Ormen under den skuldlause blomen

Blodoks front

Gunnhild Kongemor får endeleg sin eigen saga, tilpassa vår tid. På godt og vondt.

I Aleksander K. Brown og Andreas K. Iversens prisverdige forsøk på å gi ei av sagalitteraturens store kvinner sin eigen saga, oppstår det eit slags paradoks allereie i tittelen – Blodøks: Sagaen om Gunnhild Kongemor (heretter Blodøks). Hovudpersonen, Gunnhild, er bokstaveleg tala ramma inn av ektemannen Eirik Haraldssons aukenamn, Blodøks, og sitt eige, Kongemor. Sjølv ikkje i sin eigen saga er ho noko utan mannen og sønene. Når Brown og Iversens prosjekt er, som dei seier i etterordet, å «fremstille [Gunnhild] på en litt mer balansert måte enn i sagaene», kunne dei ha begynt med å definere henne ut frå seg sjølv, ikkje mennene i livet hennar.

Blodoks 03

Ein klassikar til glede for nye lesarar

Blodøks er basert på eit solid kjeldemateriale, men aller viktigast er Snorre Sturlassons Heimskringla. Teikneserieskaparane har gjort ein god jobb med å tilretteleggje Snorre til mediet sine avgrensingar og mogelegheiter, samtidig som dei freistar å nå eit ungt publikum. Her er det vikingaction i bøtter og spann, for dei som likar slikt. Snorres prosa er bytta ut med eit lett modernisert og tilgjengeleg språk, både i tekst og bilde, som går på bekostning av den norrøne litteraturen sine subtile underdrivingar; hjå Brown og Iversen er svært lite overlate til fantasien.

Å kalle verket «historisk korrekt», som Are Sende Osen gjer i ein blurb på baksida, er ei sanning med modifikasjonar. Snorre skreiv ned kongesagaene på 1200-talet, og Eirik Blodøks, Noregs andre konge, regjerte rundt 250 år før dette. Dei tidlege kongesagaene inneheld vidare fleire overnaturlege element som liknar meir på fantasy enn fakta, men det er no dette (og nokre andre spede kjelder) me har å halde oss til, så historisk korrekt nok er det vel.

Blodoks 05

Eirik var ein av Harald Hårfagres mange søner og den naturlege arvingen, sidan har var den einaste som var fødd av ei dronning. Historia bør vere kjend for dei fleste, men for dei som har eit rustent forhold til kongerekka: Eirik Blodøks fekk aukenamnet sitt fordi han skal ha drepe fem av brørne sine i maktkampen om trona. Etter å ha regjert i fem år blei han driven i eksil, men regjerte vidare i Jorvik, dagens York, ein periode (her er kjeldene uklåre, for å seie det mildt). Etter døden freista sønene hans lenge å ta knekken på Eiriks veslebror, Håkon «Den gode» Adalsteinsfostre, som no var konge i Noreg. Det gjekk sånn passe.

Blodoks 01

Makta bak makta

Bak denne gjengen med maktkåte menn stod Gunnhild. Ho har mykje til felles med Shakespeares Lady Macbeth: Ei ærekjær kvinne som styrer mannen mot den skjebna ho meiner han fortener. Lady Macbeth påkalla vonde ånder og bad dei: «… slett ut mitt kjønn / fyll meg frå topp til tå med skitten gru (…) / steng veg og tilgang til alt samvitsgnag», alt for at Macbeth skulle bli konge. Gunnhild er likeins i pakt med vonde ånder og kviskrar i Eiriks (og seinare sønene sine) øyrer. Ho kler seg i svaleham for å spionere på fiendar, og ho konspirerer med alt som kan krype og gå for å karre til seg makt.

I Brown og Iversens portrett er ho alltid bak kulissene, ofte teikna med eit oppsyn som enten utstrålar renkespel (med smale, vondskapsfulle auge) eller påtatt uskuld (som Lady Macbeths credo om å vere som «ormen under den skuldlause blomen»). Det er ikkje lett å få sympati med henne, men ho ber forteljinga godt nok gjennom boka sine 118 sider. Det heng også saman med at forteljinga er så handlingsmetta at sympatiske karakterportrett er sekundært. Til Gunnhilds forsvar kan det også nemnast at det er få karakterar det er lett å få sympati med. Alle verkar som dei speler minst to spel samtidig, og gjer dei ikkje det, er dei enten dumme eller drivne av overmot. Dei er brikker i eit spel dei ikkje har full oversikt over, men som Gunnhild, den luringen, eigentleg styrer.

Blodoks 02

Tapt mogelegheit

Teikneserieskaparane har samarbeidd fleire gonger tidlegare, mellom anna i Edward Rubikons mysterier (Cappelen Damm, 2016 m.fl.) og i Elggutten (Omnipax, 2025). Det etablerte samarbeidet om tekst og bilde talar til Blodøks’ fordel. Forteljinga har godt driv, og der Brown forenklar kjeldematerialet, bidreg Iversen med ytterlegare forenkling gjennom karikerte personskildringar og heseblesande (og passe blodig) handling. Den enkle, rett-fram teiknestilen går hand i hand med korleis Brown har strukturert forteljinga og er fint tilpassa unge lesarar, som sannsynlegvis får alt dei kunne ønskje seg.

Ein kan innvende at det ikkje er så mykje nytt i teikneserien, men det er nok heller ikkje poenget. Brown og Iversen skriv og teiknar for barn, og dei lukkast i å fortelje sagaen om Gunnhild på ein engasjerande måte. Ein treng ikkje vere ein vikinginteressert historienerd for å få utbytte av forteljinga.

Blodoks 04

Likevel representerer teikneserien ein tapt mogelegheit: Forsøket på å skrive og teikne Gunnhild ut av manneskuggane lukkast berre delvis og blir ofte skyfla vekk til fordel for vikingaction. Om Gunnhild skulle fått ein saga som let henne vere noko anna enn «eit anna kjønn», burde ho fått større plass og blitt blitt framstilt på ein mindre karikert og stereotypisk måte.



Blodoks cover

Blodøks – Sagaen om Gunnhild Kongemor
Skrive av Aleksander Kirkwood Brown, teikna av Andreas K. Iversen
128 sider
349 kr.
Cappelen Damm