Men barna er glade

Det store 25-årsjubileet for Raptus blei det eigentleg aldri noko av. Fokuset har heller vore på å bygge opp att festivalen etter to års unntakstilstand.

2022 var året då teikneseriefestivalen i Bergen skulle ta igjen det tapte, etter to år med korona, og eit digitalt eindags program utan publikum i salen i 2020 -Året for det eigentlege jubileet! Store internasjonale gjester var venta, og ein hadde fått eit nytt lokale i det nyopna Spillhuset. Ei stund gjekk alt på skinner.

Avlysingar på rekke
Å kalle det som skjedde i dagane forut for «ein perfekt storm» er kanskje ei overdriving, men festivalen blei ramma hardt av fleire kanselleringar på rad. Først meldte Fabien Vehlmann (Alene, Sprint, De 100 000 Skjeletters Øy) avbod, grunna noko så banalt, men likavel relaterbart som at han hadde gløymt å fornye passet

Deretter blei ND Stevenson (She-Ra, Nimona) sjukemeldt, og ikkje overraskande (ettersom dei er gift) kom same meldinga frå Molly Knox Ostertag (Heksegutten, Disney Channel) kort tid etterpå. Så seint som på søndag morgon kom sjukemeldinga frå Arild Midthun også. Det ein då sat igjen med på gjestelista, var (med visse unnatak) tredelt:

  1. Vestleg manga, overvegande dei nyaste stjernenamna frå Egmonts «nordiske manga»-avdeling.
  2. Superheltteiknarar du kanskje har høyrt om dersom du følger godt med.
  3. Gjengangarar.

Akkurat det siste kunne i år rettferdiggjerast med at 2022-festivalen omsider skulle markere Raptus sitt 25-års jubileum på overtid. Under slike omstende var det også i grunnen heilt greitt at Mike Collins og Thierry Capezzone fekk ein time berre til å mimre og fortelje folk kva dei liker med Bergen og Raptus, og at Arild Wærness delte historia om korleis Raptus blei til for n’te gongen, forhåpentlegvis for enkelte nye øyrer.

Sentrumsplassering
Påfallande er det likevel at det stort sett var gjengangarane som deltok i dei tradisjonelle avslutningsshowa på laurdag og søndag. Her er det eit merkbart behov for å friske opp, ikkje berre med nye deltakarar, men også med nye idear, dersom ein i det heile tatt skal halde fram med denne tradisjonen.

Spillhuset i Bergen befinner seg i same huset som Gestapomuseet og utestaden Rick’s. Raptus fekk låne sistnemnte lokalet på bakkeplan som ekstra scene, men det meste av festivalen fann stad i éin etasje. Fordelen med Spillhuset er at det i mykje større grad enn dei fleste av Raptus’ tidlegare lokalar gir høvet til å ha (nesten) alt på ein stad, med hovudscene og kafé plassert perfekt i midten. Sjølve bygget er ein smule anonymt, men har fordelen av si perfekte sentrumsplassering ved Den Nationale Scene.

På den andre sida har Spillhuset avgrensa plass, noko som baud på problem for marknadsplassen. Leiinga kan stadfeste at dei grunna plassmangel måtte seie nei til ei handfull som ville ha stand. Noko av det eg sakna mest på årets festival, var dei sjølvpubliserande serieskaparane med eigne stands. I år var det berre ein av desse, Francine Mbanza Jensen (forlaget JenZa). Enten det var mangel på plass til fanzineskaparane, eller ein tendens til manglande interesse for å lage slike, er det beklageleg.

Ungdommens kulturhus
Positivt er det derimot å konstatere at festivalen framleis har appell til barn og ungdom. Som Mike Collins kommenterte, han har dukka opp jamleg her lenger enn mange av publikummarane har vore i live. To av festivalens største arrangement var teikneshowet og teiknestunda for barn på laurdag frå klokka 12 til 14. Kvar programpost hadde mellom 50 og 60 deltakarar. Og når det gjelder NME så trekker dei nye namna – Helen Kaldheim, Victor Nordahl, Emily Sørensen og Sara Hjardar – minst like stort publikum som dei meir veletablerte. Då Kaldheim og Sørensen hadde program tidleg søndags ettermiddag, var det folk som måte gå i døra grunna plassmangel. 

I det heile tatt var det minst halvfullt, ofte nærmare fullt, på dei fleste innslaga. Ekstralokalet på Rick’s er det vanskelegaste å fylle, og sjølv der hendte det at ein kom i nærleiken.

Forgubbing er kulturen sin daud, og Spillhuset er meint å vere ein møteplass og eit slags kulturhus for ungdom. Såleis er det eit festivallokale som Raptus nok bør halde fast på, særleg når gjenoppbygginga eigentleg pågår ennå.  


Alle foto: Trond Sätre

Forsideteikning av «Megawacky Max» Baldo, fritt etter Andreas og Mac Håndlykkens festivalplakat. Figur og idé av Trond Sätre

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *