BABF spesial

I vårens første podkast frå seriX/Serienett snakkar vi med internasjonale gjester på Bergen Art Book Fair.

Høyr sendinga her

I april blei Bergen Art Book Fair arrangert på Bergen Kunsthall. Dette er Bergens største arrangement for framvisning og sal av kunstbøker og fanziner, og med unntak av 2020-21 har den vore arrangert årleg sidan 2013.

På ein slik festival har teikneseriar sin naturlege plass, sjølv om det varierer frå år til år kor mange teikneseriar ein kan finne. I år var det særleg to interessante ugjevararar på merke seg av de internasjonale utstillarane. Begge er intervjua i denne podkasten.


Den mest internasjonalt prominente av dei reindyrka (eller tilnærma reindyrka) teikneserieutgjevarane på årets BABF var Perfectly Acceptable Press, her representert med redaktør Matt Davis frå Chicago. På hans høgre side er reisepartneren Sam Hensley (fotografi av Trond Sätre). Grunna ei handleddskade kan ikkje Matt teikne så mykje sjølv lenger, men han er tilfreds berre med privilegiet det er å få utgi smale og alternative seriar. Og han er framleis tungt involvert i dei kunstariske prosessane. PAP spesialiserer seg på å gi ut teikneseriar med risografitykk, ein føretrekka teknikk for mange av tilbydarane på BABF.  

Ein av dei internasjonale kunstnarane som i år var med for første gongen er franske Duch, her avbilda med tatovør-kjærasten Oriane. Duch er meir av ein bildande kunstnar enn ein serieskapar, men han var på BABF som reprentant for kollektivet Mondo Zero. Her promoterte han eit utval av internasjonale publikasjonar frå kollektivet, som hovudsakleg består av teikneseriar og kunstbøker.    

Forside: Utsnitt av forsida på Happiness Comix # 5 frå Perfectly Acceptable Press.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *