Julehefter 2021 – Disney

Ein skulle tru det var meir enn nok av «offisielle» Disney-julehefter – og det er det! – men me har greidd å grave opp endå nokre til frå kioskhhyllene. Men på toppen tronar den vanlege mistenkte.

Donald – Tidsreisetyven
Kor kan eg begynne å forklare handlinga i årets norsk Donald-julehistorie? Eit kaos av tidsreiser som involverer Donald, Frøken Vable, ein hemmeleg, men lett gjennomskodleg tidssabotør, og sjølvsagt Onkel Skrue. Barks-kontinuitetsparade og nostalgi for det bejubla 2013-heftet ligg som ein tjukk glasur over det heile.  Eit klassisk døme på kva som skjer når du let så mange kokkar rote rundt på kjøkkenet samstundes. Både Arild Midthun, Knut Nærum og Tormod Løkling er involvert på manus.

Ikkje overraskande er resultatet er likavel både smartare og meir underhaldande enn det aller meste av årets Disney-jul. Og Arild Midthun får verkeleg utfolde seg grafisk med den ville historia. Kvar rute er som eit lite kunstverk. (TS)
5

**

Klassisk Donald Duck – Julenummer
Heftet “Klassisk Donald Duck” har tatt på seg noko av identiten til Hall of Fame serien, berre utan dei lange artiklane, idet at det serverer hefter fokusert på ein enkelt klassisk serieskapar kvar gong, med det resultat at ein får veldig mykje bra serier, om enn ikkje av dei nyaste.

Akkurat dette heftet er fokusert på Daniel Branca. ein av desse flotte faste teiknarane som Donald-heftet hadde som jamnt og trutt leverte i ein veldig Barks-nær teiknestil. Der er òg mange gode klassiske forfattarar,  inkludert Donne Avenell, Werner Wejp-Olsen og faktisk ei historie med manus av Håkon Åsnes òg.  Det vert det jul av.

Der er julehistorier, Magica,  Pengebingekatastrofe og andre klassiske Barks-riff i desse historiane,  aldri heilt på Barks-nivå, men aldri langt under heller.

Ein verkeleg god Donald Juleteikneserie, absolutt å anbefale. (KRK)
5

**

Carl Barks’ Jul
Der er ein lang historie i dette heftet, den klassiske “Jul i Pengelens”. Det er juletema, tilbakeblikk til Skrue sin eigen historie, pengebingetrøbbel og Barks minnar oss om at der finnast folk som er fattige og trengande sjølv i jula. Fattige som Barks framstiller med humor,  omtanke og verdigheit. Det er ikkje utan grunn at dette vert rekna som ikkje berre ein av dei beste julehistoriane til Barks, men ein av hans aller beste nokonsinne.

Dette er ei historie som ofte vert trykt om att, og for samlarar så vert det kanskje litt for ofte, men for dei som leser dette heftet for første gong, så vil eg tru at det er verdt det at det kjem attende sopass ofte. 

Dette må ein ha, viss ein har nokon i huset som ikkje har lese den. (KRK)
6

**


Donald Duck & Co – Julehefte 2021
Donald-hefta er velsigna med ikkje berre eit solid A-lag, der ein i Noreg plasserer serieskaparar som Carl Barks, Don Rosa, William Van Horn, Marco Rota og Daan Jippes og sjølvsagt vår eigen Arild Midthun (laglista varierer sjølvsagt etter kven ein spør) , men eit veldig godt B-lag.

Årets DD&Co. Julehefte har solide julehistorier av Rodriguez, Vicar og Branca, lette og handlingsfylte 10-sidarar med Donald i tullete og fornøyelege situasjonar. Igjen, eit godt Donald produkt  på eit veldig saftig samansett Donald-julebord. (KRK)
4



**


Donald Ducks Julehistorier
Kvart år har det kome eit hardcover Donald-Pocket med italienske historier, oftast ikkje av dei mest kjende av dei italienske pocket-teiknarane, men over 200 sider med julemoro.

Litt som Walt Disney’s Jul så er det her ein del fokus på biroller. Newton, nevøen til Petter Smart, Svarte-Petter, Mikke Krim, Unge Donald etc.  Ein ser ofte at der er eit tydeleg skilje mellom dei som leser heftet og dei som leser pocketene, enkelte likar ikkje dei italienske pocket-seriane og enkelte føretrekker dei.

Dette er definitivt juleutgivinga for dei som føretrekker pocketene, som seg hør og bør. Underhaldande, litt variabel kvalitet på teiknarane og forfattarane, men nok gullkorn til at det er veldig gøy lesing. (KRK)
4

**

God Jul, Donald (Donald Pocket Spesial 5/21)
Eller som ein òg kan kalle det :Donalds Krimgåter Julepocket.

Vi har fått mange Detektiv Donald historier dei siste åra, etter at Arild Midthun og Gunnar Staalesen lagde “Minute Mysteries” med Donald (ein genre starta av Harold Austin Ripley ein gong før 1932, då første boka med samla mysterier vart utgitt) av same typen som Mikke Mus hadde gjort ein periode.

Eg veit ikkje om det var dei som starta Detektiv Donald-konseptet, men dei har levert noko av det beste i serien som etter kvart vart til “Donalds Krimgåter”-heftet her i Noreg.

Over halvparten av pocketen her er ferske Detektiv Donald av veldig dyktige italienske teiknarar og forfattarar, dei fleste over det nivået ein finner i det månadlege Krimgåter-heftet, så her har ein verkeleg levert ein saftig julebonus. Av dei andre historiane så er rosinen i pølsa for meg “Agent Guffen” historien av multitalentet Corrado Mastantuono. (KRK)
5

**

Disneys Julaften -Frå alle oss til alle dere
Poenget med dette utvida heftet er å gjenskape innhald og atmosfære frå den tradisjonelle Disney-kavalkaden på julaftan. Treng me noko sånt lenger? Det har for lengst begynt å gå inflasjon i julaftans Disney-kavalkadar både på tv og i bladform. Innhaldet er noko annleis frå i fjor, med ein komplett teikneserieversjon av «Tornerose» som hovudoppslag, men igjen er det snakk om flate, uinspirerte adapsjonar, både i strek, fargar og manus.

Eitt artig lite grep bidreg likavel til variasjon og styrkar heilskapsinntrykket litt: Bakerst finner vi ei handfull faksimilar av gamle julehistoriar (prosa) frå veldig, gamle Donald-blad. Det smakar meir av nostalgi, ja. (TS)
3


**

Walt Disneys Julehefte
WDJ er 20 år i år, og det kan ikkje vere tvil om at heftet har funne si nisje og sin misjon i markanden, nemleg å presentere raritetar frå Disneys rikhaldige og globale teikneseriearkiv til samlarar og nysgjerrige. Variasjonen er stor, også i årets hefte, men ingen av historiane er til nokon reell inspirasjon eller glede, alt er gløymd med ein gong. Aller best er streken til Julio Poqui på Storeulv og Maximino Aguilar på Mikke Mus. (TS)
3

**

Donald Duck – God gammel årgang
Al Taliaferro hadde sine lyse augneblink, og kunne nokre gonger bygge opp til kløktige, overraskande poeng i søndagssidene sine. Men stort sett går det i litt meir føreseielege vendingar der situasjonskomikken som leder fram mot eit poeng er meir underhaldande enn avsluttinga. Så også i årets Taliaferro-hefte. Det er ein humorform som kjennest veldig forelda, om det nå er godt handverk, og som vanlig er «God gammel årgang» det minst interessante Disney-heftet. (TS)
3


**

Donald Duck & Co – Jul på 70-tallet
Desse julebøkene er vel det fremste beviset på at idekassa er tom. Ta alle desemberutgåvene frå ein gitt årgang av DD&C, side for side, annonser og konkurransar inkludert, og samle dei i eit eige «julehefte». I praksis er vel dette «Donald Duck – De komplette årgangene» julespesial. På toppen av alt er vi nå kome til 1978, noko som betyr at du kan få kvart blad i denne samleboka for 10 kroner stykket på finn.no.

Nore lyspunkt finst det likevel når du plukkar fire Donaldblader frå seint 70-tal. Den fantasifulle Barks-julehistoria «Rakettstekt kalkun» er inkludert, og eg falt for føljetongen «Reinsdyr i fleng», der Donald og nevøane må levere varer for Onkel Skrues arktiske landhandel, sjølv om den heilt manglar nokon vri eller subversjon. Redaksjonen har også tillete seg litt «juks» for å få med ein komplett Mikke Mus-føljetong av Paul Murry. (TS)
4

KRK = Knut Robert Knutsen
TS = Trond Sätre

1 tanke om “Julehefter 2021 – Disney

  1. «Redaksjonen har også tillete seg litt «juks» for å få med ein komplett Mikke Mus-føljetong av Paul Murry. (TS)»

    Mikke Mus-føljetongen du snakker om her er ikke tegnet av Paul Murry, men av Murry-etteraperen Tello (https://inducks.org/story.php?c=D++4588). Egmont instruerte Mikke-tegnerne som jobbet for dem på 70- og 80-tallet om å basere seg på stilen til Murry, ettersom hans strek den gangen var ansett som «standarden» for Mikke Mus på samme måte som Barks var standarden for Donald.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *