Etter så mange års utvikling er nettserien blitt ein eigen sjanger, I seg sjølv gjer dette bokutgåva av Opp Ned Sagaen, også kjent som Grapple Seed, verdt å studere og samanlikne med meir konvensjonelt strukturerte teikneseriar.
«Den umulige reisen», samlar dei første 150 sidene av Opp Ned Sagaen (ein tittel heilt utan bindestrek eller ordsamanslåing, sikkert til frustrasjon for meir grammatikalsk orienterte lesarar). Under tittelen Grapple Seed har den gått på nettet i engelsk språkdrakt sidan 2013.
Kva ein elles måtte meine om serien så har den alltid utmerka seg med eit ganske unikt konsept: Handlinga er lagt til ei alternativ verd der tyngdekrafta er reversert. Den støyter frå seg alt anna enn si eiga masse (jord, fjell og vegetasjon), noko som gir landskapet ein surrealistisk Roger Dean-estetikk. Menneska er tvungne til å finne på kreative løysingar for i det heile tatt å kunne bevege seg utanfor sitt eige nabolag. Grovt sett inngår serien i sjangeren fantasy, men fokuset på kvasi-vitskap og alternative teknologiske løysingar gir den ein slags likskap med steampunk-sjangeren. Kanskje vi kan kalle det gravity punk?.
Dei første 50 sidene av Grapple Seed kom ut som album på norsk, med originaltittelen, i 2016. Visse endringar er gjort i den nye utgåva, først og fremst med innleiinga. Der den opphaveleg gjekk ganske rett på sak med premissen, har den nye begynnelsen fått ein meir snedig symbolmetta og mindre direkte opning, då sagaens hovudperson, Turner, fangar eit lauvblad av ukjent opphav. Grunnen til at Turner synest lauvet er så viktig, er at det representerer ein ukjent fauna, og dermed også symboliserer utferdstrongen hans. Ein trong som av naturlege grunnar er vanskeleg å få utløp for i hans verd.
Men hell i uhell fører til at han får sjansen då vasshjulet i Rotstokk, heimbyen hans, blir øydelagt, i ein scene der øydeleggingane er blitt meir tydeleggjorde i den omteikna versjonen. Utan vasshjulet har Rotstokk verken straum eller infrastruktur, men Turners far har beleilig nok jobba med ei alternativ kraftkjelde. Men han er på reise i hovudstaden, og sit moglegvis fast. Turner melder seg – sjølvsagt – frivillig til å bruke klatreutstyret for å dra og finne han.
Scenane frå Turners besøk i hovudstaden er også delvis omteikna. Dette for at Turner skal bruke litt meir tid og krefter på å finne faren, noko som gir scenen meir truverdigheit (og gir teiknaren høve til å eksperimentere litt med perspektiv og sideoppbygging). Men den viktigaste grunnen er at serien vil gi meir merksemd til Issadora, Turners jamaldrande kompanjong, Ho dukka opp i den første utgåva også, men i ettertid har det heilt tydeleg vore eit bevisst val å gi henne ein meir framskoten plass. Dynamikken mellom dei to er arketypisk, men den breiare intrigen hindrer den i å bli klisjéprega
Issadora er dottera til ein rådmann i hovudstaden, ein detalj som ikkje kom fram i albumet, men som er viktig her. Den utvida soga har nemleg også nokre politiske analogiar, i debatten om kva ein skal gjere med hulemonstera kjent som snuffgruffane. Mogelege økologiske fordelar setjast opp mot behovet for å «ta folks frykt på alvor». Parallellane er lette å sjå.
Eg vil elles legge til at «snuffgruff» ikkje er ei heilt heldig omsetjing av det engelske namnet, «armole»; det norske ordet er simpelthen for komisk til å passe inn i den tentativt seriøse konteksten.
«Snuffgruff-debatten» er sentral i bokas andre halvdel, men i den grad den fungerer som eit historieelement, er det fordi den likevel ikkje er for dominerande. På godt og vondt er ikkje «Opp Ned Sagaen» så fokusert i plottet som den er i premiss. Og her er vi inne på det eg nemnte innleiingsvis om nettseriar som format. Nettseriar kan gjerne ha ein klar plan frå begynnelse til slutt, men freistinga er alltid der til utnytte mangelen på tids- og plassavgrensing til å ta avstikkarar og feste seg ved detaljar som serieskapar(ane) følte for den dagen. «Opp Ned Sagaen» opptrer som det siste, der den har blitt oppdatert sidevis i nærmare åtte år. Etter kvart resulterer dette i ei ujamn spenningskurve som ikkje kjennest fullstendig naturleg i bokform. Sjølv når soga har kome til eit slags vendepunkt der det ville naturleg å avslutte boka, held den fram med eit lite «ekstraeventyr» avslutningsvis.
Eddie Jensens strek har ikkje utvikla seg merkbart i teikneseriens lange produksjonstidsrom. Eg har tidlegare omtala serien som eit veldig Cartoon Network konsept, med perfekt stiliserte figurar i klare og skarpe digitale fargar, og dette forblir ein veleigna formel, også når soga tek meir alvorlege vendingar. Betydinga av skuggelegginga er også verdt å framheve i ein serie med eit så ibuande klaustrofobisk konsept. Berre nokre få gonger innimellom blir illustrasjonane merka av «slitasje» i form av nokre stive og todimensjonale scenar med for lite skugge.
Eg unner Heggenhougen og Jensen det potensialet får større eksponering som ei bokutgåve gir. Dei har ambisjon, originalitet og ein forfriskande unorsk strek. Samstundes teikner «Den umulige reisen» eit bilde av ein serie som nyaste betre i jamne dosar på nettet. Noko eg fekk mistanke om også då eg las albumet i 2015. Med ein publikasjonsfrekvens på, tja, kvart fjerde til sjette år, er «Opp ned Sagaen» i bokform heller ikkje tilpassa forventningane til dagens serielesande barne- og ungdomspublikum.
Håpet er vel kanskje heller at boka skal skaffe dei fleire lesarar på nettet, nokre av dei kanskje til og med betalande.
Opp Ned Sagaen – Den umulige reisen
Av Håvard Heggenhaugen og Eddie Jensen
158 sider
299 kr.
Überpress
Les også:
Intervju med Heggehougen og Jensen
Anmelding av «Grapple Seed»-albumet