K-en i KMD

Det spirer og gror i miljøet for potensielle teikneserieskaparar i Bergen. Überpress med Bergen 24T 2022 dyrkar fram dette som kanskje ingen andre.

Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen (UiB) blei grunnlagt i 2017, då Kunsthøgskulen (KHiB) gjekk inn i UiB saman med Griegakademiet. Elleve av tretten bidragsytarar til 22-boka er studentar ved linja, og av desse elleve har berre tre – Ask Kvamme, Marie Haugen og Mia Ewing – tidlegare erfaring frå desse «24 Hour Challenge»-hendingane. Akkurat som i fjor ser vi at det kjem eit stort fleirtal av nye talent til.

På Bergen 24T 2022 går tendensen går i retning av mindre sjangertenking og meir eigenarta kunstariske og personlege uttrykk. Resultatet er sjølvsagt variabelt. «Skjønnhet, eller…?»  av Agnes Muren tek nokre lette utvegar, både i bodskapen og når det gjelder å fylle ut sidene, men har i alle fall nokre intense og spektakulære ansiktsstudiar 

Nokre unntak er det frå tendensen. Ask Kvamme presenterer oss for ein science fiction-serie, «GNC 0.10». Den er meir konsept enn sjølvstendig historie, men i fargar og med mykje handling.

«Smaken av eple» (forsidebilde) av Heidi Røynestad har ei trivielle historie, men med rom for tolking, og med gode grafiske løysingar som raudt tofargetrykk, og ein skravert strek som gir djupn og får bidraget til å skilje seg ut. 

Med «Å ta et valg» har Linda Løvheim sjølv tatt nokre heldige val for å komme seg i mål med kunstarisk verdigheit – To ruter per side, ei stor, og ein liten til teksten. Ein enkel, men pen strek som blir forsterka av vakre lys-og fargenyansar. Sjølve historia er ein fabel om ei ung jente som blir forfølgd av to spøkelse – Eit som representerer ambisjon, eit som representerer livsglede. På mange måtar ein mindre politisk versjon av Karstein Volles «Livsgrisen»,  med ei open avslutting.

Noko av den same bodskapen finner ein i Marie Haugens «Sin eigen veg», men i ein meir konkretisert, humoristisk og sjanger-ordinert form. Hovudpersonen er ein gut som ikkje som ikkje kom inn på riddarakademiet og som nå prøver å bli riddar på eiga hand. Serien er litt prega av hastverksarbeid, men linjer og detaljer røper at vi har å gjere med ein dyktig teiknar som berre trong litt meir tid. Elva Sævarsdottir har hatt noko av same ideen med «Ridderen og dragen», men denne er mykje enklare, i alle fall i form.

Ein annan teiknar som får antyda at ho har mykje potensial, sjølv om det blir mest skisser i denne boka, er Mathilde Flatestøl med «De døsige små». Serien er laga etter eit dikt av Emily Dickinson, og ho legger i alle fall ned skikkeleg arbeid ned i dei detaljane som verkeleg tel, noko som i denne historia er blomar.

Dei neste tre bidraga trekker opp heilskapen, sjølv om det i Mia Ewings tilfelle først og fremst er teknisk. Den namnlause historia hennar har lite handling og eit enkelt poeng, men ho er ein dyktig teiknar. Derimot er Regine Toften Holst si sjette Ella-forteljing (desse blir snart samla i ei eiga bok på Überpress) spekka med handling og innfall, som ein kunne vente frå henne etter å ha sett kva ho fekk til med «Rino og reisen til de dødes øy».

Innimellom desse kjem «Dreamcatcher» av Mira Foust, ein av desse meir kunstnarisk orienterte ny bidragsytarane som får til veldig mykje med skuggeleggingar, kontrastar, skraveringsteknikkar og surrealistiske motiv. Alt saman av konsistent og høg grafisk kvalitet.  

Rodrigo Cortez byd eigentleg på meir av det same som i fjor med «As above as below» , ein serie med motiv der ein sjølv må prøve å pusle i hop ei samanhengande meining som best ein kan, motiv som vekslar mellom utsøkt detalj og noko nær tomheit.

Scott Bodin har laga ei dyreforteljing, «Pantoffles på eventyr», og her har vi nok eit døme på korleis du kan lage eit ganske profesjonelt utsjåande teikneserie på 24 timar viss du tenker komposisjon og kjenner dei rette fargeteknikkane. Særleg fargebruken løfter denne serien betydeleg, og dreg lesaren inn i handlinga som få andre bidrag i denne boka kan.

Eg trur ikkje det er tilfeldig at «Lyset» av Thale Meisfjord er sist i boka, for denne er på sida av det meste i Bergen 24T/22, og ei lita utfordring for lesaren. Serien er eit mystisk eventyr i lys og skugge, grått og svart, oransje og blått, som bruker tekst for å gi klårare meining og meir dimensjon til dei ofte surrealistiske teikningane. Eit par-tre gonger i denne boka har eg blitt veldig nysgjerrig på kva teknikkar som er brukt, og aller mest når eg studerer Thale Meisfjord. I ei samling der søken etter originalitet står sentralt, er dette ei verdig avslutting.  



Bergen 24T 2022
Av diverse. Redaktør og forord: Are Edvardsen
Tekst på nynorsk, bokmål og engelsk
346 sider
349 kr.
Überpress


Les andre saker om 24H her:
Rapport frå Bergen 24t i 2017
Anmelding av Bergen 24t 2017
Anmelding av hefta frå Oslo 24H 2019
Anmelding av Bergen 24t 2019
Sak om Oslo 24H 2021
Anmelding av hefta frå Oslo 24H 2022
Anmelding av Bergen 24t 2021

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *