Festival i visuelle grenseland

Bergen Art Book Fair har plass til eit utal av visuelle uttrykksformar, også teikneseriar, men er på sitt mest interessante når den beveger seg i grenselandet mellom den niande kunstarten og andre grafiske uttrykk. Festivalen blei arrangert i Bergen Kunsthall denne helga.   

Centrala si salsstand (under) er eit vanleg syn på europeiske teikneseriefestivalar. Det opphavleg polske forlagshuset, som nå også opererer i London, har gjort eit allsidig utval av europeiske teikneseriebøker tilgjengelege på engelsk, inkludert norske titlar som Kjære Rikard og Moskva. Deira nyaste utgjevnad er Dog Days, som sjølvsagt er ei engelsk omsetjing av Anja Dahle Øverbyes Hundedagar.

centrala.org.uk


ÜberPress hadde to nyheiter på BABF. Den første, ÜberSuperhelt, var rett nok presentert førre helg, mens den andre, Bergen 24t 2017, er ny denne helga Sistnemnte bok samlar alle bidraga frå årets 24 timars teikneseriemaraton i Bergen i september. Dette er andre året at ÜberPress samlar desse, og boka er tydeleg tjukkare enn fjorårets. Redaktør og utgjevar seier han satsar på at neste års samling blir endå større.

uberpress.no


Ola Olsen Lysgaard, som hadde salstand ved sida av, har ingen nyheiter, men tok med sine eigne seriar, i tillegg til fanzineprosjektet «Heftibox», ei samling minifanziner av andre serieskaparar som han først presenterte på OCX i år.

olalys.com


Den franske underground-utgjevaren Atelier Turut og deira antologi «Freak Show Comix» er kanskje det reinaste teikneserieprosjektet av alle dei utanlandske utstillarane som hadde eigen stand på årets BABF. Turut var representert av serieskaparane Cécilia Pepper (avbilda) og Zirozino. Pepper har bidrege med ei teikneserienovelle basert på den sanne historia om korleis koristen Philippe Reniche frå det parisiske punkbandet Bérurier Noir blei drepen på bestialsk vis. Zirizino bidreg med ein teikneserie laga rundt teksten til gruppa Suicides «Cheree».

ceciliapepper.com
atelier-turut.com


Kunstnaren Kay Arne Kirkebø lager fanziner som ligg i grenselandet mellom teikneseriar og bildande kunst. Då han begynte med dette formatet var det meint som ei litt forsiktig overgang til å plassere teikningane inn i eit format som publikum kunne ta med seg. Etter kvart som mengda med fanziner veks, såg han potensialet i å lage ei bok ut av alt saman. Resultatet er «All is Lost», ei teikna bok nesten utan ord (unntatt titlane på kapitla)  -Eigentleg er det mange små historiar om det å vere litt fortapt, eller å vere i ei litt håplaus situasjon, forklarer Kirkebø. – Det kan sjåast på som ein samanhengande forteljing, av måten alle bilda er sett saman på. Men eg vil også at lesaren kan opne boka kor som helst, og få eit par historiar ut av det. Kvart bilde er ei individuell, lita historie.

kayarne.net


Kinesiske Yilei Wang studerte ved Kunsthøgskolen i Bergen, og har budd i Norge i åtte år. På BABF var ho for å representere både Northing, ein organisasjon som promoterer norsk kunst-og designkultur i Kina (og omvendt), og kulturinstitusjonen Meridian Space i Beijing. Meridian hadde fleire kinesiske teikneseriefanziner på utstilling under BABF.

www.meridian-online.com/space
www.northing.no


Liu Yng-Chieh frå Taiwan er ein fantastisk grafisk kunstnar, her avbilda saman med mange av sine kunstbøker og pamflettar. Opptil fleire av kunst-trykka og bøkene hennar brukar teikneseriens forteljarform.

liuyingchieh.com


Sandra March frå Barcelona var ein av dei mest allsidig kunstnarane på årets BABF. Som vi ser av bakgrunnen låner ho også få teikneserianes ikonografi. Under imprinten Perdita METABUK formilder ho sine uttrykk ikkje berre på plakatar, postkort og i fanziner, men på så ulike plattformar som terningspel og view-master.

www.perditametabuk.com


Narves1biblioteket har blitt eit vanleg syn på marknadsplassen til OCX. På laurdag hadde dei fanzineworkshop på formidlingsrommet til Bergen Kunsthall. Alle deltakarar fekk ein arbeidsavtale og, på slutten av det 15-30 minuttar lange kurset, ein pensjonsavtale. Prøvetida var delt i: enkel kjøkkenteneste, avdeling for å lage tidsskriftshaldar til fanziner, avdeling for å lage og trykke fanzine, avdeling for å lage potetstempel, mellomleiarstilling, og til slutt avgang med kake og pensjon.


Den særs fordelaktige standplassen som er den første ein ser når ein kjem inn i stands-og utstillingslokalet, var først okkupert av Blokk Forlags Ingrid Brubaker og Anja Dahle Øverbye (øvst). Dei var kome særleg for å presentere to nye fanziner; «Kjært, Fælt og Sirkulært» av Åge Peterson og «Daz» av Kai Nødland. På søndag var standen overteke av Narves1biblioteket (nedst). Avbilda er (frå venstre) medarbeidarane Herman Breda Enkerud og Christa Barlinn Korvald.

www.narves1biblioteket.no
blokkforlag.no

1 tanke om “Festival i visuelle grenseland

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *