Marknadsplassen i utval

‘Serienett har fortald om kva som skjedde på scenen under årets OCX, men det som gjekk føre seg på markandsteltet utanfor biblioteket kunne nokre gonger vere vel så interessant.

Talet på sjølvutgjevande serieskaparar ser ut til å vekse på årets OCX, eit sunnheitsteikn for bransjen og for heile teikneseriekulturen i Norge. Det spirar og gror på grasrotplanet. Her er eit utval av nye titlar som denne skribenten særleg merka seg som utegåande reporter på marknadsplassen.

Alle publikasjonar er sjølvutgjeve og utan forlagsnamn, unntatt der dette er spesifisert.

**

Det mannlige geni – Tegneserier frå Ingmar Bergmans arbeidsbøker 1960-1997
Tekstar av Ingmar Bergman, tolka og teikna av Espen Birkedal.
Svensk (og litt norsk)
150 kr.

Etter gjennomgangen av serieteiknarens sjølvbiografiske fanziner tidlegare i år følte eg meg ferdig med Espen Birkedal for ei stund. Men så dukkar han plutseleg opp med noko heilt annleis. Ingmar Bergman er ein av Birkedals største inspirasjonskjelder, viser det seg, og i denne fanzinen hyller han regissørlegenda med å tolke utvalde tekststykke frå arbeidsbøkene hans. Resultatet er stort sett scenar der Bergman går rundt og snakkar med seg sjølv, men serieskaparen får mykje variasjon og uttrykksfullheit ut av denne enkle premissen. Ikkje minst når han skal skildre Bergmans draumar, og visualisere regissørens kamp mot demonar. I streken åleine kjenner vi også igjen mykje av Birkedals underfundige og leikne humor.  Så det er eit personleg verk på fleire måtar.   

instagram.com/espen_birk


Fullt rustet til å takle livet
Av Alf Christian Saasen
Norsk
100 kr.

Saasen har fått eit tryggare grep om både strek og framdrift. «Fullt rustet» skil seg elles frå hans tidlegare teikneseriar ved at det overnaturlege elementet ikkje skal takast bokstaveleg. Rustninga som hovudpersonen, ein ung gut med problem på skulen kler seg i, er etter alt å dømme reint metaforisk. Spørsmålet som serien stiller, er i kva grad vi treng våre personlege «rustningar» i kvardagslivet.  Såleis er dette ei meir jordnær forteljing enn kva den drammensbaserte hobby-serieskaparen har laga før. Men alle dei elementa som gjer Saasens teikneseriar så eigenarta er elles på plass, både den sære humoren, dei spontane dialogane og dei uventa vendingane. Serieskaparen blir aldri for ambisiøs i formidlinga av ein bodskap, sjølv om det psykologiske aspektet i historia er forståeleg nok. 

Historia føregår på 80-talet, av ein eller annan grunn, så ein kan i tillegg more seg med å peike ut dei populærkulturelle referansane. I tillegg til arkitektur i Drammen, dersom ein er kjent der.

instagram.com/saasens_verden


CFBT
Skrive av Cristiano Cardone; teikna av Anthony Rodriguez Ramos, og Adriano Alves M de Lima etter storyboards av Dave Law; fargar av Damir Rosic
Engelsk (og litt polsk)
198 kr.

Truleg det mest ambisiøse indie-produktet som blei lansert på marknadsplassen i år. «CFBT» (Crooked Fingers, Broken Thumbs) er ein postapokalytisk cyberpunk-teikneserie, skrive av Cristiano Cardone, ein italiensk litteraturstudent busett i Norge. Serien er planlagt å gå over tre bind, og førelegget er hans eigen ennå upubliserte roman. Serien dreier seg rundt det merkelege, delvis seksuelle, om dnn lidenskapslause, forholdet melom ein kyborg og ein forskar/renovasjonsoffiser som plukkar opp lik i isolert storby ein etter tredje verdskrigen (sjå forsidbilde).

Historia er prega av at Cardone opphaveleg skreiv den som ein roman, og som han sjølv har innrømma, måtte han prøve å tenke nytt for å overføre den til teikneserie. For ein stor del tenker han ennå i prosa; det blir mykje veggar av tekst, både i dialogen og på dataskjermar. Dei grafisk beste scenane kjem først mot slutten, når han kanskje er blitt meir van med formatet. 

Prosatenkinga er kanskje også grunnen til at Cardone presenterer CFBT primært som sitt verk, heller enn eit gruppearbeid. Bere namnet hans står utanpå permen, og på innepermen er resten av teamet kreditert med eit «Thanks to». Kanskje til hans forsvar er det veldig mange involvert i produksjonen, inkludert ein teiknar på bakgrunnen og ein annan på karakterane. Men dette er ikkje den mest rettferdige måten å kreditere ein teikneserie på.  

cfbtcomic.com


An intro to Tezz O’Pink
Av Tezz O’Pink (Teru Chan)
Engelsk
50 kr.

Her har vi ei fanzine av den klassiske sorten, ein liten pamflett med assorterte småstykke som serieskaparen hadde tilgjengeleg. I Tezz’ tilfelle, ein fabel om ein hemmeleg dumplingrestaurant, ein stubbe om trøysta i varme og nyvaska klede som tek kortare tid å lese enn denne omtalen, og eit mini-føredrag om soppens økologiske tyding.  Tezz har sidan sendt meg nokre prøver som viser at ho også kan uttrykke mørke og uro i seriane mine, men akkurat dei i fanzinen er meir koselege, og passar godt til streken hennar; rund, varm og glidande.

instagram.com/tezz_o_pink


Spirit gaze
Av Waang Daa
Engelsk
70 kr.

Eit svart-kvit prototype til ein ny manhua (kinesisk manga), skapt av den kinesiske innflyttaren og SOME-influensaren Waang Daa («Dada» blant venner). Dette er hans første teikneserie i Norge, men Daa har laga fleire seriar på kinesisk, og både strek og historieforteljing er på eit profesjonelt nivå. «Spirit gaze» særmerker seg ved å finne stad i Bergen, der Daa nå bur, og ved å blande mytologiane. Både norrøne og kinesiske gudar blir involvert når Xingyu, ein ung kinesar busett i Bergen, oppdagar sin overnaturlege skjebne som ein slags ånderettleiar. Det skal bli spennande å sjå meir til både «Spirit gaze» og seriens teiknar.

instagram.com/waangdaa


Ontonauts: Starcrow #2
Skrive av Lars Schwed Nygård, teikna av Jelena Dordevic
Engelsk
50 kr.
Prime Noise Media

Lars Schwed Nygårds visjon om det ultimate, grenselause multiverset er for stor for ein trykt teikneserie i året (pluss minus), men han gir det ikkje opp. I fjor kom første nummer av «Starcrow», ein miniserie om ein ontonaut på oppdrag. I #2 har ho eit ærend i ei verd styrt etter den dogmatiske, organiserte satanismens regler. Jelena Dordevic er ein ypparleg tusjar og fargeleggar, (sjølv om eit 24 siders hefte i året er for lite til at eg rekker å venne meg til stilen hennar). Ho har ikkje mykje action å jobbe med her, men det skal seiast om Schwed Nygård at han evner å tilpasse materialet sitt. Dvs. at han greier å komprimere eit komplisert paradimensjonalt subplott til det passar inn i eit lite hefte.  Mens han beholder ein nerve.   

https://www.larsschwednygard.com


Vilma og Daddy – En Ekstraordinær hendelse på Grünerløkka
Av Eivind Wittemann
Norsk
250 kr.
Planetus

Eivind Wittemann var kanskje ingen kulthelt på Christopher Nielsens nivå, men han er ein veteran frå undergroundmiljøet, i tidsskrift som Gateavisa og Psykose. «Vilma og Daddy» er hans første barneserie. Hovudpersonane verkar inspirerte av han sjølv og dottera, og plottet er moglegvis inspirert at kommentarer om at hans Volkswagen 1968 minibuss er som ein tidsmaskin. I serien er den verkelege ein tidsmaskin, og tek far og dotter på vilkårlege reiser i tid (men ikkje i rom, for dei endar alltid opp på Grünerløkka).

Tonen er pedagogisk, og researchen skal ha vore grundig. Poenget er å lære barn om historie. Den pedagogiske grundigheita, formidlingsgleda og den generelle sjarmen veg opp for den ujamne streken. Noko av ujamnheita har ret nok sin heilt spesielle og finurlege grunn; Vilma er teikna av dottera hans, og er derfor meir stilisert enn resten.



Høyr også:
Marknadsplassen presenterer, del 1
Marknadsplassen presenterer, del 2

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *