Exphil junior

Jostein Gaarders noko forelda historiesyn blir delvis utfordra og aktualisert i teikneserieversjonen av Sofies verden.

Jostein Gaarders Sofies verden frå 1991 er nesten å rekne som ein franchise. Forteljinga finst i romanform, som film og tv-serie, som dataspel og no også som teikneserie signert franskmennene Nicoby og Zabus. Eg har ikkje kjennskap til Sofies forskjellige verder utover dette, så eg kan ikkje seie noko om kor trufast teikneserieadaptasjonen er, men han er tydeleg modernisert og tilpassa det nye mediet. Boka funkar godt som ei enkel innføring i filosofihistorie for unge lesarar, eventuelt for litt slappe exphilstudentar.

Det handlar om Sofie Amundsen som ein dag finn det første av ei rekke mystiske brev i posten med spørsmålet «Hvem er du?». Frå dette utgangspunktet blir lesaren tatt med på ei reise inn i filosofien, leia av ei noko patroniserande stemme, og Sofie blir både betre kjend med den vestlege verdas filosofihistorie og seg sjølv. Ho blir også, omsider, kjend med Alberto, som står bak breva. Over dei 260 sidene reiser Sofie Europa rundt og snakkar med eit kobbel filosofar og vitskapsmenn. Sidan boka er den første av to deler, blir ho avslutta på 1600-talet og med ein slags cliffhanger med lovnaden «Dette er bare begynnelsen!».

Rammeforteljinga er der mest for å etablere Sofie som karakter, utan at me blir særleg godt kjend med henne. Ho er teikna med dei samme kleda gjennom heile boka, noko som understreker at ho fungerer meir som ein generisk figur enn ein eigentleg interessant karakter. Det er (den europeiske) filosofihistoria som er kjerna her. Mysteria om kvifor Sofie er utvald til denne metafysiske og metafiksjonelle reisa, om kva rolle den daude far hennar speler, er meir som parentesar å rekne, sjølv om det på sett og vis driv handlinga framover.

For å nå unge og utolmodige lesarar i den digitale æraen, er boka krydra med referansar til klimastreik, #metoo, kommentarfeltkompetanse og koronapandemien, og Sofies smarttelefon er heile tida med. Slik får ein kanskje ei litt støvete materie til å stå fram som ny og aktuell, særleg når Sofie reflekterer over konflikten mellom Platons idealstat og personleg fridom i samband med klimaspørsmålet. Serieskaparane prøver også å gå kjønnsspørsmålet i møte fleire stader i boka. Sofie er stadig frustrert over at ho berre treff mannlege filosofar og etterlyser meir fokus på likestilling og kjønnsbalanse, men det blir med etterlysinga. Trass i at historia er full av kvinnelige filosofar, er bokas einaste representant, Hildegard von Bingen, avspist med eit samlekort utan at lesaren eller Sofie får vite meir om henne. Dette er sannsynlegvis eit problem med kjeldeteksten, men med så store fridomar serieskaparane har tatt allereie, burde det ikkje vore vanskeleg å gi kvinner større plass. Trass i at hovudpersonen er ei kvinne er det mykje mansplaining her.


Som teikneserie er boka likevel godt handtverk. Streken er enkel og animert, med fokus på framgrunnen og karakterane, noko som gjer innhaldet tilgjengeleg. Sjølv om det er mykje tekst, er det visuelle svært sentralt. Nicoby og Zabus leikar seg med teikneseriemediet og lar Sofie fly på bokstavar, klatre gjennom postkassar og brev, og gjennom ruter. Lenge er det sprelsk og oppfinnsamt, men blir noko slitsamt når Sofie og Alberto byrjer å bli merksamme på det og bryt den fjerde veggen direkte. Mot slutten av boka finn til dømes Sofie teikneserien me har lese og oppdagar at ho er ein teikneseriefigur. Det er eit snedig grep i diskusjonen om determinisme ho nett har hatt med Alberto. Oppdaginga fører til at ho bokstaveleg tala bryt ut av rutene og klatrar mellom dei. Meir meta kan det kan knapt bli, og kanskje kan nokre lesarar falle av lasset.

Trass i innvendingane er dette ei bok som truleg vil treffe målgruppa godt. Den leikne og lette stilen kombinert med det stundom tunge (men ikkje for djuptpløyande) materialet gjer lesinga smidig og interessevekkande. Sofies verden kan ikkje erstatte Platons dialogar, men det er heller ikkje meininga. Boka er meint som ein introduksjon som skal gjere lesaren interessert i å utforske andre kjelder og få hen til å filosofere meir aktivt i hens eigen kvardag. I så måte må ho seiast å vere vellukka. Kanskje vil ho også få lesaren til å undre seg over skeiv kjønnsbalanse i historiske framstillingar?


Sofies Verden, del en
Manus av Vincent Zabus, etter Jostein Gaarders bok
Teikna av Nicoby
Fargar av Philippe Ory
Omsett av Stéphanie De Miranda
260 sider
299 kr. (veil.)
Aschehoug

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *