Spor i sanden

Teikneserieversjonen av ungdomskrimserien «Clue» er eit grei adapasjon av Jørn Lier Horsts bok, men heller ikkje noko meir enn det.


Jørn Lier Horst har ikkje berre sementert seg som ein av Noregs største og beste krimforfattarar, han har i tillegg til sine vaksne krimbøker òg tatt genre-trona blant ungdom og småbarn.

Jonas A. Larsen dukka først skikkeleg opp på radaren for meg med ein tidlegare adapsjon av ei av Horst sine noveller «Landets eldste mann er død» for nesten ti år sidan i uforskamma ung alder. Eg hadde sett ein del frå han tidlegare, men dette var eit lengre verk. Sidan det så har han vorte ein hardt arbeidande og dyktig profesjonell illustratør.

«Salamandergåten» startar med at Cecilie finner ein daud mann med salamander-tatovering på same staden der mora hennar drukna sommaren før. Saman med den nyleg tilflytta Leo, Cecilie si venninne Une og hunden Egon, etterforskar dei saka som òg involverer familiane deira og gjestar på hotellet som far til Cecilie eiger, og der mor til Leo er ny hotellsjef. 

Cecilie, Leo og Une er alle nysgjerrige og modige ungdommar i 12-13 års alderen, og området rundt Skutebukta der dei bur viser seg å vere fullt av mistenkelege personar som kanskje ikkje er det som dei gir seg ut for.

Eg må seie at når eg las romanen i førebuinga til anmeldinga, så vart eg positivt overraska over kor utfyllande og presist etterforskingsarbeidet var lagt opp i ei bok som hovudsakleg er retta mot ei veldig ung målgruppe.  Sjølv om dialog og hendingar er lagt opp på ein enkel måte, og ein ikkje dveler like mykje ved det gruelege og groteske som i vaksne krimbøker, så er det eit fullverdig og gjennomtenkt plot med mange interessante detaljar. Dette vert oppretthalde i teikneserieversjonen. 

Vi følgjer trekløveret (og hunden Egon) gjennom nitid detektivarbeid, diskusjonar om kva som er rett og gale i jakta på sanninga og nokre livstrugande actionscener. Alt veldig tydeleg og pent formidla i teikningar.  Vi vert godt kjend med dei som personar, både gjennom det dei fortel om seg sjølv og dei litt meir ukomfortable augeblikka der dei vert kjende med kvarandre.

Romanen som serien er basert på er veldig visuell og formidla i stor grad gjennom dialog, så den er eit takknemleg prosjekt for ein teikneserie-adapsjon.

Eg hadde veldig lyst til å like teikneserieversjonen, og eg mislikte den ikkje akkurat, den er «grei» på same måten som mat som ein berre eter fordi ein er svolten.  Kompetent utført, men preglaus og utan å verkeleg nytte mediet til å omforme prosahistoria til noko visuelt engasjerande.

Der er forholdsvis mykje tekst som er ført over frå romanen i tillegg til dialogen. dette er hovudsakleg for typen indre tankar og slikt som ikkje er lett å formidle kortfatta i teikneseriar. Men med ein strek som er solid på ekspressive andletsuttrykk og kroppsspråk så går det an å gjere dette om til bilete. Dessverre så er ikkje dette Larsen si styrke. Karakterane har få nyansar i  uttrykk, og ofte er det hårfrisyre og klede som berer byrden av å skilje dei åt. 

Teikneserien har med alt det vesentlege frå romanen, der ting er «kutta» så er det stort sett tekst som er bytta ut med illustrasjon, og at scener er korta ned utan at noko som er naudsynt for plottet forsvinner. Der er ein del småting eg saknar, og eg vart litt forvirra i starten. Før eg las teikneserien hadde eg forveksla Une og Leo frå teikningane (romanen skildra Leo, som har arabisk far, som «brun i huden», medan det i teikneserien  er Une som er brun, medan Leo er bleik og blond. Det er sikkert ikkje viktig i lengda, eg har trass alt ikkje lese meir enn først boka. )

Eg har vakse opp ved havet, her i ein liten by på Vestlandet i staden for Sørlandet der historia finn stad, så eg vert slått av kor anonym og nettopp preglaus naturen kring dei er. Ein kan seie at dette er Larsen sin stil, og det er greit nok, men der Horst antyder eit spenn mellom idyll og fare så er teikneserien veldig lys, flat og tam.  Den norske kyststripa er vill og vakker og ein karakter i seg sjølv.  Dette kjem ikkje fram. 
Romanserien er veldig underhaldande krim frå det eg har lese, medan adapsjonen er kompetent utført med stor respekt for integriteten i kjeldematerialet. Den tilfører dessverre ikkje noko visuelt som utvidar vår forståing av materialet.

Eg vil seie at som teikneseriekrim for ungdom så er «Salamandergåten» ei OK bok å gi til ungdom som vegrar seg for å lese romanar. Men gjer dei ikkje det, så gi dei originalversjonen i staden. 

Redaksjonen gjer lesarane merksamme på at Jonas A. Larsen ved jamne mellomrom er bidragsytar til Serienett.

Clue: Salamandergåten
Av Jørn Lier Horst og Jonas  A. Larsen
130 sider
299 kr.
Kagge Forlag


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.