
«Maria fra Magdala» maktar å heve seg over dei mest standardiserte bibelteikneseriane med ei utvida soge om den mest kjente kvinnelege disippelen.
Eg har kome til å assosiere Det Danske Bibelselskap med gode teikneseriebøker. Hovudsakleg er dette takka vere Peter Madsen, som har eit langvarig samarbeid med forlaget. Han fortalde evangeliet i måla teikneserieform med «Menneskesønnen» (norsk utgåve Det Norske Bibelselskap, 2003), og laga den vakre og poetiske «Vingeslag» (norsk utgåve IKO-forlaget, 2020), der han prøver å forklarer pinsen i moderne kontekst. Og endå har han lage fleire teikneseriar med bibelsk eller på annan måte kristeleg innhald enn dei vi har sett på norsk.
«Maria fra Magdala» er også frå Bibelselskabet, men er denne gongen ikkje av Peter Madsen. Boka er eit samarbeid mellom den danske multikunstnaren Kristian Leth og serieskapar og storyboarder Peter Snejberg. Ærverdige Verbum – Norges eldste forlag, og eit anna namn på Det Norske Bibelselskapet – står for den norske utgåva.
Kort sagt fortel boka evangeliet frå Maria Magdalenas ståstad. Maria Magdalena er ein av det nye testamentet sine mest myteomspunne skikkelsar. Nokre gonger blir ho forveksla med kvinna som Jesus redda frå å bli steina i Johannes 8,3-11. Ein annan vanleg oppfatning er at ho var prostituert. Bibelen stadfester ikkje noko av dette, så teikneserien har ikkje tatt det med. Det som Bibelen verkar sikker på, er at ho blei disippel etter at Jesus hadde drive sju onde andar ut av henne (Lukas 8,2), og at ho var den første som såg Jesus etter oppstandelsen på påskedagen (Johannes 20,11-18).

Serieskaparen har vald å gjere eit poeng av den førstnemnte forteljinga, som Bibelen sant å seie berre går raskt over. Boka begynner friskt med visjonar av demonar og apokalypsen. Det er syner som Maria har, og poenget er tydeleg å straks gi oss inntrykk av kor herja ho var (for sikkerheits skuld er demonane til og med inkludert på forsida), og kor stort det var for henne å bli helbreda. Noko ho blir i ein enkel samankomst hos Jesus og disiplane på slutten av første kapitelet.
Omtrent halve boka er ganske fri dikting (antakeleg) om Marias familie og bakgrunn, teke med for å gjere historia hennar meir interessant. Mellom anna spelar ein bror av Maria som eg ikkje har funne spor av andre stader, Yosi, ein viktig rolle. Han er den einaste som har trua på at Maria kan bli frelst, og dramaet blir difor endå meir spissa og verkandsfullt når det etter kvart oppstår eit skilje mellom dei. Eit av dei aspekta som teikneserien verkeleg utmerkar seg på, er nemleg å skildre splittelsen kring Jesus i hans eiga samtid.

Jødane ser sefardiske (i tydinga ikkje-europeiske) ut, noko som resulterer i eit underforstått og litt snedig poeng tidleg i historia. Yosi overtalar den skeptiske Maria til å oppsøke ein angjeveleg profet, og denne ser ut som vi tradisjonelt tenker oss Jesus: Litt lysare i huda, langt hår, kledd heilt i kvitt, og talar med milde, løfterike ord. Men når Maria legger fram si sak blir han brått svovelpredikant og fordømmer henne i dei kraftigaste ordelag. I ein teikneserie som elles behandlar temaet sitt med djup alvor vil eg tru det er med glimt i auget at serieskaparane innleiingsvis leiker med forventningane våre på den måten
Andre halvdelen legger elles mest vekt på å formidle evangeliet. Historieforteljinga blir difor tett og litt hektisk når serieskaparane skal prøve å få med så mykje som mogeleg av talane, mirakla og andre aspekt ved Jesu virke. Mot slutten føler eg at dei kunne fått meir ut av påskeevangeliet, som er veldig viktig både i teologien og i forteljinga om Maria. Teiknaren Snejberg prøver i alle fall variere vinklingar, lys og landskap så det ikkje blir alt for mange scenar på rad med berre snakkande hovud.

Snejberg er ingen Madsen, han manglar sistnemnte sitt særpreg, og ikkje minst djupn. Men stilen hans er moderne og teknisk dyktig, og påverka av arbeid han har gjort for store amerikanske (DC, Dark Horse) og fransk-belgiske (Le Lombard, Dargaud) forlag, så han får jobben gjort. Eit par ting utmerkar han seg på; først dei innleiingsvis skrekkinngytande visjonane, dernest på å lage eit overtydande tidsbilde av dåtidas Judea, med urbane og rurale landskap som kjennest levande.
Fordelen med å lage ein bibelteikneserie frå Maria Magdalenas ståstad er at Bibelen tilskriver henne få direkte sitat, så forfattar Leth har hatt større dikterisk fridom, sjølv i dei delane som følger evangeliet. Eg meiner på ingen måte at ein teikneserie som dette kunne eller burde utvatne bodskapen, og det føler eg då heller ikkje at den har gjort. Men eg opna denne boka med eit håp om å få nye aspektar og tolkingar, lagt på ein teologisk grunnmur som står fast. Og det føler eg at eg fekk, særleg i første halvdelen, men også delvis mot slutten. Sjølv om «Maria Magdalena» som sagt kunne gjort endå meir ut av høgtida som vi straks er inne i.
Velsigna påske!

Maria fra Magdala
Skrive av Kristian Leth, teikna av Peter Snejberg
Omsett av Magne Tørring
116 sider
299 kr.
Verbum Forlag