Grøssande god!

Sara Hjardar kan i «Mia Myhr og det råtne vannet» bruke alle frøa ho har sådd i dei tidlegare bøkene, med skumle skapningar og kroppshorror (på ein måte).

Mia leitar vidare etter søstra Hanna, som blei kidnappa av Rotheksa i det første bindet. Ho kjenner seg meir heime i Ravnareir, er mindre redd for ting ho ser og opplever. Ekko, ein innfødd som Mia treff i Ravnareir og som no er hennar trufaste følgjesven, sei at han skulle ønskje ho var mindre komfortabel og litt meir redd, som før. Ekko prøvar å støtte Mia medan ho kjempar mot kreftene i kaoskrystallen. Dei er på veg mot nokon Ekko beskriv som ein ven, som kan hjelpe dei å finne Hanna og på vegen dit må dei gjennom det råtne vatnet, eit slags myrområde som er nemnt i tittelen. Om ikkje tittelen gir fullgod meining så er Hjardar forutsjåande nok til å forklare den veldig tidleg i boka. 

Hanna får ei større rolle i dette bindet. Ho har no vore fanga av Rotheksa lenge og tida i Ravnareir har påverka ho. Det tærer på psyken å vere fange lenge og ho prøver å rømme, men blir oppdaga under forsøket. Ho lærer litt meir om Rotheksas bakgrunn.

Det er tydeleg at Hjardar kosar seg veldig med både historia og illustrasjonane. Dei er meir fargerike, utfyllande og får ei anna tyngde. Strekane og fargeflatene er breiare og meir einsfarga, det er litt færre detaljar i bakgrunnen, som om mørkret kjem sigande. Bind 3 hevar grøssarnivået for serien med fleire hakk, og det er ingen grunn til å tru at dette vil avta i framtidige bøker (ytterlegare to bind er planlagt).

I motsetnad til dei andre Nordic Manga-titlane til Egmont (i framtida TnT/Bonnier) held Hjardar seg til eit fåtall av fargetonar i blå, grøn, lilla og rosa. Det er dunklare, meir dramatisk og den indre kampen mellom Mia og kreftene som fins i kaoskrystallen er større. Fargebruken forsterkar det kjenslemessige, det usikre og det utfordrande som kan fins på innsida av hovudet til menneske.

Nokre hint kjem allereie på framsideillustrasjonen, to rosa lys i vatnet under Mias ansikt på, og det gir frampeik om kva som kjem. Det råtne vatnet er både ein fysisk plass, men verkar like mykje vere ein stad for Hjardar til å utforske sjelelivet til Mia. Her blir det psykologiske indre livet utforska, moral, lyster og ukjente krefter kjempar alle om å få ta sin plass. Slik er det nok i røynda for dei fleste menneske, ein kjempar ein indre kamp kvar dag om kva som får styre våre handlingar og livet på «utsida».

Som mange av dei andre NME-skaparane er Hjardar tydeleg inspirert av anime og manga. Kaoskrystallen og Mias indre blir personifisert med ein japansk demon, ein yokai eller kappa. I ei forlatt hytte som Mia og Ekko overnattar i bur ein gjeng med sotdottar, små skuggedyr som er kjent frå Studio Ghibli-filmane «Min nabo Totoro» og «Chihiro og heksene». Og Mia møter også igjen skapningen inspirert av «No-face» frå «Chihiro».

Boka sluttar på ein cliffhanger, på ein definitiv spenningstopp. Denne anmeldaren gler seg allereie til fortsetjinga, og vil tru at mange andre lesarar også ventar på neste bind som forhåpentlegvis kjem til neste år. Hjardar viser gode takter og stor glede i historieforteljinga om Mia.


Mia Myhr (3) og det råtne vannet
Av Sara Hjardar
Etterord av forfattaren
176 sider
329 kr.
Egmont

Les også:
Ei reise i mareritt-blått
Scenar frå ei døyande verd
Mange små tegninger gjør en stor

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *