
Kunstbøker og Bergen Art Book Fair verkar meir populært enn nokon sinne. Då drypper det litt på teikneseriane også.
Alle fotografiar av Trond Sätre
Bergen Art Book Fair (BABF) er ein internasjonal festival for kunstbøker og eigenpublikasjon som har blitt arrangert kvart år sidan 2013. I år som i fjor fann den stad på Bergen Kunsthall ved Festplassen, den første helga i april.
I hallens utstillingslokale er det trongt om plassane, både for dei som vil ha stand, og for nysgjerrige kikkarar (og forhåpentlegvis for kunstnarane, kjøparar). Sjølv på ei solskinshelg av den typen der alle bergensarar kunngjer at «nå må eg ut!» er denne innandørsfestivalen ein bra plass for kunstnarar å få merksemd
Med fokus på visuelle presentasjonar, blandingar av tekst og teikning og sal av fanziner, har teikneseriar sin naturlege plass på festivalen, og når det gjeld framsyning av teikneseriefanziner overgår den Raptus med veldig god margin. Ikkje minst fordi BABF i så stor grad legger vekt på eit internasjonalt miljø. Dei trekker til seg små, uavhengige, ofte underground utgjevarar frå heile verda.

Den kinesiske utvekslingsstudenten Lily, som bur eit år i Bergen, er på festivalen som representant for det Shanghai-baserte kollektivet 51 Personae. Her kunne ein finne »Journey to Wenzhou» av Gong Yi og andre kinesiskspråklege teikneseriar med og utan undertekstar.

Greske «Mike» gir ut mange kunst/teikneseriehefte på risografitrykk på imprinten Never Brush My Teeth, og det er til dels ganske dryge saker med sterke fargar. Titlar som «Terrible», «Oxymoron» og «Oh how they are all plotting against us» er ganske talande. Tema dreier seg vanlegvis rundt personlege kjensler, trauma og tankar, fortel han – I følgje festivalen si heimeside. PÅ sjølve festivalen vil han helst ikkje uttale seg, eller bli fotografert. Derfor måtte Serienett ta bilde av standen hans med kunstnaren utanfor bildet.

Polske Centrala, som i en periode ga ut fleire norske teikneseriar på engelsk og polsk, har ofte stand på BABF. I år tilbyr dei ei rekke med internasjonale publikasjonar, teikneseriar og kunstbøker. Dei fleste er på engelsk, av omsyn til publikum. Deira nyaste publikasjon, i alle fall på engelsk, er «Abortion Tales» av Beata Rojek og Sonia Sobiech, ein teikneserie basert på fem anonyme intervju med polske kvinner som har tatt abort.

Det nederlandske trykkestudioet Terry Bleu var representert ved sin grunnleggar, Hugo Rocci. Studioet inviterer ti kunstnarar i året til å bli med å lage noko, enten basert på eit prosjekt dei allereie jobbar med, eller noko dei utviklar saman. Joachim Drescher, mannen bak den den hemningslause dystopien «Motel Universe», er truleg studioets mest kjente serieskapar.

«Climate Emergency Reading Room» er eit slags ope bibliotek med eit allsidig utval av klima- og miljørelaterte trykksaker, Utgjevarar blir oppfordra til å ta med slike, og besøkande står fritt til å kikke i dei. Nokre av dei kunne ein også rekke å lese frå perm til perm, mellom anna ei handfull teikneseriar som «Honey and Vinegar» av Nikki Scioscia og «Froggy gets Fuel» av Barsky og Lydon.


Universitet i Bergens fakultet for kunst, musikk og design, KMD, hadde fått ein sentralt plassert (men dermed også støyande) stand på BABF i år. Studentar frå KMD har i ei årrekke vore sentrale i produksjonen av ‘Uberpress’ 24t-årbok, og innimellom lager nokre av dei sine eigne teikneseriefanziner, som Soren Jorays «Adrenaline». Serienett møtte dessverre ikkje han, for KMD si stand skifta mannskap kvar time. Alle skulle bidra. Serienett fekk lov til å fotografere desse to studentane på det villkåret at dei kunne posere bak sine eigne BABF-bidrag. Stidentane frå KiHO fekk eg derimot fotografere og namngi. Dette er Sanna Sønstebø og Jonathan Hörberg Danzer. Skaparen av teikneseriefanzina «Bukser som passer», Sara Madeleine Andreassen, var dessverre ikkje med.æ

Haugesundskunstnaren Martin Mentzoni – kunstmålar, teiknar, musikar og skater – er ein fast gjest på BABF. Han og hans Kaffi Fanzine har vore med sidan den gongen festivalen blei heldt på Bergen Kjøtt . Han er også skaparav «Ken The Kylling», ein underground-teikneserie inspirert av Pyton og Christopher Nielsen. Hans nyaste fanzine heiter «Ken the Kylling goes to the Nerdrum & Melgaard Art Show!», og den tittelen seier vel det meste.

Foot Books lanserte fire heilt nye fanziner på BABF; dei kom frå trykkeriet på onsdag. To av desse er teikneseriar i tradisjonell forstand, «Homunculi» av Seb Jeftord og «Help! Melissa from Helsinki» av Roope Eronen. Dei andre to er meir eksperimentelle bildeforteljingar. Foot Books er tidlegare mest kjent for å ha utgitt produksjonar av Tim Ng Tvedt, kulturlivssatiren «Strannberg – The Chauvinist Manifesto» (som også blei fremja på årets stand) og «Du har ingen makt i denne situasjonen» av Herman Breda Enkerud.

Espen Birkedal hadde to nyheiter (eller relativt nye publikasjonar) til årets BABF. Den første er teikneserieromanen «Et godt nytt år», ein romjulskrim som blei lansert i vinter, Den er forfatta av Arild Rein og teikna av Espen. Den andre er «Forlokkelsen» Kapittel 6-7. Espen har fortald om 60 års-bursdagscruiset til mora si over så langt sju kapittel fordelt på fem risotrykka fanziner, alle i ulike format. Dei siste delane av fanzinesoga blir klare til lansering på OCX 2025, seier han. Og deretter skal «Forlokkelsen» samlast.