Stødige steinalder-strekar

Steinalderserien FRNK kan fort kome til å lokke unge mangafans til å også sjekke ut Asterix og Sprint. Eller Vehlmann & Gazzotti sin «Alene».

Miniforlaget Fontini har valgt å satse på å omsetje ein solid og ny fransk-belgisk serie til norsk. Det er ein strategi som liknar på QlturRebus forlag sin, miniforlaget som til no har gitt ut 13 (!) bind av Gazzotti/Vehlmann sin ALENE. Merk her at både QlturRebus og Fontini har namnet på teiknaren først i krediteringslista. Dette er ein fin måte å anerkjenne teiknaren sitt harde arbeid, men det gjorde også at eg surra litt når eg prøvde finne ut koblingene mellom serieskaparane. For seriane ALENE og FRNK er kobla litt frå same gjeng. Tome, som har skrivi mange strålande Sprint-album, skapte også den bittelitt røffare politiserien SODA, teikna av Bruno Gazzotti, som no teiknar ALENE. Og på det nyaste Soda-albumet er det FRNK-forfattar Olivier Bocquet som skriv og Gazzotti som teiknar, så det er ein liten gjeng.

FRNK er altså eit friskt nytt prosjekt frå folk som er godt etablerte i kjernen av fransk-belgiske seriar. Det betyr handverk som er så solid at det stort sett står på om du er interessert i tematikken eller ikkje. Tematikken i dette tilfellet er «trettenåring frå vår tid fanga i steinalderen». Kan det då gå så mykje feil?

I bok 1 lærer vi at tretten år gamle foreldrelause Frank har budd på barneheim heile livet. På ekspedisjon til skogen der dei ein gong fann han, snublar han gjennom ein tidsportal og endar i fortida.

Der, hos ei passe gjestfri steinalderfamilie, introduserer Frank steinaldermenneska for det nye fenomenet «vokalar». Stnr blir «Steinar», Knz blir døypt om til «Kenza», Brgtt blir «Birgitte», Jl blir «Julie», og han som berre svarer «grrrr» blir «Geir Roger». Alt vel så langt! Blandinga av tøys og drama flyt godt, ikkje minst på grunn av Brice Cossu sine dynamiske teikninger, som ligg hakket meir på den realistiske enden av spekteret til fransk-belgisk komikk å vere. Dei norske bøkene består av to «album» slått saman med harde permar, litt mindre enn originalversjonen, så det vert mykje detaljar og mykje lesestoff.

Bok 2 står godt på eigne bein, men det beste er nok å lese bok 1 først, så ein ser kvar Frank kjem frå.

Boka startar med at Frank prøver finne ut om han vil jakte på dyr saman med si nye familie, eller vere vegetarianar. Den andre halvdelen er om eit lavautbrudd som lagar drama i Frank si storfamilie, og introduserer oss også for fenomen som vaksiner og smitte. Blandinga av humor og drama fungerer fint, nokre av figurane har fleire etasjer enn ein først skulle tru, og dramaet eskalerer i boka sin siste halvdel.

Det tok meg litt tid å plassere FRNK i ein tradisjon. Ein nærliggande serie er kanskje Asterix. Teikningene i Asterix er meir cartoony, og Asterix er faktisk meir historisk korrekt enn FRNK, men viljen til å tøyse er lik. Eg byrja mistenke at første halvdel av boka (altså det som originalt er album 3) opprinneleg hadde blitt publisert sidevis, for kvar einaste side slutta med eit humoristisk poeng. Men dette er visstnok ikkje tilfelle, så eg går ut frå at Bocquet følger den gamle tommelfingerregelen eg har frå Carl Barks (via danske Freddy Milton): Kvar side bør slutte med eit spørsmål eller ein latter. I første del av FRNK 2 velger Bocquet og Cossu som oftast latter, men historia flyt likevel ufortrødent framover som nykokt lava.

Ein ting luggar litt for meg: På eit punkt seier ein steinalderkarakter «check». Sjølvsagt er alt dei seier urealistisk heile tida uansett, men det at ein steinalderperson brått både kunne engelsk OG hadde eit forhold til sjekklister vart litt for mange brot på ein gong.

Ei litt mindre plagsom anakronisme, sidan den virkar meir intendert, er at skurken heiter «Leonardo» og hans sterke hjelpar heiter «Goliat». Skal eg tenke at dei to folka her er grunnen til at «Leonardo» er assosiert med «smart» og «Goliat» er assosiert med «sterk» tusenvis av år seinare? Har det eine namnet vandra uendra til renessanse-Italia og det andre til gammaltestament-Midtøsten? Er det eigentleg lov av meg å verte opphengt i så spesifikke detaljar i ein serie så full av tøys? Det er neppe eit problem for målgruppa, men det kjennest litt distraherande. Samstundes funkar det greitt som ei tydeleg beskjed til lesaren: Len deg bakover, kos deg, og bli med på reisa. Men skal ein ha tøysete namn har eg meir sans for Asterix-systemet, der alle tullenamna på ein måte høyrer til i same «system», og tøyset skjer innanfor strengare rammer (kor mange vitsar kan du lage med namn som sluttar på -ix? Ekstremt mange, tydeligvis).

FRNK er ei blanding av mange ting, men dens klaraste særpreg er miksen av episke historier og teikningar, og absurde vitsar. Dei som likte Tome og Janry sitt Sprint-album «De forbannedes dal» der Sprint og Kvikk endar i ein mystisk dal, vil også finne glede i FRNK. Og så er det jo berre å takke for at det framleis finst forlag som gjer fransk-belgiske seriar tilgjengelege for norske lesarar.


FRNK 2 – Får det hett om ørene
Skrevet av Olivier Bocquet, tegnet av Brice Cossu
Farger av Yoann Guillo
Oversatt av Live Øra Danielsen
128 sider
299 kr. (vegl.)
Fontini

Les også om første boka i serien

1 tanke om “Stødige steinalder-strekar

  1. Husker så godt den stripa da selveste Bybonden 57 kom på besøk. Tror pina meg han lærte de å lage gebiss av eldgamle kaffekanner som han hadde fått av grandtante til bestemora si. En svenske kjøpte gebisset en fredags formiddag. Endte med at beit seg i tunga en dag han satt på dass og dreit noe kollosalt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *