Huldra? Sjekk! (Og dobbeltsjekk?)

Mykje kjem for ein dag i den fjerde Nordlys-boka, sjølv det som forblir inne i berget. Arva etter Kittelsen er sterk, men ikkje einerådande i «Trollriket».

Både denne boka, «Trollriket», og forgjengaren, «Kråkesøstrene» handla om å oppklare mykje og legge føringar for kor historia skal gå vidare. I den grad at reisa til det titulære trollriket må vente til svært mykje er sett i rørsle ned i vikinglandsbyen. Vi får fleire hint om at den engstelege og audmjuke trellen Kjetil kjem til å bli ein viktig spelar, og søstera til fjellfolkets hovding søker ein allianse med vikingane. Rett nok mottek vikinghøvdingen Jarl dette tilbodet med betydeleg skepsis, men meir interessant i augeblikket er kva samtalen fortel oss om sjølve opphavet til Jotundalen. Ikkje overraskande har opphavssoga røter i norrøn mytologi.

Deretter møter vi igjen Sonja, Espen, Lotta og Bjørnar ute i skogen, endeleg på veg for å redde Sonjas Onkel Henrik frå fangenskapet hos trolla. Med seg på vegen får dei hjelp av huldrejenta Tirill. Ja, det var uunngåeleg at Nordlys før eller seinare introduserte ei av desse, men Tirill er meir enn berre ei ny avkryssing på ei liste over norske eventyr -og segnfigurar. Ho er noko av ein «trickster»-arketype; alle har sett typen før, ein vriompeis som elskar å rote med hovudet på folk. Som alle dei beste eksempla på denne har ho også umedelbar sjarm og utstråling, og er kjelda til humoristisk avveksling i det som elles hadde vore eit intenst og mørkt Nordlys-kapittel.    

I tillegg er ho formskiftar, noko som sjølvsagt alltid er eit nyttig og bekvemt forteljargrep, men historia gjer heldigvis ikkje for mykje ut av det; nokon deus ex machina er det i alle fall ikkje. Derimot er det utgangspunktet for eit lite mysterium som eg håper kan bli relevant i ei seinare bok: Vi får ikkje sjå Tirill i hennar eigen form; ho imiterer utsjånaden til Sonja alt før dei to møtes.

Kanskje er ho også nøkkelen til svaret på kva Espen eigentleg. I alle fall opnar ho for spekulasjon om dette, sjølv om Espen sjølv nektar for at gutar kan vere huldrefolk. 

Skildringa av sjølve trollsamfunnet er likevel det mest fascinerande, og historia kunne godt fokusert endå meir på dette. Ein merker seg for det første at dess lenger vekk frå lyset troll befinner seg, dess mindre menneskelege ser dei ut. Trolla i landsbyen er mest som menneske, og sprekk neppe i sola. Har det førekomme raseblanding i åras løp? Den detaljen kan ein førebels berre spekulere på. Uansett så må ein inn i det mørke berget for å finne Kittelsen-troll (eller urtroll, om du vil) av dei store, stygge slaga. Og når våre heltar er vel inne i berget, blir det både skummelt og ganske brutalt.

Såleis er det også lenger mellom dei maleriske landskapa frå førre bok denne gongen, snarare råder ei uunngåeleg klaustrofobisk stemning som kontrast. I den fortetta handlinga er det då heller ikkje plass til å dvele ved landskapet.

I denne delen av boka ser ein også at Malin Falch som ein narrativ balansekunstnar. På den eine sida vil ho gjerne gi trolla i Jotundalen rolla som den fordrivne urbefolkinga som berre krev si rett. Fortviling (eller i alle fall oppgittheitt) er det som bokstaveleg tala lyser ut av den trehovuda trollkongens auger, ikkje hat. Slike detaljar er viktige. På den andre sida treng historia ikkje berre ein reell konflikt mellom troll og menneske – Den treng også at trolla distanserer seg, og er nifse og trugande. Dermed forblir i alle fall urtrolla representantar for «kaoskreftene», sjølv om nyansering av konflikten også er eit hovudpoeng.

Fleire og større avsløringar ventar mot slutten av «Trollriket». Sjølv om eg ikkje hadde vore redd for å komme med spoilerar, hadde det nesten blitt for mange å nemne. Malin Falch verkar veldig bevisst på at kvar bok i Nordlys-serien skal hinte om endå meir spenning og endå større og viktigare hendingar i neste bind. Så langt har ho greidd å halde sine implisitte løfter.  


Nordlys 4 – Trollriket
Av Malin Falch
170 sider
279 kr.
Egmont


Les meir om Nordlys:
Coveranalyse av «Trollriket»
Anm. av bok 1 – Reisen til Jotundalen
Anm. av bok 2 – Vikingene og orakelet
Anm. av bok 3 – Kråkesøstrene
Anm. av Bjørnar – En historie fra Nordlys
Intervju med Malin Falch

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *