
«The fool, the absolute mad woman» er ein thriller med stil og sensualitet som dreg lesaren inn.
Alea blir avstandsforelska i ei kvinne ho ser i byen. Ho støter på den mystiske framande kvinna mange stader, men tør ikkje ta kontakt. Ei venninne spår Alea med tarotkort og ho trekk «Narren» som kortet som handlar om framtida hennar. Narren, eller The Fool nemnd i tittelen, representerer nokon som ikkje veit kor vegen fører hen, men er villig til å ta sjansen på å finne ut kva som kan skje. Tidlegare har Alea studert det okkulte og ho går i gang med å finne ut kor vegen fører ho. Ritualet ho gjennomfører har uante konsekvensar for både Alea og kvinna.
Historia mellom Alea og Kaitlynn verkar i starten som ei normal kjærleikshistorie, med tradisjonelle stevnemøter som å gå på kafe, tur i parken, shopping og å måle på keramikk saman. Men etter kvart blir det tydeleg at både Kaitlynn og Alea har kvar sine mørke hemmelegheiter og at dei ikkje er eit så tradisjonelt par som det ser ut til.

Vivian Nguyen går under brukarnamnet LaweyD på sosiale medier, har laga det ho kallar ein lesbisk thriller, og brukte Kickstarter for å finansiere ei fysisk utgåve av teikneserien. Den blei fullfinansiert på under 24 timar og fekk inn totalt 9 gongar så myke pengar som var nødvendig for å få gjennomført prosjektet. For dei som ikkje er så bevandra i Kickstarter-verda, så er dette imponerande og gode tal. Ho er ein av fleire som sjølvpubliserer på denne måten, mellom andre har Jens K. Styve gjort det same med Dunce på engelsk.
Teikneserien har ikkje så mykje tekst, så mykje av handlinga skjer i illustrasjonane og i små detaljar. Det gjer at lesaren må lese begge deler for å få med seg handlinga, og gjer kanskje at ein uerfaren lesar vil slite litt. Teikneserien er verdt «arbeidet» med å lese den, det er godt å bli utfordra litt.

«The fool, the absolute mad woman» er illustrert i svart, kvitt og gråtonar som i tradisjonell manga. Det betyr ikkje at teikneserien følgjer andre av manga sine mange «reglar». Eit vanleg grep er å bruke mørk tusj og tydelege linjer rundt kvar karakter og elementa i ei rute, men Nguyen brukar mest korte og lette blyantstrekar og det gir ein nydeleg flyt til både illustrasjonane og historia.
Eg frydar meg over det illustrasjonane i denne serien, kor sensuell ein hals og rygg kan bli i serieskaparens strek. Stilen, det visuelle og den sensuelle portretteringa av kvinnene, drar tankane mine til moteteikningar frå 1950- og 1960-talet. Det var svært vanleg at ein viste fram nye antrekk i illustrert form, og spesielt illustrasjonar av moteillustratøren Rene Gruau og moteskapar Cristobal Balenciaga har noko av dei same visuelle grepa som finst i «The fool». Om det er dette som har inspirert Nguyen veit ikkje eg, men resultatet er uansett ein vakker teikneserie. Det ser søtt og sensuelt ut, men samtidig ligg det dramatiske og mørke i skuggane og ventar på å tre fram.

The fool, the absolute mad woman
Av Vivian Nguyen
134 sider
€ 12 (digital utgåve, tilg. i mai); € 21 (fysisk utgåve, tilg. i juni)
Sjølvpublisert
Les også:
Hushjelpenes mysterier