
I Serienetts åttande julepodcastsending ser panelet vårt mest på amerikanske seriar frå etter 1949.
Arild bruker samlenemninga «Sånne hefter som er der heile tida, men som du ikkje er så opptatt av» mens Knut Robert oppsummerar det som «hefter som du kjøper etter du har kjøpt alt som er bra». Men i praksis betyr det amerikanske teikneseriar av ikkje den aller eldste årgangen.
Etter å ha vurdert Hårek gjer panelet seg nokre betraktningar om komplettisme før dei går vidare Tommy & Tiger’n – Eit meisterverk, sjølve serien, men kva nytte gjer juleheftet? Tom & Jerry har alltids den dyktige Oscar Martin, men i år har heftet i tillegg nokre serieskaparar som er vanskelegare å identifisere. Pusur overlever framleis som julehefte – «For førtiåringar som føler seg som femtenåringar» meiner Knut Robert.

Til slutt har Billy, overraskande nok, heilt nytt og spesiallaga materiale, av Sam Klein. Særleg bra er det visst ikkje, men Sam og forlaget skal ha for forsøket. Vil Raptus vurdere Sam Klein som Raptusgjest neste år?