som inkluderer og aksepterer han (sjølv om han skjuler at han er eit rom-vesen).

I så måte, sjølv om serien er basert i eit landleg USA og nyttar settinga grundig, så er det ein veldig britisk krim i tone.

Hittil så har der kome 5-6 miniserier (kvar med sitt eige mysterium) i serien, og denne boka samlar dei tre første sakene. Første serien , «Welcome To Earth»  handlar om at doktoren i den lille byen Patience vert drepen, noko som fører til at Harry vert byen sin nye lækjar (som i TV-serien), «The Suicide Blonde» er om intriger kring eit mistenkt sjølvmord og «A Sam  Hain Mystery» nøster opp tråder kring ein gamal pulp-krimforfattar som kan vere busett i Patience. 

Sjølv om teikneserien har ein del action og eit «Men in Black»-subplot som forklarar korleis Harry hamna på jorda og i Patience og korleis regjerningsagentar har vore på sporet etter han, så er det for det meste ein jordnær og litt merkeleg serie om ein amerikansk småby med litt sære typar  og ein  lækjar som nokon gonger løyser krimgåter.

«Resident Alien» er ein interessant og underhaldande krim-teikneserie med velkonstruerte mysterier, og ein bør ikkje la seg avskrekke av at TV-serien er masete humor der mysteriet vert meir av ein ettertanke. Dei er veldig forskjellige.

Resident Alien Omnibus volume 1
Skrive av Av Peter Hogan, teikna av Steve Parkhouse
290 sider
24.99 US dollars (16.95 dollars på Bookdepository)
Dark Horse
ISBN 978-1-50672-043-2

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *