Sjølv når ho famlar litt har Ida Neverdahl meir kontroll enn dei fleste, i andre boka om Floke.
Floke Skrufsson held fram si reise for å redde verda frå Ragnarok. Og så mykje kan eg seie med ein gong, at dersom du ønsker meir fokus på verifiserbar informasjon om norrøn mytologi, vil du bli gledeleg overraska over bind to. Neverdahl presenterer ganske store mengder av dei mest komplekse og absurde aspekta ved mytologien («Kan ikkje noko vere normalt her!», tenker hovudpersonen ved eit høve) på ein måte som er både kjapp, kompakt og forståeleg for barn. Mykje av det er typisk påklistra eksposisjonsprat, men serieskaparen veit korleis ho han kompensere for dette med humor. Dessutan tek ho seg framles store fridomar med mytologien, også.
Men før Floke kan oppfylle skjebnen sin, må han gjennom eit par folkloristiske riker. «Inn i Skrømtskogen» er den offisielle tittelen på andre Floke-boka, sjølv om turen gjennom nemnte skogen kanskje er det minst viktige kapittelet i sagaen så langt. Han møter Nøkken og dei vagt definerte «underjordiske» men det verkar mest som serieskaparen berre kryssar av på den same sjekklista som nesten alle norske serieskaparar, forfattarar, dramatikarar, osb. bruker når dei lagar historier om norsk folketru.
Floke si ferd gjennom trollfjella er derimot både av ei viss betyding for sagaen som heilheit, og inspirerer i mykje større grad Ida Neverdahl til å setje sitt eige særpreg på folketrua. Alle trolla viser seg å vere forsteina for lengst, bortsett frå ei ung jente – vennleg men hemnlysten på menneskeheita – som har budd der åleine heilt sidan. Ein litt finurleg detalj er at nasen hennar er forsteina, noko som underforstått forklarer kvifor ho først ikkje sansar at Floke er eit menneske (omgrepet «det luktar kristenmanns blod!» hadde kanskje ikkje gitt like god meining i eit univers der det er dei norrøne gudane som faktisk har skapt verda).
I andre halvdelen av boka er Floke og trolljenta framme i dei mytologiske rika, og då handlar det mykje om at Floke må temje Fenrisulven , meir eller mindre med hjelp frå trolljenta pluss Ratatosk og eit par andre dyr som kanskje eller kanskje ikkje kjem frå norrøn mytologi. Deretter bærer det til Jotunheimen for å forhandle med Sutr. Etter kvart flyter forteljinga ut, og det kjennest ikkje som om Ida Neverdahl har like mange og solide idear å halde det gåande med som i første boka. Men sjølv i mindre inspirerte augneblink har ho meir fantasi og originalitet enn dei fleste serieskaparar.
Ein slags raud tråd følgjer ho dessutan med suksess. I kvart kapittel møter Floke eit monster eller anna uvesen, som viser seg å vere ganske grei når det kjem til stykket, men som har ei mørk side også. Slik går boka med mykje variasjonar over tema, og ikkje alltid så føreseielege utfall.
Litt problematisk er det likavel at Trolljenta etter introduksjonen gjer lite av seg. Særleg fordi ho i motsetning til mange av dei andre karakterane ikkje berre er ein mytologisk vits, men faktisk har litt personlegdom. Ein må gå ut frå at ho blir viktig igjen ein gong i bok tre. Enn så lenge er ho mest haleheng i andre halvdelen av bok to.
(Utilsikta ordspel…fordi…vel, ho har hale..)
Og det kjem ei tredje bok. Eg hadde ikkje venta det, men igjen har serien nok potensial til at ein oppfølgjar er velkommen. Floke får ikkje den same oppbackinga frå forlaget som blir Egmont sine bokseriar til del, og den har nok ikkje same kommersielle nedslagsfeltet som desse. Men nå som eg definitivt kan kategorisere Floke som ein fullgod bokserie i moderne norsk teikneseriekulturs forstand, kan den anbefalast som eit friskt og vitalt alternativ til bestseljartitlane.
Floke 2 – Inn i Skrømtskogen
Av Ida Eva Neverdahl
152 sider
299 kr. (veil.)
Det Norske Samlaget