Julehefter 2019 – Ymse

I Serienetts første podcastsending tek Arild Wærness og Knut Robert Knutsen for seg eit broka utval av årets julehefter.

På grunn av den store mengda med hefter, og den ledige samtaleforma under innspelinga, kjem juleheftepodcasten til å gå over fleire sendingar som blir lagt ut i dagane fram mot advent.

Intro

I denne første runden ser Arild og Knut på Jul På Skaugum, Arild Midthuns Donald: Jul På Hjul, Nemi, Frost, Juletre, Donalds Glade Jul, Asterix: Gallerhøvdingens Datter (såkalla julehefte), Willy På Eventyr, Hercule Poirot: Mord På Orientekspressen og Donald Duck & Co.: Jul På 50-tallet.

Dei drøfter også om forlaga kjem til å gi ut fleire og fleire ikkje julerelevante teikneseriealbum som «julehefter» for å få dei til å selge. Og sjølvsagt det store spørsmålet (som alle eigentleg veit svaret på?): Les ungar teikneseriar lenger?

Spoiler: Arild Midthuns Donald og Juletre får suverent høgast karakter av vårt panel i denne runden. Heiderleg omtale går også til Jul På 50-tallet og Hercule Poirot.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *