Peder Hornseth Nygaard har vunne Dina Norlunds debutantpris for ”Supernova”
Forsideillustrasjon av Eden B. Melles. Alle fotografi av Trond Sätre.
Dette er tredje gongen Dina Norlunds debutantpris blir delt ut, og første gongen den blir delt ut til ein serie som kom ut på TNT. Første prisen gjekk til Ola Nielsen Oldani og Martin Hvattum, alias Ola og Martin, for «Villvillmarka – Den siste hodeskallen». Andre prisen gjekk til Cathrine Sandmæl for «Jenter». Det blei sjølvsagt lagt til at Cathrine snart er klar med oppfølgjaren «Bare oss to».
Prisen blei delt ut til Peder i Bonniers lokale i Universitetsgata, Oslo, i går. Det blei servert diverse drikke og kaker, mellom anna ei «kvit dame» som hadde forsida til Supernova trykt på marsipanlokket, og som difor måtte skjulast til kunngjeringa var gjort.

Vilkåra for prisen, som Tormod Løkling forklarte innleiingsvis, er at vinnaren må vere «eit trykt episk verk som er fantasifullt, underhaldande og ha barn og ungdom som målgruppe»
Utanom Tonje Tornes, Tormod Løkling, juryleiar Ragnhild Malfang og prisvinnaren var ein fullsett sal av venner, bransjefolk og familie til stades. Mellom anna foreldra til Dina Norlund, som kunne kunngjere at den stor kunstboka dei har prøvd å få realisert, blir lansert i morgon. Boka får tittelen «Dina’s World», og inneheld heile Dina Norlunds produksjon, med alle skisser og konsept. Kolossen av ei bok som Dinas far Peder Norlund synes «liknar litt for mykje på ein bibel for min smak» blei første gongen offentleggjort under prisutdelinga i går.

Ragnhild Malfang, delte ut prisen saman med Tonje. I juryens grunngjeving heiter det mellom anna:
«‘Supernova’ er den mest helstøpte av alle debutantene i bunken. Nygaard viser full kontroll over tegning, figurer, handling, leseflyt og verdensbygging. På mange måter virker debutanten svært erfaren og tegner selvsikkert i en avgrenset fargepalett. Fargebruken er brukt med omhu og bidrar til å både bygge spenning og stemning.»1
Prisen er på 25 000 koner og eit Dina Norlund-litografi. I tillegg fekk akkurat denne prisvinnaren også eit eksemplar av «Dina’s World».

I det påfølgade sceneintervjuet kunne Peder først stadfeste at han jobbar med bok to, før han kom litt inn på opphavet til «Supernova».
Det begynte som ein webtoon som han eigentleg skulle legge på hylla for å jobbe med eit meir personleg prosjekt, «Limbo». Etter kvart såg han at «Limbo» blei for avansert. Så han gjekk tilbake til «Supernova» og oppdaga at den kunne bli veldig personleg for han, den også. Røtene til inspirasjonen ligger i kreftsjukdommen han måtte slite med i barndommen. Ragnhild, som har mista eit familiemedlem til kreften, kunne relatere seg til det.
Fascinasjonen for det biotekniske, som går igjen i «Supernova» blei vidare trekt fram som ei viktig inspirasjonskjelde. Med eit tema som bioteknikk er det naturleg å ty til science fiction, meiner Peder. Av meir konkrete inspirasjonskjelder la han til Simon Stålenhags illustrerte sci-fi-dystopi «Electric State», som han roser for bokas visuelle styrke og detaljrikdom. Han trekker vidare fram PC-spelet Hyper Light Drifter, som inspirert han til å bruke signalfargar og kombinere sci-fi med natur (særleg skogen).

Vidare kunne han røpe at det var litt tilfeldig at hovudpersonen i serien, Finn, blei ein kvitskjegga gubbe. Eigentleg skulle han ikkje vere meir enn rundt 30, men ved eit innfall prøvde Peder å teikne han som ein gamal mann, og syntest det såg kult ut.
-Å vere teikneserieskapar er som å vere urmakar, reflekterte han. -Det er mykje å setje saman, og du må gjere mange ulike jobbar. Eg har vor nøydd til å lære meg mykje om historieforteljing.
Ei tilnærming som Peder først trudde kunne bli for personleg, har vist seg å ha resonans hos mange. Ragnhild avslutta samtalen med å takke Peder for at serien blei så personleg, og for at den gir håp at ting kan endre seg.








