Dei «gode gamle» har sikkert godt av litt fornying, men nyvinninga Larris julehefte skuffer stort.
Dei klassiske norske teikneserie-julehefta strekker seg attende til slutten av 1930-talet og ut 1940-talet, ganske mange av dei starta av Jens R. Nilsen, og i det vi kjenner som det «klassiske» julehefte-formatet, ca 6 ruter på kvar side, utan bobler og med tekst under.
Etter alt å døme så var jo desse veldig populære den gong, og dei har halde det gåande i opptrykk. Eg skal ærleg innrømme at formatet ikkje er ideelt for meg, sjølv om eg vaks opp med det og er godt van med det. Trass det så ser eg kvalitetane i mykje av det gamle materialet, som ein vaksen lesar med ei aning nostalgi.
Der dei eldste hefta sjølvsagt var nye i si samtid, og eventuelle opptrykk var nært på, så er gapet mellom nytt og gamalt materiale vorte meir og meir merkbart, til det punktet at skilnaden er påtakeleg.
Nostalgien er ein del av opplevinga her, så korleis ser då desse klassikarane ut i år?
**
Nr 91. Stomperud
Håkon Aasnes har i ei god stund vore “Juleheftekongen” i norske teikneserier. Stomperud har han berre halde på med ei stund no, og har levert ein oppdatert og velfungerande Stomperud som blandar dei gamle vitsane med litt meir moderne delar av militærlivet.
Årets hefte har slike slagere som feltøvinger og manøver og diverse forviklingar med sjukdom, unnasluntring og folk som snakkar seg inn i pinlege situasjonar, men mest interessant er vel at der dei siste åra hintast kraftig om litt fortgang og utvikling i forholdet mellom Petra og Stomperud.
Humoren i serien er vel meir traust og velkjent enn moderne og skarp, det er vel som forventa. Likevel så var der stader at det skurra litt, som ein plan om å rigge ei badstue slik at kvinnelege situasjonar skal kome løpande ut nakne. Det ender jo ikkje slik, ting går gale som vanleg (eg ville ikkje køyrd ein spoiler her viss det ikkje var viktig for mitt poeng), men berre det å la 91 og 87 finne på noko slikt i 2021 virkar noko tonedøvt.
Dei er ikkje heltar akkurat, men sjølv om dette var slik som vi lo av på 1980-talet fordi der var ein slags “Meh, damene er med på spøken” haldning, så bør vi kunne sjå den andre sida av det no. Det er ikkje noko som heilt øydeleggjer, men det skurrar og får denne sekvensen til å verke som meir “gamaldags” humor enn resten av heftet.
3
**
Tuss og Troll
Nytt:
Espeland og Aasnes presenterer to korte og sjarmerande nissehistorier, vakre og sentimentale, men meir stemning enn noko med eit poeng. Sveen og Emberland har ei “Heim til Jul” historie med eit ungt flørtande par ved eit folkemuseum. Greit nok presentert, men det virkar meir som ein intro til ein lengre historie. Ikkje noko som verkeleg trekker.
Gamalt :
Det som de bør kjøpe heftet for er Farestveit og Sanden sine to flotte eventyr «3 sitroner»” og Oskeladden på Fanteholmen. Desse er vakre, spanande, morosame og spenstig fortalt, sjølv om det er i klassisk format.
4
**
Smørbukk
Nytt:
Håkon Aasnes leverer ei flott historie om forviklingar kring ein jolefest i bygda og sal av jolehefter. Litt vell påtakeleg at dette opplevast som om det ikkje føregår i 2021 men for ganske lenge sidan. Det har vel vore slik at desse historiane er meint å føregå “i dag”, i vår samtid, men for meg opplevdes det rett og slett ikkje slik. Der er mykje bra forviklingar og mykje som skjer, så det er nok til at ein henger med, men ikkje noko som ein trenger å lese om att.
Gamalt :
Dette er Farestveit og Sanden sitt julehefte frå 1971, Der Trond og Smørbukk får mykje løye ut av eit gamalt bjørneskinn som Trond har fått med seg frå Tromsø. Den eine fantastiske og morosame situasjonen avløyser den andre, og eg sat som fjetra gjennom heile. For meg så var dette absolutt eit høgdepunkt i juleheftebunken.
5
**
Vangsgutane
Nytt:
Ivan Andreassen teikner som vanleg, og sjølv om eg ikkje var heilt overtydd når han først begynte på serien så har eg blitt van med han no, og synast at stilen fungerer. Ole Mikael Nilsen tek over som forfattar etter den spektakulære avrundinga sist gong. Vi får eit stemningsfullt og skummelt mysterium som har ei solid episode-avrunding og ei framspegling til at der er meir ved mysteriet (som er bra sidan der er ein del ting vi ikkje har fått svar på). Spanande og velkonstruert, det einaste negative er at det er eit år til neste episode.
Gamalt :
Halse og Nilssen fortel om forviklingar i snøen og ei Oslo-reise om sommaren, og her er stappfullt av spanande og vittige situasjonar og fornøyelege karakteraugeblikk. Spesielt Oslo-reisa er verdt å få med seg.
Som alltid ein veldig snill serie, men absolutt eit av dei beste Vangsgutane-hefta på ei stund,
5
**
Larris
Nytt:
Det er Knut Anders Løken som står for det meste av tekst og teikning i Larris’ aller første solohefte nokonsinne. I enkle trekk: Larris vert liggande sjuk hos Hallstein Breiset, bygdas rikaste mann, etter ei ulukke, og etter kvart vert det ekstra skumle forviklingar kring nokre framande «damer» som kjem til bygda. Og hovudpersonen hamnar i mykje trøbbel på vegen.
Det er ikkje uvanleg at “antagonistar” i teikneserier får prøve seg åleine, ofte med litt meir nyansar i framstillinga, tydelegare motiv og ei oppleving av seg sjølv som “helten” i eiga historie, sjølv om dei framleis er “skurkar” eller til naud anti-heltar. Larris, derimot, vert framstilt her med mindre omtanke enn i dei gamle hefta, i ein historie som er meir ein pastisj over Larris på sitt minst interessante. Der var potensiale i å vise Larris som hovudrolle, men det vart fort forspilt.
Intriga er femti-talls komikk, men ikkje på ein positiv retro-måte. Eg høyrde om Larris-prosjektet for lenge sidan, og håpte det skulle verte bra, men det er det ikkje. Manuset er svakt, teikningane er skisse-aktige og rotete komposisjonar der ein ikkje har den kjensla av plass og miljø som Vangsgutane elles var kjend for. Til og med tekstinga har ein del skjemmande amatørfeil. I forordet så vert det trukke fram at ein las grundig korrektur på nynorsken, men eg tenkjer: Om ein berre hadde levna ti minutter til å sjekke typografien.
Dette er dårleg. Larris fortener betre og vi som lesarar fortener betre. Larris er òg meir sympatisk som antagonist i Vangsgutane-heftet. Les det i staden.
Gamalt :
Der er 9 sider med klassisk Vangsgutane av Halse og Nilssen, og det er det einaste som er verdt å lese i heftet. Vi får ein god og nyansert presentasjon av Larris, og Halse viser oss ein Larris som vi kan forstå, vi kan sjå kvifor han er som han er, vi kan ha sympati for han, og det er ein tankevekkar at ein serie frå 1943 kan vere så meir forståande for ein unge med tydeleg ADHD og PTSD frå ein valdeleg og vanskeleg oppvekst enn ein frå 2021.
Smaken av klassisk Larris viser oss kva vi IKKJE fekk med 2021-Larris og får hovudhistorien til å sjå enno verre ut.
1 (og då har eg plussa på terningkast 6 for den klassiske historien).
**
Ingeniør Knut Berg
Knut Berg i rommet. Endeleg. Romreisane er vel det mest fascinerande IKB-materialet, og dei fantastiske episodane i dette heftet er litt som tidleg klassisk Flash Gordon, men med litt meir nerdete vitskapspreik, litt færre lettkledde damer og med meir nøytrale teikningar.
I moderne tid så er det nok litt visuelt tamt, og sjølv i si samtid så var den hakket under Buck Rogers, Flash Gordon, Weird Science og diverse Pulp Sci-Fi av Edgar Rice Burroughs-typen på action og interessante ideer.
Likevel, ein norsk klassiker, verdt eit gjensyn, sjølv om det er for dei spesielt interesserte i og med at terskelen for å kome inn i serien er noko høg.
3
**
Jens von Bustenskjold
Bustenskjold er som vanleg solid, klassisk bygdehumor av Sigurd Lybeck, og det er vel teksten som dreg mest. Som alltid godt teikna, og årets hefte viser tilbakeblikk til krigens dager. Sjølvsagt fortalt i etterkant då slikt ikkje kunne skrivast om under sjølve krigen.
3
**
Flåklypa
Flåklypa som teikneserie er ei moderne oppfinning, men figurane og konseptet har lange tradisjonar attende til Aukrust sitt Flåklypa Tidande starta på 1950-talet. Dette er særs påtakeleg i år, då dette er ein oppfølgar til ei historie frå 1959. Derfor er heftet flytta hit
Ah. Den forbudte boka … Haakon Isachsen sitt legendariske nest siste Flåklypa Julehefte med meisterteiknaren Thierry Capezzone, som vart “sensurert” av øvrigheita (helde attende av rettigheitshavarane) frå juleheftesesongen i 2019.
I historia så feirar Flåklypa Tidende 60-års jubileet for då Aukrust først sendte Reodor Felgen & co på “road trip” til Afrika, med ei gjentaking av turen som fort vert avspora på det mystiske og farefulle europeiske kontinentet, inkludert morosame turar til Hamburg og Amsterdam, medan ein kar driver med skumle intriger heime i Flåklypa for å slå kloa i alt Felgen eiger av ymse aktiva og patenter.
Undervegs så parodierer ein så mangt, inkludert store skandinaviske forlag og diverse kjende personlegdomar.
Historia her, i tillegg til å spele opp mot Aukrust sin klassikar, føyer seg inn i rekka av forvirrande humoristiske filmar frå 1950- og 60-talet om reiser rundt om i Europa motivert av ei eller anna reiserute, med store stjerner i små biroller.
Det er ikkje alltid at historia henger heilt på greip for meg, men det er greit, det er jo ein del av genren, at alt skal gå så fort i krappe svinger at ein totalt mistar bakkekontakten. Eg skulle ynskje at denne kom som eit sett med reisebrevet frå 1959, slik at ein verkeleg hadde den som grunnlag når ein las heftet.
Eg er ikkje heilt sikker, utifrå lesinga av heftet, kva som gjorde at det vart utsett, men det er vel òg meininga. Der er mange gode episoder her, viss ein er villig til å vere litt fleksibel på logikken, og det einaste som er feil med Thierry sine teikningar er at mange ruter er så fulle av sprudlande detaljar at dei hadde fortent ei heilside for seg sjølv.
Eg er sikker på at Reodor Felgen ein gong må ha oppfunne ein terning som er slik innretta at viss ein trillar noko anna enn ein seksar, så kjem det ein fot med beksøm ut av sida på den og sparkar ifrå slik at terningen rullar rundt med seksaren opp.
6