Farge- og trøsterik lesing for dei skuleklare

«Une og skolestarten som ikke går helt etter planen grunnet store doser uhell, alvorlige sykkelproblemer og et enormt dyr som egentlig ikke hører til på land» er ein tittel som ikkje berre oppsummerer innhaldet, men også vibben i boka. Dette blir hektisk!

Med «Une og skolestarten» har mi heimbygd Ulsteinvik fått ein serieskapar til: Henriette T. Osnes. Dette gir meg litt habilitets-panikk: Eg vil ikkje vere for snill mot ein allereie suksessrik offentleg utsmykkar/illustratør som no får lage barnebok, men eg vil ikkje overkompensere og bli brutal mot ein ung debutant heller. Og eg er veldig tydeleg ikkje i målgruppa, og har ikkje klart å oppdrive eit konsulent-barn i skulestart-alder. Så eg er redd for å bomme på analysen, men trur eg bør prøve likevel.

Ein venn av meg påpeikte at boka kan tolkast utfrå det ein kallar adferdsanalyse, dvs at barn som er litt nervøse for ein ny, ukjent ting, å starte på skulen, kan lese boka og leve seg inn i Une. Karakteren i boka går gjennom alt mogleg som barnet kan sjå for seg kan gå gale, og så kan lesaren sjå at det går bra til slutt. (Dessutan slenger Osnes på ein blåkval og litt andre absurditetar, for å piffe opp boka).

Une har ein bestevenn som er ei mus, musa heng på i ryggsekken og fungerer som gresk kor. Musa er også Une sin største fan, og diggar alt ho gjer. For meg, som vaksen, blir dette fort litt smør på flesk, då musa fortel kva som skjer samstundes som vi ser det. Men for ein forelder som les serien høgt for barnet, eller for eit barn som treng å lære å dekode “teikneseriemediet” sitt språk med ruter i rekkefølge, trur eg dette er bra. 

Une er nervøs for å kome for seint til første skuledag, så ho syklar på alt ho kan. Faktisk går det så fort at ho syklar på rektor, og rektor må på sjukehus. Katastrofe! Allereie her har ting gått så gale som dei kan. Utan autoriteten til rektor kollapsar skulen raskt til anarki. Une slit også med skam, men har rett og slett ikkje lyst å seie unnskyld. Ho velger difor å skrive eit kort til rektor i staden, eit unnskyldningskort, og eg anar ein ein mild kritikk av politikarar som beklagar seg med utsagn som “jeg beklager at du følte det sånn”. Musa er ikkje kritisk, dog: Alt Une gjer blir hylla som genialt! Det kan vere godt å ha ei sånn mus med seg, om ikkje anna så mentalt. 


Visuelt er boka prega av Osnes sin sjølvsikre strek, klare design og sterke fargar. Den har ikkje klassiske serieruter, men den har fleire “ruter” per side likevel. Den kan dermed lesast som ein teikneserie, men gir eit førsteinntrykk av å vere ei bildebok. Det er kanskje for å ikkje skremme vekk teikneserieskeptiske foreldre (om denslags finst), eller fordi Osnes berre likar det litt massive fargeuniverset ein får når ein åpnar boka.

Une og musa og blåkvalen er fint teikna, men av og til saknar eg detaljar som kan roe ned tempoet litt. Eg blir sendt gjennom historia i forrykande fart, som ei rutsjebane. Dette er nok poenget: Målgruppa er tøffe kundar! Eg lurer på om kvite skillelinjer mellom teikneserierutene kunne separert rutene litt meir og dermed redusert kjensla av at tempoet er litt heseblesande, men det er 1.) pirk og 2.) har truleg blitt testa og forkasta i løpet av prosessen. Pga klare sideoppsett og fargebruk er det ikkje noko problem for meg å sjå kva rute som kjem når, sjølv utan skillelinjer. 


Nokre av sidene er dobbeltsidige oppslag der du må snu boka på sida. Ofte funkar dette fint, og skaper litt “medansvar” for lesaren – å arbeide med er ikkje eigentleg eit minus, spesielt ikkje når historia uansett flyt så godt. Alt i alt trur eg boka vil fungere både som beroligande for barn som treng å distraherast frå skulestartskrekk (kva om du møter ein KVAL!) og som ein ikkje altfor glætt introduksjon til teikneseriemediet. Og Une er ein type entusiastisk og LITT amoralsk helt som opnar opp for samtaler med foreldra, for historia viser at ikkje alle valga hennar er dei beste, trass i at musa heile tida har heia på henne frå sidelinja. Det er også greitt å lære.


Une og skolestarten som ikke går helt etter planen grunnet store doser uhell, alvorlige sykkelproblemer og et enormt dyr som egentlig ikke hører til på land
Av Henriette T. Osnes
299 kr. (veil.)
90 sider
Aschehoug

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *