Ei fantastisk Identitetssøking

Alternativ kjønnsidentitet er eit sentralt tema i «Heksegutten». Pakka inn i passlege mengder med fantastiske parabler er det lett å vere med på.

Etter å ha lansert K. O’Neill på norsk i fjor held Outland Forlag fram med å omsetje serieskaparar som, direkte eller indirekte, utforsker LHBT-tema. Denne gongen med første bindet av Molly Knox Ostertags heksetrilogi.     

Molly Knox Ostertag er ikkje ein heilt ukjent skikkelse i moderne LHBT-vennleg populærkultur. Ho er gift med Noelle Stevenson, og har til liks med henne ein fot innanfor hos Netflix. Ho er også ein av dei sentrale manusforfattarane på Disneys Uglehuset, ein serie der det har føregått ein stille revolusjon på LHBT-feltet. Samstundes som folk krangla om korvidt representasjonar av likekjønna forhold er for perifere og symbolske i Disney sine filmar, har Uglehuset utvikla og etablert eit opent kjærleiksforhold mellom hovudpersonen og ein av venninnene hennar i serien. For nokon var dette tilsynelatande så vanskeleg å ta inn over seg at den norske dubbinga av ein Uglehuset-episode omsette ordet «girlfriend» med «bestevenninne».

Heksegutten har også litt til felles med Uglehuset ved at begge seriar føregår i ei verd der magi ikkje berre er verkeleg, men også genetisk betinga, Men likskapen stopper akkurat der. I kontrast til den grafisk uhildra fantasiverda i Disneys teiknefilmserie, er Hekseguttens verd på overflata normal, koseleg, og beint fram triviell. Soga finn stad i idylliske landlege omgjevnader, og i ein nærliggande preglaus forstad.  ‘

Alt det ytre, miljø og fargar så vel som den nedtona bruken av visuelle effektar, viser seg å bere bod om ein teikneserie som ønsker å introdusere lesarane for det utrygge i det trygge.   

I løpet av berre dei ti første sidene etablerer serien konseptet på ein svært heilskapleg og talande måte: Hekser får opplæring i naturmagi, i omgjevnader heilt utan ytre staffasje. Guten Aster vil lære seg dette, men får streng beskjed om at det er berre for jenter. Gutar har ein eiga magi i denne verda. Den går ut på at dei skifter ham og kjemper mot demonar.

For å understreke alvoret blir Aster betrudd historia om kor katastrofalt det gjekk då ein mannleg slektning prøvde å lære seg heksemagi.

Den naturlege ordenen for magi i Asters verd, og ønsket hans om å bryte med denne, er lett å tolke som ein metafor for transseksualisme. Med litt velvilje kan ein også lese bodskap om homofili i serien, men dess meir eg leser, dess meir verkar transkjønna identitet som den mest naturleg parabelen.

Parabelen er smidig, kreativ, og den fortonar seg ikkje som kunstig i dei magiske menneska sine omgjevnader. Ein eigen form for kultur og beskyttartradisjon er knyta til menns magiske ritual. Hamskiftet som eit viktig ytre kjenneteikn på maskulinitet er ein effektiv symbolikk.

Forteljinga bruker også meir verkelegheitsnære samanlikningar. Sjølv føler eg at ho burde vere sjølvsikker nok til å heve seg over sånt, men det kan vere nyttig for yngre lesarar. Tidleg i boka blir Aster kjent med Charlotte, «Charlie» mellom venner, som seinare kommenterer at skulen hennar har bytta til gute- og jentetimar i gym, og at gutar har mykje meir gym. «Hvis man er god til noe, burde man bare få lov til å drive med det!», utbryter Charlie og Aster i sameint frustrasjon.

Charlie er ei laus kanon, ikkje så mykje i seg sjølv som i plottet. For det første bruker boka litt for lita tid på å bygge opp venskapet hennar med Aster til noko verkeleg truverdig (det hadde fungert bedre om han kjente henne før boka begynte).  For det andre gjer ho det gjennom kommentarane sine litt forvirrande diffust kva slags posisjon magi har i denne verda. Er det ei myte? Ein omdiskutert kvasi-vitskap? Kor kjent er eksistensen av magiske menneske? For det tredje er det eit litt vel bekvemt smotthol at Aster blir forheksa så han kan ikkje kan fortelje andre magiske om den trugande faren som etter kvart dukkar opp i forteljinga. Charlie er ikkje magisk. Problemet løyst!

Og dette er kanskje flisespikkeri, men Charlie snakkar eit par gonger om fedrane (fleirtal) sine. Å referere til usette likekjønna ektefellar/foreldre for å score billige mangfald/LHBT-poeng er faktisk noko av det siste eg trudde at Molly Knox Ostertag, med hennar bakgrunn og erfaring, ville gjere.  På den andre sida har Aster to tanter i eit likekjønna forhold, utan at det blir poengtert, så serieskaparen er tydelgvis i stand til å bruke list og lempe også på dette feltet.

Bortsett frå at eg ikkje heilt forstår dei magiske sin sosiale posisjon i denne verda, er miljøet gjennomført. Alle detaljane bidreg til å bygge ei fungerande verd, trass i eit geografisk særs avgrensa miljø. På slutten blir bodskapen om kjønnsleg identitet litt vel tydeleg, som om Ostertag med kvar replikk prøver å spørje oss «minner dette deg om noko…?» Men innan vi har kome dit i forteljinga har ho lagt eit så trygt fundament for Asters verd at det har ho saktens gjort seg fortent til.

Med ei velutvikla historie og ein kontekst som er lett å setje seg inn i og bli engasjert i, er Heksegutten ei særs godt alternativ for einkvan som kunne ønske seg fantasy med litt meir jordnært grunnlag. At handlinga også tek nokre lette utvegar via Charlie går det, når alt anna er sagt og gjort, an å bære over med.


Heksegutten
Av Molly Knox Ostertag
Etterord av forfattaren
Omsett av Daniel Reinsfelt
218 sider
199 kr. (veil.)
Outland Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *