
Den begynte i NTF, nå er den på ÜberPress. Serienett ser på omslaget til Kibō Volum 1.
Etter at Rakkan ble nedlagt, ville Foreningen Norske Mangaskapere (FoNoMa) ha ein ny norsk manga-antologi som kunne erstatte denne. Opphaveleg skulle den vere ei spesialutgåve av Bobla frå NTF, men i juni kunne redaktør og bidragsytar Mark Egan stadfeste at dei hadde skifta samarbeidspartner. Nå er det klart at den nye partneren er ÜberPress.
Dette er ikkje ein heilt blind analyse, ettersom eg har notert at boka er lagt ut til førehandssal på ÜberPress sine heimesider, der ein også kan sjå sampler frå kvar serie, men den endelege forsida blir sjåande slik ut:

Forsida er teikna av Dænney, som også var fast bidragsytar på Rakkan. Ho var sist sett i Volum 4, der ho bidrog med andre kapitlet av sin eigen serie, «[MEULENCEA] Pentagon Saga». Karakterane frå den serien ser ikkje ut til å vere dei same som på denne forsida, og basert på samplene er det vanskeleg å slå fast om dei er med i nokre av seriane, eller om dei berre er manga-arketyper: Vakre, unge, grasiøse menneske med visse trekk som gjer dei litt ekstra sexy eller søte.
Det vil seie, figurane som flyg i bakgrunnen er Bård Lilleøiens sjøfuglar, og dei veit eg er med i antologien, for del to av seriens hans, «Dumme sjøfulgler» er eit av bidraga til antologien. Første kapittel av serien debuterte i siste bind av Rakkan. Designmessig er står dei kontrast til resten av illustrasjonen, men ikkje for mykje, for sjølv dei ser litt grasiøse ut akkurat her. Ser vi nærmare på himmelen legger vi merke til ein ein glidande overgang mellom dag-og nattehimmel (noko av det same temaet eg var inne på i denne analysen). Denne natt-og-dag-kontasten blir understreka av detaljar som stjerneskota på himmelen og flaggermusa på hovudet til den første jenta frå venstre.
Logoen følger mønsteret frå Rakkan – Den japanske skrivemåten av tittelen står øverst, den vestlege skrivemåten under. 楽観 (Rakkan) betyr optimisme, 希望 (Kibō) betyr håp. Forsida informerer også om at dette er ein norsk manga-antologi, moglegvis i håp om at det er salsfremjande informasjon. Vi blir også minna om at leseretninga er japansk. Det kan verke som ei merkeleg spesifikk opplysing å ha med på forsida, men kanskje det er for å minne ekspeditørane om å sette boka rett veg i hylla?
Kibō Volum 1 kjem ut en 10. septemer.






