Opprør i teikneserie-Norge

Norske teikneserieskaparar samlar seg bak eit krav om auking av teikneseriepotten.

I dag begynte norske serieskaparar å poste eit felles demonstrasjonstog med sine eigne teikneseriefigurar på sosiale media. Føremålet er å rette merksemd mot behovet for auka teikneseriepott på innkjøpsordninga.

Prosjektet starta med at Anja Dahle Øverbye og Jenny Jordahl initierte allmøte for serieskaparar, der ein vedtok i fellesskap å jobbe med støtteordningane. Det er Jordahl som hovudsakleg har leia arbeidet med demonstrasjonstoget, med hjelp frå Grafill Tegneserie. Men ho understrekar at dette teikneserieopprøret er eit felles grasrot-initiativ som kjem frå Fagprat-gruppa på Facebook.

I kunngjeringa som ho posta på sosiale media, legger Jordahl vekt på at innkjøpsordninga for teikneseriar sikrar at lesarar over heile landet får tilgang på gode teikneseriar gjennom biblioteka, at bransjen er i enorm vekst, og at både forlag og aviser satsar på norske teikneseriar. Og likevel kom serieskaparar dårlegast ut av Grafills siste lønnsundersøking.  Budsjettet er sprengt og har vært det lenge, skriv ho. Lesarane mister tilgang på verdifull litteratur – og serieskaparane mister inntekt som dei er avhengige av for å halde fram med å lage teikneseriar.

Are Edvardsen har vore sterkt engasjert i saka, og seier i ein utsegn at Grafill støtter teikneserieopprøret heilhjarta. I fire å har faggruppa for teikneseriar hatt møter med kulturrådet, forlag og teikneserieskaparar for å betre teiknarane sine kår i Norge. -Nå må vi gjere eit skikkeleg opprop og opprør for å bli høyrt, seier han, og legger til at Jenny Jordahl har gjort eit kjempeløft for teikneserieteiknarar i Norge, og  at Grafill tegneserie skal bistå henne med alle middel!

Jenny Jordahl har lagd denne teikneserien til kampanjen for auking av teikneseriepotten, og den er attgjeve her med hennar løyve.

Sjølve demonstrasjonstoget (utsnitt øvst) og namnelista er så omfattande at lesarane blir oppfordra til å laste det ned sjølv her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *