Helen Kaldheim følger kortstokken så lenge det lar seg gjere, og tek det derifrå med suksessen «Mørkalven». Til våren kjem eit nytt bind i det som ofte er blitt kalla Norges første manga.
Når eg møter Helen, har ho nett gjort seg ferdig med ein signeringsrunde, og har framleis på seg den karakteristiske platina-rosa parykken og dei lange alveøyrene. -Alt før eg ga ut den første boka i serien var eg veldig glad i cosplay, begynner ho. -Så for meg følast det veldig naturleg å skulle ha på ein fargerik parykk og alveøyrer. Ho har allereie sett fans cosplaye som karakterar frå Mørkalven. Cosplay og teikneseriar heng saman, slår ho fast.
Teste vatnet gjennom striper
Helen tok mediekommunikasjon på Etne vidaregåande skule (som nå er nedlagt), teikneserielinja på Bjerkely Folkehøgskole, og illustrasjon på Høyskolen Kristiania. Allereie på Etne fekk ho sin første betalte teikneseriejobb. «Kåre» var opphaveleg eit skoleprosjekt, før ho blei tilsett for å halde fram med serien i lokalavisa Grannar. Ho slutta med serien for å studere ved teikneserielinja på Bjerkely Folkehøgskule. Dessutan var ikkje «Kåre» ein serie ho hadde så lyst til å halde fram med; ho laga den på bygda, for bygdefolk.
På folkehøgskule begynte ho i staden med «Myhical Idiots». Eigentleg ville ho sette i gang med å lage den episk serie som skulle bli «Mørkalven», men følte ikkje at ho var heilt klar for noko så ambisiøst. Dessutan var ho alt van med stripeformatet, og begynte å teikne nokre striper mens ho utvikla historia. Ho beskriver dette som å teste vatnet når det kjem til karakterar Og for klassekameratar/vener si skuld teikna ho mange av deira karakterar i serien.
Å utvikle og lage ein serie som «Mørkalven» krav meir planlegging og tolmod. I «Mythical Idiots» hadde ho ikkje tenk så mykje over personlegdom og bakgrunnshistorie, verdsbygging osb. Ho endra gjerne univers og karakter for å passe til stripa.
Et kort for kvar nasjon
Kortstokken deler opp nasjonane i Mørkalvens univers. Bok ein handla mykje om kvitalvane, som er Kløvernasjonen. Med det utgangspunktet kjem det minst fem bøker; fire for dei fire grunnsymbola i ein kortstokk, og den femte for Joker, som er eit mysterium internt i serien; er «Joker» ein stad som faktisk eksisterer? Helen har heile historia for bind ein til fem klar i dei store trekka, og har planar for minst to bøker etter desse, men er ikkje sikker på korleis ho skal gjere det med symbolikken når serien er kome så langt. -Den tid, den sorg, konkluderer ho.
Ho rir på mangabølga, men kom til Egmont med eit litt annleis konsept likavel. For det første er bøkene hennar meint for ungdom heller enn barn, og forlaget var visst litt i tvil om ungdom går i bokhandelen, For det andre ville ho ha serien utgitt i paperback, for å legge seg tettare opp til mangaformatet, så den skulle passe inn i hylla til mangasamlarar, og i den rette seksjonen på Outland-butikkane. I innhald så liknar serien også meir på «ekte» manga.
Forlaget var tydelegvis framleis litt skeptiske til slikt etter at den store, norske manga-boomen på 00-talet viste seg å vere ei boble. Å overtale dei til å satse på ein paperback var også ei utfordring, og mellom anna blei det innvendt at biblioteka kanskje var mindre viljuge til å ta inn bøker som var lettare å skade. -Dei fortalte meg at eg var eit nytt satseprosjekt, og at dei ikkje visste korleis det kom til å selje, fortel Helen. – Eg kom ut på rett tid, trur ho. -Det har vore ein berg- og dalbane av popularitet, men nå er manga på høgda igjen. Då Mørkalven kom ut, var det vanskeleg å oppdrive bok 1 av mange av dei mest populære titlane, men med denne serien kunne dei tilby første bindet av ein ny serie.
Erfaren kurshaldar
Ho har nå dedikert seg til Mørkalven på heiltid, etter tidelgare å ha jobba som barista, og seld trykk og tatt ymse teikneoppgåver. I tillegg til å skrive og teikne serien, har dens raske popularitet først til at ho også får mange tilbod om å halde mangakurs, som har blitt ein god ekstrainntekt. Sjølvsagt gleder det henne at så mange unge vil teikne manga at det er marknad for å halde kurs.
For Helen er ikkje dette heilt nytt; Bjerkely Folkehøgskule har toårig studium, men andre året blei ho tilsett som lærar mens ho også held fram som elev. Ho hadde dessutan teiknekurs på Etne bibliotek mens ho teikna «Kåre» ved eit høve var ho også privatlærar. I Etne var det også ho heldt sitt første mangakurs etter Mørkalven, i mars 2022. Nå er ho booka for mykje av 2023 alt.
Mørkalven bok to, «Trofeet», kjem i mars.
Les også:
Nesten Norges første manga