Påskens «store» krimgåte for barn, «Hvem rumpet brunosten?» er like konsekvent absurd som tittelen tyder på, og vel så det. «Skal det vere, så skal det vere!» er det berande prinsippet.
Kongen har invitert det som skal vere verdas beste brunost, Von Kvantums Gardsmeieriets, til slottet. Den blir frakta med tog, som i klassisk påskekrimsetting, og på toget blir det oppdaga at osten er full av rumpespor. Verdas beste detektiv, herr Fluffenberg, dreg straks til toget i helikopter, saman med ein androgyn konge i kjortel, for å løyse saka medan «rumparen» ennå er om bord.
Forlaget gjer i presseskrivet eit stort poeng av at boka allereie har fått fekk terningkast seks av VG. Eg opna likevel boka med ein viss skepsis. Sjølv om boka skulle kunne by på meir enn rumpehumor, er då konseptet er då uansett ganske avgrensa?
Vel, det er ikkje konseptet det kjem an på, viser det seg, men kva du gjer med det. Og manusforfattar Erlend Loe er uhyre inspirert. Tonen er fullstendig absurd, og fullstendig konsekvent, og han går ikkje ut av sitt modus operandi i så mykje som ei staving, langt mindre ei rute. Vi blir straks invitert til å vere hundre prosent med på alle aspekt ved premissen: Fluffenberg er verdas beste detektiv, blir vi konsekvent fortalde gjennom heile boka, og det blir morosamare for kvar gong nokon (vanlegvis Fluffenberg sjølv) understrekar det. Kven seier at «tell, don’t show»» ikkje fungerer? I «Hvem rumpet brunosten?» er «tell» halve moroa. Og ja, å setje seg på ein brunost (i alle fall ein premium brunost som skal til kongens hoff) med bar rumpe er eit stort brotsverk, tenk! Ein stad impliserer Fluffenberg attpåtil at det er eit verre brotsverk enn mord, for som sagt, skal det vere… Og på dette tidspunktet er vi som lesarar så inne i språk og univers at vi glatt godtek det.
Elles er nettopp språket mykje av det som gjer boka så fornøyeleg. Skamlaust barnslege og arkaiske, og ikkje ein gong tydeleg ironiske vendingar som «Nei og nei, sier de! Jøje meg! Milde kineser! Tenk å rumpe en så fin brunost!» er verkelege høgdepunkt. Ein kan også merke seg tendensar til «malande monotoni» i Jon Fosse-stil, som når boka skildrar korleis passasjerane vaknar. Og sjølvsagt er alle namn tøysete (noko som boka tillat seg å poengtere ved eit høve). Ikkje alltid genistrekar, men i alle fall på nivå med Lystad og Mjøen.
Eg har vektlagt teksten så langt, for det er lett å la seg trollbinde av den åleine, Men Kim Hiorthøys grovkorna, styggkarikerte figurar og dunkelgrå fargepalettar er essensielle for å skape rett stemning. Var fargar og figurar berre litt meir estetisk tiltalande, kunne mykje av humoren blitt seriøst utvatna.
Det er kanskje unødvendig å påpeike at det finst inga logisk måte å dedusere seg fram til løysinga på? Derimot finst det ein litterær måte å gjere det på, delvis; eg seier ikkje meir. La gjerne barna prøve gjette løysinga uansett, det kjem nok berre til å auke fornøyelsen. Stimuler fantasien. Gjer det til ein påskeferieleik!
Hvem rumpet brunosten?
Skrive av Erlend Loe, teikna av Kim Hiorthøy
Med takk til Jacob Lima de Faria Loe
48 sider
279 kr (veil.)
Cappelen Damm