For kvart år som går blir Bergen 24t-boka ein stadig meir verdifullt publikasjon for ei stadig meir usynleg grasrot i norske teikneseriar.
Bergen 24t 2023 samlar igjen alle bidraga frå den årlege 24 Hour Comics Challenge i Bergen. I år har samlinga eitt bidrag mindre enn tidlegare, men elles lovar utvalet godt for interessa og forståinga for teikneseriar hos studentane ved fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen. Av 12 bidragsytarar er 9 nåverande studentar ved fakultetet.
Denne solide, årlege trykksaka er ein av veldig, veldig få attverande norske antologiar. Desto meir grunn til å etterlyse liknande samlingar av Oslo 24H Challenge frå år til år, men det er vel ein god grunn til at dei manglar. Kanskje blir dei alltid trykka som fanziner fordi utøvarane tener meir på eit slikt direktesal?
Som observert også i fjor er Bergen 24t blitt mindre sjangerdominert og meir variert, sjølv om high fantasy er ein sjanger som framleis går igjen.
Antologien startar bra med «Treet» (sjå forsidebilete) av Elin Bjørnå, ein klassisk fabel om eit lite tre (skjønt eg kan ikkje slutte å tenke på det som ein lauk) i ein skog. Forteljinga er full av kjensler og symbolikk, men bodskapen er ikkje for tydeleg; fint med fablar som let deg tenke litt. Klare, animerte linjer og glade fargar er også eit pluss.
Bidraget (ingen tittel) til Ellen Louise Thomassen er den rake motsetnaden til «Treet» på dei fleste måtar – Ein klaustrofobisk grøssar i grått og svart med eit opplagt poeng. Skjønt, den grafiske framstillinga av sluttpoenget er så slåande at eg tilgir klisjeen. Streken er også klar og konsis. Rett nok gjer Thomassen det litt lettare for seg sjølv ved å teikne alle figurane i ansiktslause vernedraktar, men nokre lure løysingar skal ein kunne tillate seg i ein 24 timars teikneseriemaraton.
Alt i den tredje historia (ingen tittel) av Erle Yrvin får vi noko meir eksperimentelt, ei ordlaus soge om to kritfigurar som beveger seg gjennom eit minimalistisk, urbant nattlandskap. Ikkje mykje skjer, men teiknaren fyller sidene med ei truverdig visuell overtyding, og resultatet er opent for tolking.
Hanne Hauges bidrag (ingen tittel) er derimot ordrik og konkret. Ho har lage ei veldig heilskapleg historie om ein forsmådd influensar. Poenget er heil føreseieleg, men ideen og gjennomføringa held eit høgt 24t-nivå. Dessutan står det respekt av at Hauge tydelegvis har handskrive all teksten.
«Trippel-shot» av Ida Ones er et første bidraget som ikkje gir meg noko. Her er det berre tatt legge vegar, med heilside etter heilside i grov og enkel strek, og eit uinteressant «overraskings»-poeng.
Serien til Julia Luzon er ein liten manga (ingen tittel), og ein fin studie i korleis ein på kreativt vis kan lage noko innhaldsrikt på 24 timar. Streken er tynn, mange sider er den på basalt skissenivå, men med mykje handling og detalj, og det har ein klar narrativ funksjon å variere tjukkelsen på linjene
Lars Erik Helgemo har som vanleg levert ein historie av jamn kvalitet. «Pernille og barbaren» er ei fantasyforteljing med fine linjer, spennande layout og ein ikkje for føreseieleg historie. Også Marion Høydal har laga ei fantasyforteljing, «Stjernefanger» (som ser ut til å handle om akkurat det tittelen seier). Eg måtte dobbeltsjekke at ho ikkje har vore med før, for ho har ein god rutine. Berre fråværet av fargar i dei siste tre sidene røper at ho hadde det litt travelt. Teikningane er, om enn varierte, så mykje meir statiske enn t.d. Helgemo, men ho er på rett veg. Nynorsken i historia treng ein språkvask (sjølv tittelen røper at ho ikkje har eit så godt grep om den nynorsken som ho har valt å bruke), sjølv om eg skjøner at språkvask ikkje kan prioriterast under ein 24t.
Ein må nytte de variantane ein kan finne på når ein teiknar en 24t-serie. I «Solnedgang/Solppgang» av Mira Foust er ei utelukkande grafisk forteljing om eit solvesen og eit månevesen som står opp kvar på sin kant – dvs. frå kvar sin ende av teikneserien, og møtast mot midten til ein piknik. Den nærast dadaistiske serien er uspennande i forhold til meir Fousts meir stemningsfylte og forlokkande «Dream Catcher» frå førre boka, men teiknaren får i alle fall vist at ho har litt kunstarisk breidde.
Regine Toften Holst har bidratt med eit nytt kapittel om Ella, som vanleg, og akkurat som Helgemo hevar ho det generelle nivået, både teknisk og narrativt. Ella har for lengst blitt variasjonar over tema og lite anna, men høgt adrenalinnivå og uføreseieleg absurd humor kan du alltid stole på at ho tilbyd.
Scott Bodin bidreg med «Fisker’n». Igjen har han produsert ein Kittelsen-aktig naturmytisk, surrealistisk studie med lite historie, men mykje visuell kraft. «Fisker’n» er full av intensitet og sterke fargar. Kva dei enn lærer han på KMD (han går der ennå) har gitt resultat, for dette ser også langt betre ut enn Bodin sitt bidrag frå førre boka. .
«Jante på låven» av Thondiv Ela Calip. Kva skal eg seie om denne? Den ser ut som den kunne vore teikna av en elleveåring, men verre er det at det følast som den er skrive av ein elleveåring også. Tittelen er eit ganske bra ordspel, ikkje minst fordi ein i historia kan knyte det opp mot «bygdedyret», men som satire på janteloven er den ganske enkelt for dårleg gjennomtenkt. Eg kan ikkje riste av meg kjensla av at «Fisker’n» hadde vore ein meir passande serie å runde av antologien med.
Bergen 24t 2023
Av diverse. Redaktør og forord: Are Edvardsen
320 sider
349 kr.
Überpress
Les andre saker om 24H her:
Rapport frå Bergen 24t i 2017
Anmelding av Bergen 24t 2017
Anmelding av hefta frå Oslo 24H 2019
Anmelding av Bergen 24t 2019
Sak om Oslo 24H 2021
Anmelding av Bergen 24t 2021
Anmelding av hefta frå Oslo 24H 2022
Anmelding av Bergen 24t 2022
Anmelding av hefte (eit utval) frå Oslo 24H 2023