Ei reise i mareritt-blått

Det er ikkje så vanskeleg å skilje seg ut i den stadig veksande bunken med «nordiske manga»-titlar. For «Mia Myhr og barna som forsvant» hjelper det å ha ein litt grovare strek.

Sara Hjardar, som vann fjorårets «episke» teikneseriekonkurranse er den seinaste av årets fire NME-debutantar. Plottet i hennar første bok er for ein stor del er summert i den fulle tittelen:  Mia Myhr og familien hennar flyttar inn i det gamle huset til bestemora, som forsvann sporlaust nokre år tidlegare. Kort tid etter forsvinner storesystera til Mia og vennene hennar når dei dreg for å bade i eit lokal tjern – Eit tjern som Mia med all mogeleg tydelegheit påpeiker at ho aldri hadde sett før ved innflyttinga, endå ho kjenner omgjevnadene rundt huset godt. Forsvinninga driv Mia ut på ei reise inn i det ukjente.

Seriens berande narrative element er forholdet mellom Mia og systera Hanna. Historia sørger for å utmale dette så tidleg som mogeleg, og med nok djupn og patos til at lesarane har rukke å få eit personleg forhold til begge systrene i det handlinga tek ei klar overnaturleg vending.

Men det er dei grafiske verkemidla som gjer sterkast inntrykk. Sara Hjardar hadde ikkje bestemt seg for å bli teikneserieskapar då ho begynte på sin kunstnariske løpebane, det kom som ein ettertanke. Ein kan nesten sjå det på serien hennar.  Når omgjevnadane ikkje er direkte surrealistiske (det er dei ofte) er dei klaustrofobiske, og kjensla av å vere lukka inne blir forsterka av dei gjentakande fargemotiva i blått og raudt. Tett saman med dette heng sjølve streken. Sjølv om det er mogeleg å sjå manga-estetikk i teikningane, er dei noko mindre glatte enn snittet av NME-seriane. Kanskje skal det ikkje så mykje til for å gjere ein forfriskande forskjell som den vi ser i Mia Myhr.   

Det kan vere litt vanskeleg å slå fast hundre prosent om dette berre skuldast kunstnariske val. Mia ser herja ut gjennom heile historia, men hennar mentale tilstand gjennom det meste av historia kan jo også beskrivast som herja.  Og dei få scenane, mest på starten av boka, der karakterane ikkje ser ut som om dei er i ei tilstand av sjokk eller sorg, har også ei forsiktig «forvridd» kjensle.

Mia Myhr er nemleg også NME sin mest grøssarprega tittel hittil, både i tema og presentasjon, og eit vellukka eksempel på sjangeren innan barne-og ungdomslitteratur. Drygt to tredjedelar av boka går med til å etablere plottet, og til å sende Mia sjølv gjennom eit styggvakkert marerittlandskap. Det første fantasifosteret ho møter, og som vi blei presentert for allereie på permen, er heilt i tråd med landskapet, i si utgrunnelege umenneskelegheit. Skikkelsen sitt avgrensa nærvær («less is more», om du vil) er også eit ypperleg eksempel på korleis ein bruker grøssarelementa riktig.  

Så, omtrent halvvegs i boka, blir vi introdusert for eit anna fantasifoster, Ekko, ein figur som nesten umedelbart går inn i rolla som både vegleiar og komisk sidekick for Mia. Ekko gir boka ein schizofren kjensle, fordi hen representerer eit markant stemningsskifte, men var truleg nødvendig. Ikkje berre som ein plotthjelpar, men også for å gjere historia meir levande. På årets Raptus blei «Coraline» nemnt minst eit par gonger som ei inspirasjonskjelde for Sara Hjardar. I filmversjonen av denne boka blei naboguten Wybie innført for at det ikkje skulle bli for mange scenar der Coraline snakkar med seg sjølv. Noko av den same funksjonen har Ekko her, i ei historie som til dess hadde dreidd seg svært mykje rundt Mia eigne tankar om det som skjer.

Til å begynne med sit beretninga nemleg fast i denne tilstanden. Reint emosjonelt er dette veldig verknadsfullt, og gir oss verdifullt innsyn i Mias psyke og karakter, men det er ikkje ei varig forteljarløysing.

Samstundes innebærer den i alle fall tilsynelatande etableringa av Mia og Ekko som eit radarpar ei viss fare for å lette stemninga i dei kommande binda for mykje. Eller kunne gjort det, hadde det ikkje vore for at pendelen liksom svingar tilbake heilt mot slutten av boka, til vi kjem til eit punkt det der blir spennande i seg sjølv å sjå korvidt «Mia Myhr og barna som forsvant» blir meir grøss eller meir fantasy i fortsetjinga. Dermed sit eg igjen med forsterka tru på Hjardars evne til sjangerblanding.


Mia Myhr (bok 1) og barna som forsvant
Av Sara Hjardar
Etterord av forfattaren
170 sider
299 kr. (veil.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.