Vil byggja nytt teikneseriemiljø i Sunnmøre

Bluss front

Thomas Smoor Isaksen ser for seg «Otto & Stein» som starten på eit større univers. I mai lanserer Bluss forlag ein heilt ny teikneserie i Ålesund.

Bluss Forlag er eit nystarta forlag frå Ålesund med mål om å utvikla barne- og ungdomsforteljingar med tydeleg lokal forankring.-Vi starta forlaget fordi vi sakna historier frå vår eigen region og ønskte å byggja noko som både speglar det lokale og samtidig kan nå breiare ut, forklarar CFO/redaktør/manusforfattar Thomas Smoor Isaksen til Serienett.

Hovudpersonane Otto og Stein er to vidt ulike venner, begge semi-akvatiske dyr: Ein impulsiv oter og ein meir forsiktig sel – ein steinkobbe –  som hamnar i kaotiske situasjonar i jakta på ein mystisk skatt i akvariet. Serien kombinerer klassisk eventyrstruktur med absurd humor og eit tydeleg blikk på havmiljøet sett frå dyrs perspektiv.

Bluss 01
Otto og Stein reflekterer over fordelar og ulemper med fangenskap.

-Vi ønsket å laga ein serie som både er leiken og spennande, men som også lèt barn møta havet frå innsida, gjennom karakterar dei kan kjenna seg igjen i, fortel Isaksen.

Isaksen er idéhavar og forfattar, medan Ruben Bergsnes Nerheim er både medforfattar og teiknar Dei to har tidlegare samarbeida på barneboka «Mannen med reiret», den første boka på Bluss forlag.

I serien leikar skaparane seg også med målformene. -Vi liker tanken på at karakterane er motsetningar med ulike personlegdommar, og med to ulike målformer understrekar vi desse ulikskapane, forklarer Isaksen. Otto som er eventyrlysten og tøff, snakkar nynorsk. Stein som er forsiktig og empatisk, snakkar bokmål.

«Otto & Stein 1 –  Akvarieskatten» blir lansert 30. mai på Atlanterhavsparken, akvarieanlegget i Ålesund, og blir gjeve ut på norsk og engelsk samstundes. -Vi ser på «Otto & Stein» som starten på eit større univers, ikkje berre ein enkelt teikneserie, og det er også derfor serien blir gitt ut parallelt på norsk og engelsk, seier forleggaren.

Dette er forlagets første teikneseriesatsing, og ambisjonen er å byggja eit nytt miljø for barne- og ungdomsteikneseriar frå regionen. Akkurat som teikneserien har Atlanterhavsparken både otrar og steinkobbar. Samarbeidet med akvariet på Sunnmøre er tett.

Bluss Ruben
Ruben Bergsnes Nerheim på Atlanterhavsparlen (foto: Thomas Smoor Isaksen)

-Parken har vore viktig for serien heilt frå starten, seier Isaksen, vi ønskte å laga ei historie med lokalforankring. Akvariet var ein tidleg inspirasjon for karakterane, og ein naturleg arena for historia. Vi har hatt ein veldig positiv dialog med Atlanterhavsparken rundt prosjektet og samarbeider om lanseringa. Men teiknarserien har vi hatt kreativ fridom til å laga slik vi vil.

Før dette har serieskaparane jobba saman på fleire filmprosjekt, mellom anna den prislønte kortfilmen “Drømmen om Hawaii” som blei regissert og skrive av Isaksen, med Bergsnes Nerheim som art director.

-Vi har funne ein god måte å samarbeide på der vi løftar kvarandre sine idear og kreativitet. Det som kanskje bind prosjekta våre mest, er at vi ofte skriv om karakterar som prøver å finne sin plass, gjerne i miljø der dei ikkje heilt høyrer til, forklarer Isaksen.

Bluss Thomas og Ruben Bypatrioten
Thomas og Ruben foran Atlanterhavsparken (foto av Emma Bergli, utlånt frå Bypatrioten)

Når det det gjeld sal og formidling, ønskjer forlaget å tilgjengeleggjere serien breitt og over tid. både gjennom bokhandel, bibliotek, festivalar, akvarium og sosiale media. På sosiale media deler dei mykje av prosessen bak utgivingane og korleis det er å byggja opp eit lite forlag.

Serien er allereie tilgjengeleg gjennom nettbutikkane til Ark og Norli, Outland har bestilt eksemplar til hovudbutikken i Oslo og til nettbutikken. Når det gjelder distribusjon på akvaria så er teikneserien til nå kjøpt inn ikkje berre av Atlanterhavsparken, men også av Lofotakvariet i Kabelvåg.

Fleire akvarieanlegg ute i Europa har også uttrykt interesse for «Otto & Stein».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *