Julehefter 2022 – Disney

Onkel Skrue feirer 75 års jubileum i år, og attpåtil har dette ein direkte samanheng med jula! Sjølvsagt må det markerast i julehefta.


Carl Barks’ Jul – Jul på Bjørnefjell og andre historier
Av Carl Barks
36 sider/79 kr./Egmont

Onkel Skrue dukka første gongen i forteljinga ”Jul på Bjørnefjell” frå 1947, altså for 75 år sidan i desse dagar, så det ga seg sjølv kva som ville vere hovudhistoria i årets Carl Barks-hefte. Skrue tilbyr Donald og gutane å halde jul i den velutstyrte fjellhytta hans, men han har eit hemmeleg motiv om å teste motet deira. Onkel Skrue var ikkje heilt ferdig utvikla som karakter ennå, men historia held seg utruleg godt. Den er eit av dei desiderte høgdepunkta i tidleg Barks-produksjon, og favoritten min av alle juleforteljingane hans. Ei meir typisk sentimental juleforteljing frå same perioden, og ein kort Petter Smart-historie med Lille Hjelper i den eigentlege hovudrolla, er med på kjøpet

6


Donald Julealbum – Bortført til Bjørnefjell
Av Arild Midthun m/Knut Nærum og Tormod Løkling
36 sider/89 kr./Egmont

Sjølvsagt måtte årets norskproduserte Donald Duck-julehefte  også har tilknyting til Bjørnefjell. Ikkje at serieskaparane gjer for mykje ut av koplinga til Barks’ før nemnte forteljing, noko som sikkert er like bra. Kontinuitets-frieriet kunne blitt litt for distraherande. Men hytta står der altså ennå, og ei ellevill jakt tek Donald, gutane og ein ambisiøs ung Hakkespett-offiser til kjente traktar på leiting etter Onkel Skrue. Historia er i tynnaste laget, men blir kompensert for av eit særs høgt spenningsnivå, praktfull strek og ein unikt fargerik og vanvitig dialog som eg ikkje veit om Nærum eller Løkling fortener mest av æra for.   

5


Walt Disneys Julehefte – Julen 2022
Av diverse
36 sider/79 kr./Egmont

Og så kjem vi til dei Disney-julehefta der eg som anmeldar helst berre ville resirkulere dei same generelle kommentarane frå år til år. For sjølv om variasjon er mykje av poenget med WDJ, er det også vanlegvis eit av dei mest forglemmelege julehefta, kvart år. Du har Daniel Branca og Tony Strobl og ein veldig tidleg og veldig dårleg Gottfredson-imitator. Frå det utvida Disney har du i tillegg ein av desse multicrossover-julekalenderseriane der det denne gongen er Merlin som må redde jula frå Kaptein Krok (Disneys Merlin kan reise i tid, så det er ein slags logikk i det). Og du har, kanskje for første gongen i dette juleheftet, ein Aladdin-historie. Mykje kuriosa og variasjon, men lite kvalitet, for pengane.

3


Donald Duck & Co – Julen 2022
Av diverse
36 sider/79 kr./Egmont

Sjølv om eg måtte lese gjennom dette heftet to gonger for å huske nokre som helst detaljar frå innhaldet, er nivået kanskje bitt litt høgare enn i WDJ. I alle fall to forteljingar, «Julekulene» og «Juleforberedelser» er ganske forseggjorte. Men det begynner å bli ei stund sida DD&C julehefte hadde noko interessant eller engasjerande å by på.

3


Donald Duck, God Gammel Årgang – Julen 2022
Av Al Taliaferro
36 sider/79 kr./Egmont

Knut Eide har skrive eit veldig generelt forord til dette heftet (i tillegg til eit mykje meir spesifikt forord til Carl Barks’ Jul), noko som tyder på at også han finner det vanskeleg å seie noko særskilt om «God Gammel Årgang»-hefta. Det eg kan seie er at denne gongen er mange av avsnitta frå 30-talet, og då er vi nesten heilt tilbake til starten av Donald Ducks liv i teikneserierutene. For enkelte kan dette vere interessant i seg sjølv, ikkje minst fordi vi får sjå utviklinga mot den Donald vi kjenner utover til tidleg på 40-talet. Det meste er søkt og kjedeleg, men som vanleg så glimtar Taliaferro til her og der.

3


Disneys Julaften – Fra alle oss til alle dere
Av diverse ukrediterte
90 sider/149 kr./Egmont

Nyopptrykk av eit hefte frå 2020 (noko som redaksjonen innrømmer). Eg gir helst ikkje trekk berre fordi noko er ein reprise, ikkje ein gong på noko som er forholdsvis nytt, men dette er latterleg. Disney har haugevis med teikneseriemateriale som kan knytast opp mot noko frå «Fra alle oss…» Kunne dei ikkje i det minste ha plukka ut ein annan filmspesial å trykke i sin heilheit enn «Jungelboken»? (også den frå 2020-utgåva) Men teikneserieadapsjonen av «Plutos juletre» er i alle fall sånn passe.

2


Donald Duck & Co – Jul på 60-tallet
Av diverse
164 sider/169 kr./Egmont

I årets Donaldblad-faksimilespesial har ein gått tilbake til 1965. Konseptet inneber endå mindre kvalitetskontroll enn dei andre antologiske Disney-hefta, men det er to grunnar til at denne skil seg litt positivt ut. For det første inneheld den ein ganske sprelsk Barks-historia som eg ikkje har lest så ofte, «Opp i det blå». For det andre inneheld den to av Kinneys & Hubbards Klodrik-historier, dei som Jon Gisle ga kultstatus gjennom «Donaldismen» (1973). Og apropos «Donaldismen» så er det også i årets «Jul på 60-tallet» første gongen eg kan hugse å ha lest ei historie med Minnis niese Tone, ein figur som blei gjort notorisk gjennom Gisle si bok.

4  



Donald Ducks Julehistorier

Av diverse
264 sider/129 kr./Egmont

I ei brokete bunke framstår Donald Pockets årvisse julespesial faktisk som eit høgdepunkt, sjølv om dei italienske forfattarane og teiknarane ikkje heilt kan måle seg med Barks og norske Team Donald. La oss seie at dette er ein svak femmer mot «Bortført til Bjørnefjell» sin sterke. Det hjelper at den første historia er ein litt interessant vri på Dickens’ juleforteljing med Bestemor Duck i hovudrolla. I denne historia heiter ho forresten konsekvent Elvira, eit namn som blei kanonisert av Don Rosa. Men korleis kan hjartegode Bestemor Duck gå inn i rolla til Ebenezer Scrooge, spør du kanskje. Vel, eg sa det var ein interessant vri.  

Dei lange og nokså ambisiøse historiene med fleire kapittel er i fleirtal. Nest etter Bestmor Ducks juleforteljing er ein lang, intens og litt mørk katastrofethriller med Mikke Mus og Spøkelseskladden bokas beste.

5

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *