Frykt og avsky i Frankfurt

Å jobbe med teikneseriar er både å «forgifte en elsket hobby», og ei tvingande nødvendigheit i Jouko Ruokosenmäkis Sidste år i Frankfurt

Ein kvar pasjon er, når alt kjem til alt, driven av nostalgi: Du held med fotballaget du tilfeldigvis ramla inn i som seksåring; musikken du høyrer på er ofte variasjonar av den samme musikken som forma deg som tenåring; du vender alltid tilbake til teikneseriane du las som barn og ungdom. Når det gjeld teikneseriar i dag kan det nokre gonger verke som nostalgi er den einaste drivkrafta. Egmont si «satsing» på gjenutgivelsar, westernseriar og liknande er eit ekteskap med ein lesardemografi som samtidig er ei sjølvmordspakt. Når ingen nye lesarar blir rekrutterte, ser det svart ut etter den siste temponostalgikaren har døydd.

Denne utviklinga er til dels bakgrunnen for finske Jouko Ruokosenmäkis sjølvbiografiske teikneserie som blei omsett til dansk og gitt ut på Zoom forlag i fjor. Frå det første møtet med teikneseriar i barndommen– «dagen hvor mit liv ændrede sig» – følgjer me han gjennom fleire tiår som forlagsmann i ein stadig strammare og meir kynisk bransje. Også i Norden.

Narrativet hoppar fram og tilbake mellom bokmesser og strategimøter over tre tiår, frå Angouleme til Tampere, men mest av alt til Frankfurt – messa ein kan sjekke ut av når ein vil, men aldri eigentleg forlate. I takt med at Jouko blir stadig meir desillusjonert blir verda rundt han også dystrare. Frankfurt står etter kvart fram som ein rottebefengt drittby, og bokmessa ein kafka-aktig affære marinert i alkohol der «alle undgår at se hinanden i øjnene». Noko er rôte, både i forlagsbransjen og i Joukos liv.

Vegen ut av denne sumpen finst kanskje i den opphavelege lidenskapen for teikneseriar. For var det ikkje teikneserieteiknar Jouko eigentleg drøymde om å bli? «Du skulle tegne, lave noget du selv står for!» seier kompisen Janne, «Men så endte du med at være ingenting». Eit sveitt møte med Uderzo nokre år tidlegare står som ei litt pinleg stadfesting på dette. Etter å ha filma eit intervju med «den store personlighed» gir Jouko han ein droddel som Uderzo karakteriserer som «Pas mal». Ikkje dårleg. Når Egmont ikkje lenge etter viser seg å skjære ned, er det som om denne døra opnar seg eit knepp meir. Kanskje ein skulle følgje draumane sine likevel?

Sidste år i Frankfurt er sobert, om enn noko ujamt teikna i ein naturalistisk stil. Den gråsvarte fargelegginga kler den desillusjonerte og depressive tonen godt. Samtidig er det ikkje heilt humørlaust; innslag teikna i andre stilar, t.d. klassisk fransk-belgisk eller manga, lausnar opp det «håbløse, flade grå» og viser at Ruokosenmäki tross alt har eit bankande hjarte for teikneseriar. Det er også fleire morosame scener, som eit vittig harselas med fanatiske Fantomet-fans (ja, dei finst i Finland også), og Ruokosenmäki er god på å skildre det komisk absurde i messetilværet.

Når alt kjem til alt finst det ingen eigentleg veg ut av bokmessehelvetet som er Frankfurt. Som ein kollega seier det: «I have been at these fairs since 1973, and I have quit several times. Somehow I always end up here. We can’t help it. Comics are in our blood». Boka avsluttar ikkje triumferande med Joukos endelege anerkjenning som teikneserieskapar, men som evig tilbakevendande messedeltakar. Kvart år er siste år i Frankfurt.


Sidste år i Frankfurt
Av Jouko Ruokosenmäki 
Omsett til dansk av Michael Gabelgaard Nielsen
50 sider
Norsk pris 278 kr/231 kr (Tronsmo/Ad Libris)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.