24 timar med personlege uttrykk

Serienett ser på resultatet av årets 24 Hour Challenge i Oslo. Arrangementet trekker både kjente, veletablerte serieskaparar og namn som kanskje er på veg opp.

24H Challenge er ein årviss tradisjon i mange byar med eit teikneseriemiljø, og går ut på at serieskaparar, amatørar og profesjonelle, får høve til å delta i ein 24 timar lang workshop der målet er å produsere kvart sitt 24 siders teikneseriehefte. Føresetnaden er at alle må opphalde seg i same rommet medan dei jobbar, og at ein må teikne heftet frå botnen.

Årets Oslo 24H fann i år stad på Deichman Grünerløkka frå onsdag til torsdag morgon 8. til 9. juni, som første post på programmet for OCX 2022. Koordinator var Are Edvardsen, og prosjektet er støtta av Oslo kommune, Deichman, Grafill, Tronsmo, Fritt Ord, Serieteket og Strand Forlag.

Prosjektet resulterte i 23 ferdige teikneseriar og 22 hefter (eit av dei gjekk tapt i trykken), som blei trykka opp i avgrensa opplag og seld som fanziner på OCX’ marknadsplass (for første gong sidan 2019). Denne teksten omtaler dei 16 hefta som tekstforfattaren rakk å sikre seg der.  

Ei handfull av årets bidragsytarar er det ein kan kalle for ein slags kjendisar i miljøet, så dersom nokon skulle vere interesserte i å kjøpe eit eller fleire hefte, har dei best sjanse ved å henvende seg direkte til serieskaparane.

SK= Serien er i svart-kvitt
F = Serien er i fargar

Skjør av Marte Jørgensen
SK

Eit verkeleg talent som berre kan vere på veg opp, spør du meg. Eg spekulerer på kor eg kan ha sett Marte Jørgensen før.  Ein kjensleladd grafisk forteljar med feite, runde, vakre linjer. Sjølve historia er eit dramatisk og sørgjeleg eventyr som av alle ting viser seg å vere inspirert av legenda om squonken. I seg sjølv ei nokså original tilnærming, særleg for norsk fantasy.

**

Alene (forsidebilde) av Dina Norlund
F

Ein for det meste ordlaus forteljing delvis inspirert av «Den stygge andungen», men med ein vri som går på tvers av «like barn»-bodskapen. Snøkattprinsen sin skapar har gjort skikkeleg arbeid både med strekar og fargar, og likte du Dina sitt hovudverk, er dette hefte verdt å sikre seg om du skulle få sjansen.

**

Dragens begynnelse (2021)og Dragens frykt av Cha Sandmæl
SK

For andre året på rad nytter Cha Sandmæl 24H til å lage ein prequel til Dragens Øye-serien, om korleis søskenparet Ranja og Bjarki blei drakejegarar. Historia gir oss grunnpremissen – Bjarki hatar drakar utan førehald, mens Ranja er litt i tvil om dei verkeleg er onde – men gir også ein framskoten plass til ein tredje medlem av drakejegargruppa, magikaren Ulf. Hans nærvær er med på å fremje personlegdomen til dei to andre.

Ein får inntrykk av at det er ein viktig historie som blir rulla opp her (den er ikkje ferdig ennå), og kanskje Cha vil vurdere reinteikne denne og utgi den i bokform etter kvart. Den er nemleg vel ambisiøs for eit 24 timars-format, og det ser ein særleg i andre halvdel av 22-utgåva, der ein kampscene er veldig grovskissa i forhold til resten.

**

Ville Poter: Robin av V. Nordahl
SK

Endå ein NME-teiknar som tok seg tid til å lage ein liten spinoff av sin pågåande serie under 24H. Denne er mindre ambisiøs enn Dragens Øye-heftene, og fordelen er då at dette enkeltheftet står på eigne bein. Men til liks med Dragens Øye-hefta er «Robin» relevant for kontinuiteten i hovudserien.  LHBT-tematikken (som Ville Poter førebels berre har subtilt berørt), og ikkje minst identitetsspørsmål, står sentralt her.

**

Mare Universum – A not that classical space opera av Jofrid Sandgren Østenstad
F

Ein ser snart nok at denne serien er altfor ambisiøs for 24 sider, orda «not that» i midten av tittelen tross. Og ganske riktig, den skal visst fortsette til neste år. Sjølve historia er som sagt ein space opera, med den vrien at den også verkar å vere inspirert av Odysseen.

Teknikken til Jofrid er verdt å merke seg. Ved å konsekvent bruke skissestrek, legge på nokre få, men kraftige fargar, og gjer seg litt ekstra flid med enkelte av himmelbakrgrunnanne, har ho greidd å produsere eit ganske tiltalande prosjekt av jamn kvalitet.

**

Brennende lidenskap av Håvard Heggenhougen
SK

Ein variant av den populære tropen om trollmanns/hekseopplæring, med eit heiderleg forsøk på å gi temaet heksebrenning ein ny og humoristisk vri. Verkar mest av alt som om den ønsker å vere pilotepisoden til ein ny serie.  

**

Skogsheksen Emily drar på fest! av Bekeblob
F/SK

Ein merkeleg liten sak. Viss eg skal prøve å trekke ein konklusjon, vil det bli at dette er eit litterært eksperiment: Kva skjer når ei typisk barnbokheks blir med unge vaksne på fest? Hovudpersonen hevder rett nok at ho er 27, men eg har heile tida ei kjensle av dette er eit amalgam av alle «vesle hekser» som blir dratt inn i ei verkelegheit ho ikkje har føresetnader for å forstå. Resultatet er kleint, og er truleg meint å vere det, men nokre gode replikkvekslingar kjem det ut av det.

**

Mod Fu av Bård Lilleøien
F

Altså, det er Bård Lilleøien, og det er meir av desse små…fiske-froskevesena som har tenna på tørk og berre kan seie ”mod”. Kor irriterande eg enn finner dei, må eg innrømme at dette er godt handverk, og ikkje så dårleg historieoppbygging heller, til å vere mest slapstick med pokemondialog. Strek og fargar er klare og reine, og historia tek nokre ganske uføreseielege vendingar.

**

Dette er vannet av Øystein Runde
SK/F

Ein rikt poetisk (til å vere på berre 24 sider) sak om serieskaparens forhold til to kjenningar – Ein venn som skal til undersøking for kreftgenar, og ei dame som allereie har ein alvorleg og langt framskride sjukdom – ME. Sjølv om han ikkje ein gong har møtt sistnemnte, er det særleg henne vi som lesarar får eit nært forhold til, kjensleladd men elegant, underfundig og trøysterikt skildra. Det kjennest som om Øystein hadde meir han ville seie om saken, men han utnyttar plassen på beste vis.

**

Koret av Kjersti Synneva Moen
F (berre raudt)

Det finst mange snarvegar ein kan nytte seg av for å komme i mål med ein 24 timars teikneserie. Når serien heiter «Koret» og simpelthen handlar om eit kor, seier det seg sjølv at du kan fylle mykje av tekstplassen med song. Men først og fremst handlar dette om karakter. «Koret» er ein kjernesunn lita forteljing om vennskap og mot, fortald i all enkelheit. 

**

Pina Kunstner av Linn Catherin Hansen
SK

Nok eit verkeleg talent som eg prøver å hugse kor eg kan ha sett før. Solid og jamn strek pregar denne forteljinga, sjølv om usikkerheit på sine eigne kunstnariske evner ser ut til å vere hovudtema.  Moglegvis er hovudpersonen ein dyrevesen-avatar av serieskaparen sjølv, der ho stadig blir forfølgt av den store, plagsame Skamma, manifestert som ei hårete, svart kjempe. Ei kjempe som det skal vise seg at ikkje berre ho, men også serien og dens bodskap, har eit overraskande tvitydig forhold til.

**

Klovnekongen III av Magnus Ruud (usignert)
SK

Som sagt finst det mange snarvegar for å gjere ferdig ein 24 timars teikneserie. Ruuds snarveg er å lage ein tungt dialogfokusert serie med konturfigurar og mange identiske bakgrunnar (eller ingen bakgrunnar i det heile tatt). Når så mykje er sagt prøver han faktisk å variere bakgrunnane, og dialogen, som for det meste dreier seg rundt språk og kultur, er til dels stimulerande.

**

Til pass av Ola Lysgaard
F

Ola Lysgaard nytter sine tekniske ferdigheiter til å lage eit svært profesjonelt utsjåande og visuelt unikt produkt. To…figurar møtest på ein fest og pratar om laust og fast, mest om jobbane sine. Det er mykje meir underhaldande enn de høyrest til, fordi Lysgaard også er ein kreativ dialogsnikkar.

**

Orkidébarn av Anne Sæbjørnsen
F

Eit av dei få reine kunstbidraga til årets 24H (nokre år har slike utgjort opp mot ein tredjedel av bidraga). Og denne er ikkje spesielt utfordrande, for å vere ærleg, meir lettfatteleg poetisk og estetisk behageleg.

**

Men vi venter på de vises sten av J. Anker Larsen og Stian Tranung
F

Stian Tranung følger ein rett nok original oppskrift han har brukt før: Gå tilbake i litteraturhistoria og lag ein noko surrealistisk teikneserie rundt dialog- og monologstykker frå ein gamal tekst. Og behald den gamle rettskrivinga. Denne gongen tek han utgangspunkt i J. Anker Larsens De vises sten. Den visuelle presentasjonen er spennande, men igjen fungerer serien hovudsakleg som ei øving til eit større prosjekt, utan substans i seg sjølv.  

**

حيوان منوي («sperm animal») av Ida Eva Neverdahl
F

Ida Neverdahl utforskar igjen seksuelle tema med mykje raudt i. Variasjonen denne gongen er at serien denne gongen har mindre fokus det reint seksuelle, og gir oss forteljinga om ei løpsk sædcelle sin litt uvanlege veg mot å bli til eit menneske. Alt fortald med arabisk dialog (men sjølvsagt treng ein ikkje å kunne skjønne teksten for å følgje handlinga). Neverdahl utfordrar oss, truleg veldig bevisst, til å godta utganspunktet som ein rørande hyllest til både livet og fridomen. Det hjelper at bidraget er så gjennomført og konsekvent styggvakkert i forma som ein kunne vente av akkurat denne serieskaparen.


Les andre saker om 24H her:
Rapport frå Bergen 24t i 2017
Anmelding av Bergen 24t 2017
Anmelding av hefta frå Oslo 24H 2019
Anmelding av Bergen 24t 2019
Sak om Oslo 24H 2021
Anmelding av Bergen 24t 2021

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.