Så lenge Therese G. Eide sine striper held fram i Bergens Tidende, seier eg ikkje opp avisa, erklærte Linda Eide i eit arrangement som berre kunne fått tittelen «Eide & Eide om teikneseriar».
Therese G. Eide er ein av gjestene på «Langs Linjo», den nyaste av Voss’ mange meir eller mindre kulturelle festivalar. Denne litteraturfestivalen blei arrangert for første gongen i helga 25-27. august på Kapellankåken. Kåken er Vossevangens nyaste kulturhus, og som namnet tilseier var den tidlegare fast residens for kapellanane i Voss prestegjeld. Seinare er den kjøpt opp av nye eigarar som sørga for at den blei pussa opp og sett i stand til å vere kultur- og selskapslokale. Første gongen den blei brukt til offisielt kulturføremål under nytt eigarskap, var under årets Vossajazz.
Kappelankåken er plassert i idyllisk landlege omgjevnader, men likevel svært sentrumsnært i forhold til Vangen. Festivalnamnet «Langs Linjo» viser til korleis huset er plassert rett over jernbanen.
I tillegg til Therese kunne festivalen by på gjester som m.a. Frode Grytten, Liv Bernhoft Osa, Marit Eikemo og Linda Eide. Linda er også ein av husets eigarar, så det var naturleg at ho hadde et sterkt nærvær. Intervjuet med Therese var likavel det einaste av arrangementa der ho hadde namnet sitt på plakaten, sjølvsagt med unnatak av «Språksjov Langs Linjo» på laurdagskvelden. Men laurdag klokka 12 samla ho ein fullsett sal (med førehald om at møtesalen på Kappelankåken har plass til opptil 80 stolar) for å snakke med Therese. Dei to blei først kjent på Lillehammer Litteraturfestival i fjor, der Therese og Jenny Jordahl hadde fått i oppdrag å teikne striper om inntrykka sine frå festivalen. Men det var Jenny som festa det først møtet til serieformat. I ei festivalstripe møter dei to serieskaparane språkkjendisen, og prøver å spontant seie noko klokt og vittig. I staden kommenterte dei at Linda hadde ein «fin pose!»
Therese gjekk gjennom den vanlege historia om opphavet til «Intet Nytt frå Hjemmefronten», men seansen fekk fort ein meir ledig tone, der dei kulturinteresserte vossingane viste seg å vere eit takknemleg lattermildt publikum for Thereses striper på storskjerm. Men Eide var profesjonell nok til å stille minst eit spørsmål som i grunnen burde dukke opp oftare: Korleis greier du å finne på ein morosam ide kvar dag? Som Therese poengterte, Jens K. Styve kallar striper for teikneseriens ekstremsport. Thereses svar er at du kan ikkje vere for kritisk, og du må skrive ned kvar einaste ide du får.
Det blei elles tid til både nostalgi (Linda hadde tatt med ein sikkert ganske antikvarisk Asterix-perm med fillete førsteutgåver i) og drøfting av teikneseriar i ein større litterær og kulturell kontekst. Mediet er ein stad midt i mellom kunst og litteratur, slo Therese fast. At teikneseriar har gjennomgått ei statusutvikling i nyare tid, var begge Eidene samde om, særskilt med referanse til Brage-prisen til «Munch». Men Therese kom med eksempel på kor langt statusen i samanlikning har kome i andre land. På ei reise i Frankrike, nemnte ho, kunne dei ikkje gå inn i Notre Dame-katedralen grunna brannskadane, men utanfor sto det ei utstilling – I teikneserieform. Så ålmenngyldig er vel ikkje bruken av teikneseriar i Norge ennå?
Arrangementet blei avslutta med eit gamaldags årelotteri, der vinnaren av ei Hjemmefronten-bok var…Thereses far, som godkjente ei omtrekning.
Alle fotografi av Trond Sätre