Øyvind Lauvdahl hadde ikkje noko forhold til Ingeniør Knut Berg frå før, men let seg inspirere til å overta serien med årets julehefte.
Øyvind Lauvdahl er tidlegare mest kjent for Kjære Sorgenfri og Ontography. Ingen av desse har nokon veldig tydeleg likskap med «Ingeniør Knut Berg på Eventyr» (IKBE), men då serieskaparen blei spurt om å overta serien, gjorde han den naudsynte researchen. -I lesinga mi fann eg ein serie prega av komplekse spenningar, ein serie full av samklang med tendensar i vår tids kultur, fortel han. -Dette materialet blei eg raskt interessert i å arbeide med. Forhåpentlegvis vil mi tilnærming bidra til at fleire får et forhold til Knut Berg, ser han for seg.
Knut Berg v3
IKBE blei først gongen publisert i Nynorsk Vekeblad i 1941. Serien var inspirert av amerikanske eventyrseriar, etter kvart meir og meir av science fiction og space opera som «Lyn Gordon» og «Tom Trick». Den gjekk som føljetong i vekebladet, og blei publisert som julehefte frå 1943 (med avbrot i 1944) til 1960. Forfattar var Hallvard Sandnes alias Vigleik Vikli og teiknar var Jostein Ragnvald Øvrelid, alias Ronald Stone.
Øyvind Lauvdahl står for den tredje inkarnasjonen av IKBE, og er den første serieskaparen som både skriv og teiknar serien. I motsetning til Fonnas andre klassisk teikneserie, «Vangsgutane», har IKBE ikkje alltid vore fast innslag i juleheftehylla. Frå 1961 til 1999 blei det berre utgitt eitt hefte, eit nytrykk, og det måtte bestillast frå forlaget. Frå 2000 til 2006 var nytrykk av julehefta (i butikken) fast tradisjon. Frå 2007 til 2009 gjorde forlaget eit forsøk på å modernisere serien med nye historier forfatta av sjølvaste Bing & Bringsværd, og teikna av Knut Westad, før dei gjekk tilbake til Vikli/Stone-reprisar frå 2010 til og med i fjor.
Eit produkt av si tid
Øyvind fortel at han har stått veldig fritt i arbeidet med sin versjon av denne serien. Analysen hans er at IKBE vaks fram i det som har blitt kalla ingeniøranes sin gullalder, ein periode som grovt sett kan seiast å samanfalle med det som ofte blir kalla teikneserianes gullalder. -Min Knut Berg må nødvendigvis vere eit produkt av si tid, legger han til.
Mykje tyder likevel på at formatet kjem til å ligge tettare opp til originalen enn kva som var tilfelle med Knut Westads versjon, både i tekst, strek og fargar. Førehandvisningar som serieskaparen har lagt ut på sosiale media leiar tankane til det klassisk tofargetrykket. -Mi versjon bygger på materialet som er utgitt til nå, både i form og innhald, seier Øyvind.
Han blei kontakta av forlaget rett før jul i fjor, og arbeidet hans med det første heftet er ferdig. Plottinga av det neste er allereie i gong.
Ingeniør Knut Berg julehefte 2022 kjem sjølvsagt i november.
Øvst: Utsnitt frå årets hefte. Kjelde: Art of Øyvind Lauvdahl, Facebook
Les også:
Intervju med Øyvind Lauvdahl
Anmelding av «Kjære Sorgenfri»
Anmelding av «Kjære Sorgenfri 2»
Anmelding av Ontography-bøkene
Anmelding av «Impro»