Julehefter 2024 – Norske klassikarar

I bunken av dei eldre, norske seriane er det avrundinga av eit magnum opus som skil seg mest ut på ein positiv måte. Utanom det er spørsmålet nok ein gong om alt var betre før?

Anmeldarar:
TS = Trond Sätre
KRK = Knut Robert Knutsen
AW= Arild Wærness


Smørbukk
Av Håkon Aasnes (nytt materiale) og Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden (reprisemateriale)
36 sider/89 kr/Egmont og Norsk Barneblad

Poenget med årets nye historie ser ut til å vere det same som i 2019: Alle vil ha slakt til jul, men ingen vil tenke over, langt mindre sjå på, slaktinga. Utgangspunktet er at Smørbukk får besøk av si amerikanske Facebook-venninne Nancy til jul. Ho saboterer ikkje slaktinga av familiens julegris med vilje, men når den rømmer vil ho helst redde den.

Historia vil mykje, men har knappast tid til noko av det. Å trekke inn ein karakter som Nancy i historia er for ambisiøst, og ho gjer eigentleg lite av seg. På eit tidspunkt verkar det til og med som ho prøver å liksom forføre Smørbukk, utan at det følgt opp. Kulturkonsulent Bergh får nokre keisame gjestopptredenar berre for å hale ut tida. Eg let meg ikkje provosere av eventuelle pro-vegetariske bodskap som måtte ligge til grunn, men er skuffa over at årets historie er heller rotete og uspennande.

Halve heftet er som vanleg sett av til Smørbukk frå 50 år sidan, og den historia er betre, men når ein alternerer mellom nytt materiale og reprisar synes eg at samanlagt bør det nye materialet telje for meir – På godt og vondt.

2

(TS)


Tuss og Troll
Av Gard Espeland, Håkon Aasnes, Ivan Emberland og Øyvind Sveen (nytt materiale) og Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden (reprisemateriale)
36 sider/79 kr/Egmont og Norsk Barneblad

Norsk Barneblad har late Øyvind Sveen og Ivan Emberland jobbe med Tuss og Troll ganske lenge før duoen omsider fekk bruke sine sterke sider som forteljarar i dette juleheftet. Eg meiner, den usympatiske måten dei portretterte prinsar og kongar på var som ei bøn om at dei skule få slutte med romantiske eventyr. Til årets T&T har dei laga «Fjøsnissane vender tilbake», eit satirisk og modernisert eventyr som er mykje meir i deira gate. Sveen & Emberland blir stundom vel harde i klypa og litt føreseielege når det skal drive med satire, men her er ideane mange og variasjonen stor.

Den meir erfarne T&T-duoen Espeland og Aasnes har laga eit småkoseleg eventyr om ein nisse på villspor. Historia er i enklaste laget, men utgjer ein fin kontrast til Sveen & Emberlands meir tettpakka kontemporare fabel.

Nissar er altså gjennomgangstema i årets nye seriar, medan den «klassiske» delen består av to lange og innfløkte Askeladd-inspirerte eventyr av godt, gamalt merke.

5

(TS)


Vangsgutane
Av Kjartan Helleve/Ivan Andreassen (nytt materiale) og Leif Halse/Jens R. Nilssen (reprisemateriale)
36 sider/79 kr/Fonna

Handlinga i det nye materialet er nå flytta frå 40-talet til 60-talet, så tidslinja er flytande. Men korleis skulle ein elles få til ei konflikt mellom rockarar og danseband? Interessant historie, men ikkje særleg til intrige, og ein litt overflatisk tidskoloritt. Den gongen då Nils Nordberg skreiv nye Vangsgutane hadde dei i alle litt krim til å skape stemning. Dei gamle historiene (som sjølvsagt framleis er med) er nok framleis tøffast, med eller utan rockarar.

4

(AW/KRK)


Flåklypa
Skrive av Øyvind Sagåsen, teikna av Thierry Cappezzone
36 sider/89 kr/Egmont

Øyvind Sagåsen har ein annan stil enn sin forgjengar på Flåklypa, Haakon W. Isachsen. Plottet er enklare, i alle fall i år, med meir plass til gags og ablegøyer. Men meir enn det, han har fokus på persongalleriet og miljøet. Årets historie er meir som ein stemningsrapport frå Flåklypa enn nokon tett intrige. Hallon Busk er ein stand in-karikatur (av Elon Musk, dersom du ikkje skjønte det berre av namnet) av eit slag vi har sett før i Flåklypa. Veldig lettlese samanlikna med «gamle» Flåklypa julehefte, men eit godt hefte, og framleis eit veldig sikkert innslag i juleheftebunken.

5

(AW/KRK)


Ingeniør Knut Berg (sjå forsidebilete)
Av Øyvind Lauvdahl
36 sider/89 kr/Fonna

Science fiction-klassikaren blei nytolka av Øyvind Lauvdahl i 2022, og det var eigentleg ein liten sensasjon at Fonna engasjerte ein forholdsvis nyskapande serieskapar til å overta ein så tradisjonell serie. Lauvdahl har hatt ei estetisk utvikling over dei tre hefta han har laga, ei som blir veldig tydeleg når vi nå kan sjå alle tre, Lauvdahls Knut Berg 2022-2024 fungerer då også veldig godt som ein samanhengande historie. Den er poetisk og roleg, og bileta gir tid til masse ettertanke. Grafisk er det også design på høgt nivå, i teneste til ein veldig spanande historie. Psykedeliaen slår gradvis inn for fullt.

Det er sjeldan at vi ser ei nytolking som er på same tid både så nyskapande og så respektfull. Ei moderne forteljing, gjort på gamlemåten, og eit storverk som nå burde samlast! Årets hefte er spektakulært, og det aller beste av dei tre, men dei to andre har vore ein veldig fin opptakt.

6

(AW/KRK)



Nr. 91. Stomperud

Av Håkon Aasnes
36 sider/95 kr/Egmont

Det er noko litt fascinerande med ein teikneserie som brukar tre gonger fleire serieruter og fire gonger meir dialog enn noko annan ville brukt på å formidle same vitsen. Litt.

Stomperud er eit av våre mest konsistente julehefte. Det er aldri direkte dårleg, men alltid keisamt. Serieskaparen legger inn nokre tidsriktige element, som kvinnelege rekruttar og det grøne skiftet. men det er også ofte då han bruker dei mest føreseielege poenga. Årets hefte startar t.d. med ei øving der både soldatar og befal berre skal få vegtarkost i ei veke. Når 87 får ideen om å smugle pølser til øvinga i ei kanon, er det heilt tydeleg ikkje meininga at nokon skal kunne bli overraska over kva som skjer.

Den tradisjonelle heimkomsten til jul er ei særskilt slapp affære i år, sjølv om eg forstår at det sikkert er vanskeleg å stadig fornye denne. Men like før blir vi invitert på eit skiløp der Håkon Aasnes slår seg litt laus og teiknar ein veldig Donaldsk bamse. Ei morsom detalj, og ein litt morsom sekvens.

3

(TS)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *