Coveravsløring: Stjernenes port 2

Gjett kva «nordisk manga»-tittel som også går til TNT. Serienett gir deg første kikken på «Forbi stjernenes port: Velkommen til Mana Maitri».

Nå er det stadfesta at Benedicte Luane Kristensen og Sam Einar Engh Syftestad går til TNT/Bonnier med «Forbi stjernenes port». Denne serien, ein av «nordisk manga»-seriane ser mest ut som manga, debuterte på Egmont i fjor vår med den undertittel-lause «Forbi stjernenes port 1».

Av dei utgitte titlane som går over fleire bind, eller er meint å gå over fleire bind, sit Egmont igjen med «Soluna» og «Maria Storm». Status på «Oppfinneren» er uavklart. Uansett kjem verken denne eller «Soluna» ut med nytt bind i år, og redaktørens stalltips er at «Maria Storm» går til TNT så snart Ampofo/Østenstads kontrakt tillet det.

Men nå er det altså snakk om «Forbi stjernenes port» volum 2, ein av ganske mange bøker som TNT gir ut denne bokhausten. Dette er ei «blind» analyse av coveret på den måten at eg ikkje veit noko om handlinga i boka. Men eg har lest volum 1.

(Klikk for å forstørre)

Det første eg merker meg, er kor lite ny informasjon denne forsida inneheld, visuelt. Logo og ramme er heilt lik som siste gongen. Vi møter igjen dei to hovudfigurane frå første boka; Paprika (fremst) og Kaba (midten). Dei er likt kledd som før, og uttrykket deira har ikkje endra seg vesentleg (bortsett frå at Kaba ser meir ivrig ut). Bakerst ser vi ein karakter som rett nok også blei introdusert i førre boka, Mara. Positur og lys/mørke-kontrast får henne til å sjå meir tvilsam ut enn før, men det er ikkje heilt overraskande. Alle som har lest første boka, må i alle fall hatt mistanke om at Mara kanskje ikkje er heilt til å stole på.

Eg nemnte kontrasten mellom lys og mørke, som er framtredande innanfor bilderamma, og kan gi assosiasjonar til René Magrittes «L’Empire des lumières». Denne effekten gir subtile hint om trugande fare, eller i alle fall eit skifte.

Og tittelen, «Velkommen til Mana Maitri», seier kanskje endå litt meir. I førre boka svara Mara at dei må til tanta hennar når Paprika spør «Hvor drar vi?» (sjå forsidebilde) Tanta bur då kanskje i Mana Maitri, som unekteleg er eit poetisk og velklingande namn. Eit lite søk viser at «Maitrī» betyr betyr «velvilje, godheit, vennlegheit» o.l. på sanskrit.

«Mana» betyr «ikkje» på sanskrit.

Au då.

Kva det enn kan innebære har du sjansen til å finne det ut på Retromessa den 16 august. Der blir «Velkommen til Mana Maitri» lansert.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *