Sturm und Drang

I «Sort lam» tek Oliver Levang oss med på ei mørk reise gjennom utanforskap, tenåringsangst og mordarklovnar.

Eit svart lam fødd inn i ein flokk av kvite lam er i gammal overtru rekna som eit teikn på at djevelen er på ferde. Reint praktisk var dei svarte fåra oppfatta som mindre verdifulle fordi ulla ikkje kunne bli farga. Når me snakkar om svarte får i dag, tenkjer me gjerne på outsidarar, syndebukkar eller som ordboka seier det, eit «medlem av ei større gruppe som gjer val som fører skam over gruppa».  I Oliver Levangs første lange teikneseriebok, Sort lam, forgreinar dei ulike konnotasjonane til det svarte fåret seg ut i ein fengslande skrekkfabel som sit lenge i lesaren etter boka er lukka.

Kort fortalt handlar boka om bygdeungdommen Denver som etter å ha blitt forlaten av fosterforeldra sine blir kasta ut i eit kaotisk tilvære. Han flyttar ut i ei hytte i skogen, men blir heimsøkt av mareritt og forfølgt av mystiske skikkelsar i klovnemasker med dystre planar. Desse Stephen King-aktige horror-elementa flyt saman med sideplott der alt frå tenåringsangst, kjønnsproblematikk, utanforskap og dobbeltmoral kjem til uttrykk. Såleis er Sort lam like mykje ei oppvekstskildring som ei skrekkforteljing. Desse sidene smeltar saman i ein eksplosjon av følelsar, særleg hjå Denver som nesten totalt manglar reiskapar for å meistre følelsane sine. Han har eit manisk og eksplosivt temperament, noko som ofte får negative konsekvensar for han. Levang fangar godt det pubertale kjenslekaoset, både i tekst og bilete, sjølv om det nokre gonger bikkar over i det komiske. Paradoksalt nok verkar følelsane også mindre ekte når dei er dempa i meir kjenslevare scener, som til dømes når Denver og den bøllete Ferdinan bondar under gjensitting på skulen. Det blir liksom litt påklistra.

For å understreke den ungdommelege villskapen er ungdommane teikna som dyreskikkelsar, medan dei vaksne er meir menneskelege. Denver skil seg frå dei andre ved å vere meir ubestemmeleg som dyr – Han liknar kanskje meir på ein slags demon eller ein zombie. Dei ulike dyrehammane verkar gjennomtenkte og godt tilpassa personlegdommen til karakterane, og det framandgjerande grepet funkar godt både som metafor og forsterking av horrorelementa. Boka har også ein fiffig måte å lokke lesaren inn i universet på: Denver går på ein halloweenfest og blir møtt av Ferdinan som ber han ta av den grusomme maska, men det er inga maske. Kompisen Bunyan er heller ikkje kledd ut som ein hare, han er ein hare. Ungdommane er, sjølv om dei ser ut som dyr, meir ekte enn dei (få) vaksne i forteljinga, noko som understreker tematikken tydeleg.

Sort lam begynte som webteikneserie i 2022 (og held framleis på), men serien gjer seg godt mellom to stive permar. Teikningane fyller sidene godt og er prega av ei rekkje kreative visuelle verkemiddel. Tidvis er sidene veldig kompakte og fulle av tette ruter, andre stader er dei knekt opp i overraskande vinklar og utflytande sekvensar. I dei mest eksplisitte horrorscenene der draum og røyndom flyt over i kvarandre, er til dømes det stringente ruteformatet nesten oppløyst og i tillegg prega av digitale verkemiddel, slik at det marerittaktige kjem tydelegare til uttrykk. Levang har ein eigenarta og røff stil som stundom stundom kan minne om (nordic) manga, berre meir punk, noko som kjem særleg til uttrykk i det levande kroppsspråket og andletsuttrykka til karakterane. Det ofte komiske og litt naive blir tydeleg kontrastert med det mørke på ein vellukka måte. Boka vert avslutta med ein cliffhanger som er meir horror enn emo, men som gir færre svar enn ein kanskje kunne ønskje. For dei som ikkje klarar å vente på neste band kan ein sannsynlegvis lese vidare på tapas (engelsk) etter kvart.

Det konkrete svarte lammet i Sort lam er eit lam som stel den siste røykpakka til Denver då han bur i skogshytta si. Eit svart lam (eller får) treng altså ikkje vere ein stakkars outsider, men like gjerne nokon som viser fing til samfunnet. Sauer er ålreite dyr, sa ein gong RV-politikaren og professoren Liv Finstad, men dei kan også vere pønk.

Sort lam
Av Oliver Levang
152 sider
349 kr.
Überpress

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *