Fortsettelse følger?

Lev som om rekningane aldri forfell, og teikne manga som om de alltid var plass til serien din ein stad. Den norske manga-generasjonen held fram med friskt mot i den siste (som i: avsluttande) utgåva av Rakkan.  

Så kan det sjå ut som vi er kome til vegs ende med Outlands Rakkan-antologi. Nok ein antologi er tapt for den norske marknaden. Eg skal med noko skam innrømme att Serienett datt av lasset innan Rakkan var kome til # 4, på mi vakt, sjølvsagt. Innan vi hadde kome så langt, syntest eg det blei mykje det same frå gong til gong .

I bind fem er imidlertid variasjonen større enn noko gong før, og ein ting eg ikkje kan unngå å legge merke til, er at fleire av dei nye titlane er nye framhaldsseriar Fem av ti bidrag har undertittelen «Kap 1»!  I alle fall nokre av serieskaparane, har eg funne ut, visste ikkje at dette skulle bli siste bindet, og det kan forklare mykje. Uansett var det nok best at dei fekk halde på sånn. Betre å la det ligge opent enn å skunde seg å gjere ferdig historier som ikkje var meint å vere ferdige.

Den følgande gjennomgangen er ikkje basert på bidraga si plassering i boka.

Last day

Vi begynner med dei seriane som heng igjen frå tidlegare bind.  «Last Day» av Mark Egan er so openbert konstruert for berre å halde på til ubestemt tid, og var nærmast nøydd til å stoppe midt i – «Fortsettelse følger» står det til slutt i femte kapitlet. Mark har begynt å finne forma for alvor. men med mindre han har ein publikasjonsplan for seinare, om enn bere digital, kjennest det som å forlate venner når du nettopp har blitt litt bedre kjent me dei.

Joiski held bramfritt fram med den nye serien han starta i bind 4 «Neo Erotes: Magiki Koritsi». Joiski er kanskje det største talentet som Rakkan har brakt fram, men eg kan stadfeste at NE:MK ikkje er hans beste konsept. Kort fortald er det Sailor Moon blanda med gresk mytologi. Serieskaparen innrømmer til og med i dialogen at hovudpersonen er inspirert av Sailor Moon, for når du ser på henne, kva er vitsen med å nekte? Resirkulert premiss eller ikkje, i tillegg til gode teikningar er også dialogen fornøyeleg.

Neo Erotes: Magiki Koritsi

«Mantikorens Kongerike» (den av Rakkan-seriane som har hengt med aller lengst) av Hiwar Nehli sluttar også med ein cliffhanger, sjølv om Nehli legger på eit meir resignert(?) «Slutt!» til sist. Også greitt. Han har ein veldig god rutine på streken, men historia er etter kvart blitt så rotete, særleg i dette sjette kapittelet, at eg bryr meg mindre om korleis den ender.

Tenpis skuleserie «4E» er siste innslaget i boka som heng med frå tidlegare. Her er det lite å tilføye, berre meir av dei same underfundige, nokon gonger småmorosame konversasjonane mellom lærarar og elevar. «Fortsettelse følger» står det sanneleg her også, men «4E» er uansett ikkje nokon episk føljetong, akkurat. Det aktuelle avsnittet får sin tilfredsstillande slutt.

Dunce – Siste dråpe

Sjølvaste Jens K. Styve, som faktisk har jobba med eit mangaprosjekt i månadsvis fram til omtrent nå, bidreg med «Siste dråpe», ein Dunce-korthistorie som parodierer manga-estetikk meir enn teiknestil. Artig nok, men mest til pynt i denne samlinga.

Ved sida av Styve er Bård Lilleøien den andre «kjendisen» (i norsk teikneseriebransjes målestokk) som bidreg til Rakkan # 5, «Dumme sjøfugler» (forsidebilete). Sjøfuglane der er snakk om er modar (mods?), ein Lilleøien-kreasjon eg har gitt inntrykk av å hate (og Lilleøien veit det). Men i denne konteksten, som objekt for ein krangel mellom tre ulike manga-heltinner, fungerer dei overraskande bra. Ein herleg meta-fleip med ein feiande flott tredimensjonal strek. Kapitlet står godt nok på eigen bein, men Lilleøien kan stadfeste at han ønsker å halde fram «Sjøfugler» om mogeleg. Desto betre.

Der hvor Usagi bor

Så har vi heile to tilfelle at norsk-folkloristisk fantasy (ein etter kvar ganske vanleg subsjanger i norske fantasy-seriar): «Der hvor Usagi bor» av Ingvild Haugli og «Hulderkongen» av Frida Skrømt. Her skal det leggast til at begge serieskaparar har si heilt individuelle tolking av tema. «Usagi» er den best skrivne av dei to, mens «Hulderkongen» har det mest forlokkande konseptet og ein meir dynamisk bildebruk. Som teiknarar må begge seiast å vere lovande, men under trening, Begge bidrag ender med cliffhanger, så der har vi to nye konsept med ei usikker framtid.

«Vannmelonmannen» av Sofus Ramos er det bidraget som eg har vanskelegast for å vite kva eg skal tru noko om. Sofus er sjølvlært, og ein kan sjå det på kor lite normert og relativt lite teknisk stilen hens er. Dette er eit fungerande stilistisk utgangspunkt. Men sjølve premissen er så søkt at eg blei sittande og undre på om heile greia er meint å vere ein parodi på noko, og dersom det er noko meir eller noko anna en ein parodi, korleis det skal fortsette. For også dette blir presentert som første kapittelet i ein framhaldsserie.

Indre

Siste, men ikkje minst har vi «Indre». Denne overnaturlege thilleren er skapt av Sigrun D. Jonsdottir, som har ein meir variert grafisk lærebakgrunn, og også det synest. Konseptet er originalt, presentasjonen er meir litterær enn i dei andre bidraga. Teikningane, ei blanding av vestlege påverknader og manga, har godt med detaljar. Dessutan har den eit ordentleg avslutta førstekapittel i staden for ein cliffhanger.

Rakkan # 5 dokumenterer at det spirer og gror i det norske mangamiljøet, og det norske teikneseriemiljøet generelt. Desto tristare er det jo å vere vitne til at opptil fleire gode idear moglegvis er kvelt i fødselen. Men betre enn aldri å ha elska i det heile tatt, for å sitere Tennyson. Alle desse seriane kan oppstå i andre formar, og serieskaparane kan gjere suksess med eventuelt nye idear. Kor og når kan vi førebels berre spekulere på.

Rakkan # 5
Av diverse. Redaktør: Nora Fiskaa Ljøstad og Lisa-Marie Pettersen Leira
Forord av redaktørane
208 sider
139 kr.
Outland Forlag


Les om dei føregåande binda av Rakkan

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *