Til lags åt alle kan undergangen gjera.

Ikkje rare undergangen alt i alt, men med tredje bindet av «Floke» står Ida Neverdahls tolking av norrøn mytologi generelt, og ragnarok spesielt, igjen som unik innan eit velbrukt tema.

Ikkje at det er nokon konkurranse – i alle fall ikkje ein som går på tid – men først i mål av alle dei nye, norske, grafiske romanseriane for barn («genker») som har oppstått sidan Nordlys: Floke av Ida Neverdahl.

Serien hadde moglegvis ikkje fordel av å debutere samstundes med ein annan teikneserie om norrøn mytologi generelt og ragnarok spesielt, nemleg Odins Helgheims…vel, Ragnarok. Ida Neverdahls godlynt burleske strek og Samlaget som utgjevar kunne ikkje på alvor konkurrere med Helgheims manga-action-estetikk og Egmonts PR-apparat. Ikkje at den ga inntrykk av å prøve, heller. For både Ida og Floke er veldig mykje sin eigen ting.

Floke skil seg også frå dei fleste andre grafiske romanseriar av denne sorten ved at den gir ei kjensle av at serieskaparen eigentleg ville lage dette som ei enkelt bok. Det overordna plottet er, trass i alle omvegar, tett. I så fall var det like greitt at ho enda opp med tre bind i staden, for ei meir komprimert eventyr hadde neppe hatt så mange artige og typiske Neverdahl-detaljar som gjer serien til kva den er.   

I tredje bindet er Floke og følget hans endeleg framme i Åsgard, der dei prøver å åtvare ein noko surrete Odin om den føreståande undergangen. Då dei ikkje får han til å høyre på dei, reiser dei til dvergane for å få smidd om sverdet sitt til eit som passar han betre. Den som har følgd med på Flokes interesser og personlegdom, kan nok gisse kva slags våpen det blir, og korleis han endar med å redde verda.

Reisa er meir interessant enn målet, og slik bør det vel også alltid vere i ein god teikneserie. I denne finaledelen av soga om Floke er det mange små detaljar som gjer serien verdt å lese, som portretteringa av Odin som ein gamal livsfjern frikar, sekvensen i Mimes brønn, og den passeleg «metal» dobbeltsida frå ragnarokslaget. Igjen, og heilt til det siste held serieskaparen fram med å demonstrere og gjere nytte av si grundige research på norrøn mytologi.  Når Soppbein legger an på Frøya, til dømes, blir han angripe av to kattar.

Men dei beste ideane brukte nok Ida Neverdahl opp i bind ein og to, og «Verda ende» handlar for det meste om å slå i hel litt tid før den lukkelege slutten. Kanskje i overkant lukkeleg; alle blir forsona, alle tilgir eller blir tilgjevne, noko som rett nok er i tråd med serien pasifistiske grunntone.     

Av bikarakterane kjem Soppbein best ut av finalen. Han har mest å gjere, og har til slutt vel så mykje personlegdom som Floke sjølv. Derimot enda Trolljenta, som eg frykta, opp med å ikkje gjere noko viktig eller morosamt i den tredje boka. Eitt kapittel (i bind to) i rampelyset var alt ho fekk. Ho får ein liten og forsøksvis inspirerande tale i bind tre, men eigentleg er det skrale greier. Vi får ikkje ein gong vite om ho nokon gong fann ut at Floke er eit menneske

Men det stilistiske står alltid igjen hos Ida Neverdahl, når alt anna er vurdert. Med eit kunstarisk uttrykk som ikkje lar seg imitere – den lett surrealistiske leireaktige skjønnheita hos både figurar og omgjevnader, understøtta av genuint uventa og ofte bisarre narrative innfall – har Ida for alltid satt sitt merke på norrøn mytologitolking. 


Floke 3 – Verda ende
Av Ida Eva Neverdahl
152 sider
299 kr. (veil.)
Det Norske Samlaget

Trond Sätre er 1. konsulent ved arkivverket og redaktør for Serienett

Les også:
Anmelding av første boka
Anmelding av andre boka

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *