Dette har fansen venta på

Etter 6 års venting får vi endeleg bind 9, «Bølgerytteren», som er siste og avsluttande bok i «Amuletten»-serien. Ei verdig, handlingsmetta og tankevekkjande avslutning på serien.

I desse dagar er det ganske mange tilsette i bibliotek og bokhandel som kan fortelje ivrige lesarar at «Ja, no har vi endeleg fått Amuletten nr. 9». Utgjevinga av siste bind i serien har vore utsett fleire gongar, først 2021, så 2022 og endeleg blei datoen satt til februar 2024. Forventingsnivået til publikum har knapt vore større, og eg reknar med at Kazu Kibuishi, skapar av serien, har følt presset frå ivrige fans.

«Steinvokteren», bind 1 i Amuletten, kom til Noreg i 2015 og tok den norske bokbransjen med storm. Dei tidlegare binda i serien har seld godt. og har figurert høg på utlånslistene til landets bibliotek. Serien er nok ein av grunnane til det enorme utvalet av teikneseriar for barn og unge i innbunden form som vi ser i dag.

Ei lita oppsummering av handlinga, for både nye og gamle fans og andre lesarar: Seriens hovudperson er Emily Hayes, som finn ein amulett i huset etter hennar oldefar. Amuletten fører henne, broren Navin og mora Karen til ei anna verd – Alledia. Når vi forlot Emily i bok 8, «Supernova» hadde ho avslørt at det var Ikol, stemma ho og dei andre steinvoktarane kan høyre i amuletten sin, som var den store fienden og ikkje alvekongen. Alvekongen blei avmaskert og var død, eit slags gjenferd halde i live av Ikol.

I «Bølgerytteren» møter vi Emily på veg til planeten Tyfon. Ho er på veg dit, for å finne mora og broren som er i fare der. Navin er med i kampane for å frigjere planeten frå onde krefter som styrer den. Tilbake på Alledia, planeten dit Emily først kom i bok 1, jakter steinvoktarane Viggo og Trellis på Ronin, ein gamal kjenning av Viggo, som forsvann for lenge sidan.

Reint grafisk er Kibuishi meir generøs med fargane i dette siste albumet. Her gnistrar det frå kvart oppslag, det er verkeleg full metting i kvar rute og heilside. «Amuletten» har visse mangatrekk, men den er meir vestleg i stil. Serien kan sjå barnleg og ikkje nødvendigvis så dramatisk ut i strek og fargeval, men rommer mykje meir under overflata. Den er dramatisk og overdådig til tider, og som lesar blir eg dratt rett inn.

I dei tidlegare bøkene brukte Kibuishi mange fargar, men illustrasjonane var enklare og mindre metta. I dette bindet er det spesielt amulettens kraft og fargar, eit kvitt lys med raudleg skjær i kantane, som får sidene til å lyse opp. Det er ein fryd for auget å sjå alle dei måleriske detaljane og korleis nyansane i fargetonane er endå rikare enn i tidlegare bøker. Ein fest for auget.

Ein merkar at Kibuishi, og dei seks andre som er kreditert for å ha arbeida med «Bølgerytteren», har brukt god tid og har vore poetiske i dette avsluttande bindet. Historia og oppslaga dveler litt meir, tek seg tid, sjølv om alt er målbevisst.

Filosofien spelar ei viktigare rolle i dette bindet. Kva som er konsekvensen av handlingane våre, kva vi gjer og korleis vi tenkjer har ei betydning. Desse elementa har vore i soga heile vegen, men var etter mi meining meir under overflata til nå. Her bryt dei fram og tek plass. Av den grunnen er det til tider litt store hopp mellom dei ulike trådane i historia.

Samtidig som boka dveler i augneblinken og gir det filosofiske plass, så verkar deler av historia å bli fortalt i hast også. Dei ulike historietrådane krev alle merksemd, og når filosofien kjem i tillegg, så blir det litt trangt om plassen. Boka kan derfor framstå litt rotete og uoversiktleg for lesaren, trass i at dette bindet er rundt 40 sider lenger enn dei andre i serien (240 sider mot ca 200 sider i resten).

Den siste tida har eg lest heile serien på nytt, og eg er positivt overraska over korleis Kazu Kibuishi har klart å behalde det same uttrykket gjennom alle bøkene. Eg føler at han har vore tru mot historia heile vegen. Første bindet i serien blei utgitt i 2008, og no 16 år seinare, er «Bølgerytteren» ei verdig og fullgod avslutning der mange ulike trådar og historier er tilfredsstillande avrunda.

Amuletten 9 – Bølgerytteren
Av Kazu Kibushi
Omsett av Tuva Sverdrup-Thygeson
260 sider
329 kr.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *