OCX time for time

Serienett følger laurdagen på OCX 2019 fortløpande.

Som nemnt i går er programmet for OCX forskyve, såpass at Serieteket ikkje hadde nokre programinnslag før klokka to om ettermiddagen. Ein grunn til dette kan vere at festivalen ville gi større spelerom til teikneserieverkstaden «Seriestreker» på Deichmanske Grønlands nye barneavdeling, som etter ombygginga er i Serietekets gamle avdeling. Tore Strand Olsen (f.v.) og Ronny Haugeland aktiviserte barna fra tolv til to.

Ida Larmo har levd eit så utruleg rikt og spennande liv, etter eige utsegn at ho syntes det var på tide å gi ut ein sjølvbiografi. Ho var den første som fekk gå på Serietekets scene laurdag. Studieoppholdet i London var kanskje ikkje så hardt som ho gir inntrykk av i den nye boka «Bow & Arrow», innrømmer ho. Men begynnelsen var verkeleg tøff for ein som ikkje var vant til å vere aleine. Ho innrømmer også at skildringa av den kleine stemninga heime var ein smule overdrive, men at ho brukte det som passe best inn i historien.

F.v. Ida Larmo og Walter Wehus

Ida hadde sin eigen måte å bygge opp «Bow & Arrow» på. Ho begynte ikkje med manus, men med skisser og storyboards, og forma historia rundt den etter kvart. Først etter at ho fann den gamle dagboka, begynte det å løsne på manussida. Ho håper at ein jamn flyt resulterte i ein samanhengande historie.

Post-«Værbitt» bur Ida stadig i Kabelvåg, og har planar om å lage ein teikneserie basert på nordnorske segn. Men fullføringa av det prosjektet ligg langt fram i tid. På kortare sikt har ho illustrert ei bok om Hurtigruta som kjem ut på Kagge forlag i haust.

«Pust inn, og pust ur. Prøv å bli eitt med verda.» Tyske Nadine Redlich opna sitt føredrag på OCX med meditasjonterapi. Deretter fortalde ho om tøysepostar som vennene hadde ført opp på sjølvmeldinga hennar. Til liks med seriane hennar er presentasjonen til Nadine minimalistisk og full av tankefulle pausar, men også full av pussige innfall.

Presentasjonen dreide seg rundt ein multimedia-presentasjon av bøkene hennar med musikk og begrensa animasjon, og små anekdoter, m.a. om å bli saksøkt for ulovleg bruk av Wunderbaum i seriane sine. På ein hektisk og tidvis regnfull festivallaurdag var Nadine Redlich eit friskt pust.

Intervjuar Aksel Kielland oppdaga Charles Forsman første gongen då han fekk tak i ei handfull «mini-comics» med tittelen «End Of The Fucking World» Dette skulle bli hans gjennombrot og hans mest kjente serie. Han fekk si utdanning på Center for Cartoon Studies i Vermont, ein av dei meir auteur-orienterte teikneserieskulane i USA.

F.v. Charles Forsman og Aksel Kielland

Etter skulen fekk han publisert den delvis sjølvbiografiske «Celebrated Summer». Både i denne og «Fucking World» var målet å fange opp kjensler frå si eiga ungdomstid, meir enn å fortelje historiar. Forsman er mest kjent for ein enkel strek som slektar litt på Charles M. Schulz , men har prøvd seg på nokre avvik frå formelen. «Revenger» og «Slasher» prøvde begge å appellere til eit breiare publikum. Han føler at det er større toleranse for å like både alternative teikneseriar og mainstream nå enn før.

Saman med intervjuar Marius Renberg gjennomgjekk Blutch bibliografien sin, stort sett kronologisk, på Serieteket tidleg laurdag kveld. Blutch har henta kunstnarnamnet sitt frå ein av hovudpersonanen i teikneserien «Blåjakkene». Men det var først kallenamnet hans frå skulen, initiert av en kamerat som visstnok var så innflytelsesrik at sjølv foreldra begynte å kalle han det. Mest kjent i Norge er han nok for «Blotch – Kongen av Paris», som også var ein gjennombrot for serieskaparen.

F.v. Blutch og Marius Renberg

Sjølv om franskmannen er ein høgt ansett serieskapar i dag, meiner han at han kunne vore ein «cartoonist» (i tydinga vitseteiknar) som Blotch. Samstundes var han redd for at den arrogante Blotch skulle trekke han ned med seg. «Modern Speed» blei vegen vidare. Blutch søker spenning innan sitt medium, og vil ikkje binde seg til ein serie eller ein sjanger.

Hilde Østby har fulgt Jason lenge; første gongen ho intervjua han var i 1997. Når ho skulle intervjue Jason denne kvelden, valgte ho ei tilnærming som ligg opp i dagen for den høgt respekterte norske serieskaparen – Nemlig hans fascinasjon for å , noko som for alvor blei eit tema med «På veien til Santiago» (2016). «Josephine» dukka først opp i denne boka, utan at det dermed er så opplagt kva Jasons heilt nye bok, «Åh Josephine» handlar om. Serieskaparen innrømmer at namnelikskapen var mest ei tilfeldigheit.

F.v. Jason og Hilde Østby

Boka er ein antologi med fire serienoveller, korav den første rett nok er ei ny forteljing om å gå, men denne gongen langs ei bestemt rute i Irland. Boka innheld også ein veldig fantasifull Leonard Cohen-biografi. Hilde Østbys første anbefaling var at ho lo på kvar einaste side då ho leste denne. På tilsvarande måte bruker boka også Napoleon og Josephine. Josephine Baker, altså.

Jason kunne røpe at måten har jobbar på er ganske kaotisk, og at han t.d. ofte bare skriver dialog for tre ruter framover. Ikkje desto mindre er skrivinga den delen av prosessen som interesserer han mest. Det er eit bevisst grep at han lar det bli igjen eit mysterium til lesarane på slutten av historiane, men risikoen er jo då at folk spør han kva det var som eigentleg skjedde der og der. Noko som har skjedd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.